Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 20. januar 1999 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Karin Andersen (SV): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke,- utdannings- og forskningsministeren:

«På tross av sterkt fokus i Oppfølgingstjenesten på å få ungdommene raskt tilbake til skolen, lykkes dette sjelden. En forskningsrapport fra FAFO viser at bare hver tredje ungdom i undersøkelsen hadde fått dokumentert kompetanse fra videregående skole. Mange var uten tilbud.

Ser statsråden behov for å utvikle mer arbeidsrettede tilbud for å unngå varig utstøting og at flere tiltak må ha sterkere fokus på arbeidsliv enn på skole?»

Statsråd Jon Lilletun: Etter innføringa av ei oppfylgingsteneste med Reform 94 står det no eit breitt fylkeskommunalt apparat klart for å fylgje opp ungdom som har rett til opplæring, men som ikkje har søkt eller teke imot opplæringsplass, eller som har slutta midt i skuleåret. Oppfylginga skjer gjennom personleg kontakt med den unge, kvart skuleår. Dette er ei stor forbetring i høve til dei såkalla gamle dagar, som i vidaregåande opplæring vert definert som tida før Reform 94.

Tal frå oppfylgingstenesta viser at i europeisk målestokk har Noreg ein liten del elevar som fell utanfor det vidaregåande opplæringssystemet. Forskinga i samband med innføringa av reforma teiknar eit bilete av ei teneste som for det meste verkar etter intensjonane, men som enno klart kan forbetrast. Representanten Karin Andersen sitt spørsmål gjeld eit slikt forbetringsområde: kombinasjonen av arbeid og opplæring.

Evalueringa av Reform 94 syner at ungdom som har hatt eit tilbod som inneber ein kombinasjon av arbeid og opplæring, oftare har halde fram i vidaregåande opplæring enn ungdom som har gjort noko anna, anten dei har gått på skule, hatt praksisplass, hatt vanleg jobb eller berre gått heime. Arbeidsmarknadsetaten er derfor ein særs viktig samarbeidspartnar. Det er fylkeskommunen som gjennom oppfylgingstenesta skal sikre det tverretatlege samarbeidet mellom dei kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa.

Ikkje minst gjeld dette samarbeidet med arbeidsmarknadsetaten. Evalueringa av Reform 94 viser at mens arbeidsmarknadsetaten ventar at skulen driv differensierte, individretta opplegg slik at fleire ungdomar kan nyttiggjere seg skuletilbodet, ventar leiinga i oppfylgingstenesta at arbeidsmarknadsetaten relativt raskt kan stille med kvalitativt gode praksisplassar. Eit godt samarbeid mellom fylkeskommunen og arbeidsmarknadsetaten om oppfylgingstenesta er eit kriterium for å lukkast i arbeidet med å formidle tilbod til dei unge. Eg vil derfor ta initiativ til eit møte med Arbeids- og administrasjonsdepartementet for å drøfte samhandlinga mellom oppfylgingstenesta og arbeidsmarknadsetaten, slik at det offentlege systemet kan fungere godt i høve til oppfylgingstenesta sine intensjonar. Eg syner elles til stortingsmeldinga om erfaringane med Reform 94, som Stortinget vil få til våren.

Departementet har òg gjennomført eit større forsøk med delkompetanse for dei ungdomane som har problem med å nå full kompetanse. Resultata av forsøket er gode, og departementet vil arbeide aktivt vidare med denne saka, m.a. har vi nær kontakt med partane i arbeidslivet for å opprette eit nytt tariffområde. Eg er overtydd om at den kompetansen ein tileignar seg som er annleis – den er kalla delkompetanse, men vi bør finne eit nytt namn – må òg kunne gje eit stempel som igjen gjev ein arbeidsplass, og da må vi ha eit tariffområde. Det har vi nær dialog med partane om. Eg håpar at vi snart skal kome i mål her, og då vil den delen av arbeidet kunne intensiverast.

Karin Andersen (SV): Jeg takker statsråden for svaret, og også for at han ser at det kan være behov for et møte departementene imellom for å forsterke samhandlinga enda mer. Det syns jeg er jeg er positivt.

Ut fra det svar som ble gitt på et spørsmål som jeg stilte i stad, til arbeids- og administrasjonsministeren, viser det seg at for å komme i betraktning når det gjelder ungdomsgarantien i arbeidsmarkedsetaten, må en ha vært uten tilbud i seks måneder – og det er lang tid for en ungdom. Jeg var en sterk tilhenger av Reform 94, men jeg er veldig redd for at det skal bli en skoleplikt, og ikke en skolerett. Jeg er opptatt av at vi skal stille opp med andre tilbud og få vekk den veldig sterke fokuseringen på skole også i oppfølgingstjenesten, slik at man faktisk får individrettet tilbudet. Vi kan komme tilbake til det i forbindelse med evalueringa, men jeg har lyst til å understreke at det er viktig at ungdomsgarantien fortsatt skal ha de to beina å stå på, nemlig skole og arbeidsmarked.

Jeg kunne da tenke meg å spørre statsråden om denne oppfølginga som nå skal skje fra departementenes side, kan resultere i tiltak før vi får evalueringa opp i Stortinget.

Statsråd Jon Lilletun: I og med at evalueringa kjem no, rundt påsketider, trur eg at det vi må kunne ha som målsetjing, er å finne grep som vi kan presentere i denne meldinga. Å få det i gang før det, trur eg er vanskeleg.

Eg ser veldig tydeleg representanten Karin Andersens engasjement og har sjølv doble tankar i forhold til dette. Vi har fått eit system der alle kan kome inn i vidaregåande skule, og det har gjeve oss ein oversikt gjennom m.a. oppfylgingstenesta. Men det er klart at vi har lett for å verte så «skulske» i dette at det vert nokre, 0-10 pst., eller liknande, som kan falle ut, og derfor er det heilt maktpåliggjande å klare dette. Då treng vi å samarbeide. Eg må berre erkjenne at der har vi framleis ein monaleg veg å gå. Eg skal prøve å bidra til at den vegen vert skikkeleg, men det er mange uløyste oppgåver som ligg framfor oss her.

Karin Andersen (SV): Stortinget gikk et lite steg på den veien i går når det gjaldt kompetansereformen. Stortinget burde ha gått et steg til og lovfestet den individuelle retten til videregående opplæring. Da hadde vi kunnet få bort den hysteriske fokuseringen som det nå er på at disse 16-19-åringene på død og liv skal tilbake på skolebenken i en periode der de kanskje er lite motiverte, og der motivasjonen for skolegang kanskje blir ødelagt for mange år framover. Jeg tror vi må se på, slik FAFO-rapporten gjør, at grunnen til at en slutter på skolen, ofte er at en mistrives der, mislykkes – og så er utstøtingsmekanismen kanskje i systemet. Troen på at vi er så like alle sammen at den strukturen som vi har fått nå, passer alle, har ikke jeg, og det skjønner jeg at heller ikke statsråden har. Men ser statsråden, som jeg, at det å få lovfestet en individuell rett til videregående utdanning uten krav til en spesiell aldersgruppe hadde vært en løsning på dette problemet?

Statsråd Jon Lilletun: Det var eit ganske intelligent spørsmål. Det kan godt hende at det isolert sett hadde løyst noko av dette problemet, men eg meiner at vi må ha definert betre både organisatoriske grep og omfang før vi lovfestar den retten. I utgangspunktet har jo Regjeringa ei plikt overfor fylkeskommunen til å tilretteleggje for vidaregåande opplæring, og eg trur at summen av kompetansereforma vil kunne gje oss gode hjelpemiddel her. Eg trur at vi treng ein del meir kunnskap før vi går det skrittet som representanten Karin Andersen her ynskjer at vi skal gå, og gjev derfor ikkje det svaret som ho ynskte i dag. Men eg reknar med at representanten Andersen kjem tilbake ved eit seinare høve.

Presidenten: Det trur nok presidenten òg.

: