Stortinget - Møte onsdag den 13. januar 1999 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 18
Einar Olav Skogholt (A): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Når vil Regjeringen legge fram forslag om IT-utdanningstilbud for funksjonshemmede ved Høgskolen i Hedmark, Rena?»
Statsråd Jon Lilletun: Spørsmålet om etablering av ei treårig informatikkutdanning for rørslehemma studentar ved Høgskolen i Hedmark har vorte grundig utgreidd av fleire regjeringar over fleire år. Ulike organisatoriske løysingar og fleire lokaliseringsstader er diskuterte. Dei ulike modellane som er utgreidde, er svært kostnadskrevjande og kompliserte med omsyn til pedagogisk og teknisk tilrettelegging. Vidare føreset dei omfattande omsorgs- og pleietenester.
Økonomisk er det problematisk å gje klarsignal for det foreslåtte utdanningstilbodet på Rena innafor det stramme budsjettet som Stortinget har vedtatt for i år. Kostnadene er svært store, og tilbodet må m.a. vurderast i forhold til behov og ynske om betre tilpassa tilbod for andre grupper funksjonshemma. Tilbodet vart konkret vurdert i prosessen fram mot statsbudsjettet utan at vi fann det mogleg å prioritere det.
Eg vil òg nemne ein annan reservasjon mot dei framlagde planane. FNs standardreglar for like rettar for menneske med funksjonshemmingar slår fast at ein primært bør gje funksjonshemma studentar gode tilbod innafor ordinær høgre utdanning.
Eg ynskjer å arbeide i tråd med dette og er derfor i tvil om det er rett å satse på utbygging av denne typen kostnadskrevjande og «skreddarsydde» tilbod med eigne studentmiljø for funksjonshemma studentar.
Med bakgrunn i slike vurderingar er eg, slik eg ser det no, ikkje innstilt på å gå vidare med etablering av eit eige IKT-tilbod for funksjonshemma på Rena i tråd med framlagde planar. I staden ynskjer eg å vurdere på kva andre måtar ein kan imøtekome behovet hos funksjonshemma for både IKT-utdanning og andre former for høgre utdanning. Eg vil med det aller fyrste ha eit møte med FFO og Sosial- og helsedepartementet for å drøfte desse spørsmåla nærare. Målet må vere å kome fram til forslag som er brukarvennlege, som inngår i ein heilskapleg strategi for satsing på funksjonshemma i høgre utdanning, og som kan gjennomførast innafor realistiske budsjettrammer.
Høgre utdanning er eit satsingsområde i Regjeringas handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001. Frå 1999 er t.d. universitet og høgskular pålagde å utarbeide eigne handlingsplanar for funksjonshemma studentar. Minimum 5 pst. av institusjonane si løyving til vedlikehald skal nyttast til å leggje bygg og lokale til rette for funksjonshemma studentar.
Utdanning er eit viktig verkemiddel for å inkludere funksjonshemma i samfunns- og yrkeslivet. Eg vil derfor prøve å styrkje innsatsen på dette feltet. Utdanningar som er baserte på eller retta mot informasjons- og kommunikasjonsteknologi, kan opne fleire dører inn mot yrkeslivet for fleire grupper funksjonshemma. Utdanningstilbod innafor IKT for funksjonshemma studentar bør ikkje avgrensast berre til rørslehemma, men bør også omfatte t.d. syns- og høyrselshemma og personar med lese- og skrivevanskar. I lys av dei store kostnadene knytte til tilrettelegging av slike studietilbod er eg m.a. oppteken av å få vurdert korleis vi på best mogleg måte kan nytte og vidareutvikle eksisterande ressursar i form av økonomi, kompetanse og infrastruktur.
Einar Olav Skogholt (A): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er glad for at høyere utdanning er et av satsingsområdene i Regjeringens handlingsplan for funksjonshemmede 1998-2001. Jeg er også glad for at universiteter og høgskoler er pålagt å utarbeide egne handlingsplaner for funksjonshemmede studenter. Men for en del funksjonshemmede er det helt nødvendig med spesiell tilrettelegging for at de i det hele tatt skal kunne ha muligheter til å gjennomføre sine studier. Norges Handikapforbunds Ungdom har i årevis arbeidet med å utarbeide et opplegg for denne gruppen, med bl.a. bo- og servicetilbud. Det er dette opplegget som gjør tilbudet kostnadskrevende. Det er ikke tenkt at dette skal være et særtilbud undervisningsmessig sett, men et integrert tilbud. Jeg synes det er oppsiktsvekkende at statsråden etter så mange års behandlings- og vurderingstid vil underkjenne forslag til undervisningsopplegg framlagt av interesseorganisasjonene til brukerne. Ser ikke statsråden at det vil være behov for et slikt opplegg i tillegg til at universiteter og høgskoler skal arbeide for å tilrettelegge for integrering av funksjonshemmede studenter?
Statsråd Jon Lilletun: Slik eg sa, og som spørjaren òg kommenterte no, har det vore arbeidt med dette svært lenge, og det er grunn til å merke seg at verken dei to førre regjeringane eller denne så langt har funne den endelege modellen for korleis ein skal leggje til rette for desse studentane. Det hastar det med å få gjort – det er eg samd med spørjaren i. Vi vil ta dei funksjonshemma sine organisasjonar med på råd – det er grunnen til det møtet som no kjem. Men frå dei òg får vi litt forskjellige signal om kva som vil vere den beste måten å gjere det på for at flest mogleg grupper skal få dette tilbodet. Derfor er det ikkje slik at vi no legg til sides det å måtte ha spesialopplegg. Det kan det godt hende at vi må ha, men det å konsentrere alt på ein høgskule og til nokre typar funksjonshemming, slik dette opplegget gjekk ut på, er vi tvilande til.
Einar Olav Skogholt (A): Jeg er klar over at flere regjeringer har vært involvert i arbeidet med dette utdanningstilbudet, men jeg beklager sterkt at det har tatt så lang tid før man har kunnet imøtekomme et undervisningsopplegg for denne gruppen mennesker, som uten tvil har krav på og behov for et undervisningsopplegg som gir dem muligheter til å skaffe seg studiekompetanse og kunne møte yrkeslivet med tanke på å bli sysselsatt, noe vi alle legger stor vekt på. Mitt tilleggsspørsmål til statsråden vil da bli: Vil statsråden åpne for at Norges Handikapforbunds Ungdom, som har arbeidet med denne saken i mange år, kan få delta i møtet med Sosial- og helsedepartementet og FFO – det møtet som statsråden selv nevnte i sitt svar til meg?
Statsråd Jon Lilletun: Det er alltid hyggeleg å kunne seie ja frå denne talarstolen, og her skal svaret vere klart og utvitydig: Dei skal verte inviterte.