Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 1998 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Aud Gaundal (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til sosialministeren:

«I den senere tid er det kommet frem at antall bostedsløse i Oslo har økt i løpet av det siste året. Dessverre viser det seg at det er svært unge mennesker som representerer den største økningen. Problemene er sammensatte, fordi disse menneskene som oftest både har rusproblemer, mangler arbeid og sist, men ikke minst mangler en plass å bo.

Hvilke helhetlige tiltak kan Regjeringen tenke seg å sette i verk, eventuelt i samarbeid med Oslo kommune, for å gjøre noe med denne utviklingen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Som representanten Gaundal seier, er det samansette grunnar til at folk blir bustadlause. Dette gjer at det krevst både ulike hjelpetiltak og ei heilskapleg tilnærming til problema.

Etter at eg hadde invitert byråd Erling Lae i Oslo kommune, hadde vi i går møte om fleire emne, m.a. situasjonen for bustadlause i hovudstaden. Han orienterte då om dei planane kommunen har for å møta problema for dei bustadlause. Mellom anna vil byrådet i Oslo fremja «sosialt boligprogram» for bystyret i nær framtid.

Eg vil understreka at Regjeringa sin politikk rettar søkjelyset like sterkt mot bustadlause i alle kommunar.

Ein bustadpolitikk der bustadpolitiske verkemiddel blir sette i samanheng med sosialpolitiske verkemiddel, er generelt sett viktig om levekåra for dei svakaste i samfunnet skal kunne betrast. Eg minner om at Regjeringa våren 1998 la fram ei stortingsmelding om bustadetablering for unge og vanskelegstilte, St. meld. nr. 49 for 1997-98. Her er det peikt på at kommunane må laga lokale handlingsplanar som grunnlag for ein heilskapleg politikk for dei som har problem på bustadmarknaden, ikkje minst dei bustadlause. I meldinga blir det òg varsla at kommunane må nytta Husbanken sin kunnskap og stimuleringstilskot når det gjeld å utvikla desse planane. Husbanken kan på grunnlag av desse planane meir effektivt gje tilskot og rimelege lån slik at ein kan få fleire butilbod for vanskelegstilte. Stortingsmeldinga blir handsama av Stortinget i februar 1999.

Kommunal- og regionaldepartementet har i tillegg gått gjennom situasjonen for vanskelegstilte på bustadmarknaden i Oslo med kommunen for å kartleggja problema.

Det synest framleis å vera behov for å styrkja hjelpeapparatet i ein del kommunar, slik at dei kan handtera problemet med bustadlause på ein god måte generelt og i høve til den einskilde. Vi har dette året sett i verk ein handlingsplan for sosialtenesta si 1.-lineteneste, der eit hovudmål er å heva kvaliteten og kompetansen i sosialtenesta sitt arbeid med klientar med samansette behov. Dette gjeld ikkje minst personar som misbrukar rusmiddel og har psykiske lidingar.

Eg vil òg visa til at vi nyleg har lagt fram ei stortingsmelding om rehabilitering, som har fått overskrifta «Ansvar og meistring Mot ein heilskapleg rehabiliteringspolitikk», St. meld. nr. 21 for 1998-99. Her legg Regjeringa m.a. stor vekt på at det skal lagast heilskaplege individuelle planar for personar som treng det. Utarbeiding av slike individuelle planar vil generelt sett òg kunna vera eit viktig tiltak for å førebyggja at den einskilde blir bustadlaus.

Personar utan bustad vil ofte vera blant dei aller dårlegast stilte i Noreg. Det er difor særleg viktig å setja søkjelyset på situasjonen deira. Regjeringa vil ta opp nettopp levekåra for dei bustadlause i meldinga om utjamning i levekår som etter planen skal leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Vi tar der sikte på ein brei gjennomgang av aktuelle tiltak som kan medverka til å førebyggja og minska bustadløyseproblemet. Vi vil m.a. sjå på tiltak som kan betra buevna.

Asmund Kristoffersen hadde her overtatt presidentplassen.

Aud Gaundal (A): Jeg takker statsråden for svaret.

Fra Frelsesarmeen påpekes det at det har etablert seg mer eller mindre en fast gruppe sirkulasjonsbrukere på ca. 100 personer som går inn og ut av botilbud og behandlingsapparatet. Et spørsmål er derfor om det er mulig å etablere mer smidige behandlingsordninger, særlig for de gamle rusmisbrukerne, slik at en i større grad kan konsentrere arbeidet om de unge.

Det er også behov for lavterskeltilbud med bakgrunn i at en del har gjort det umulig for seg å få botilbud over tid og derfor ikke har adgang til aktuelle botilbud i Oslo, og at de etter hvert har etablert seg på svartelister.

Mitt spørsmål til statsråden er: Er dette en gruppe som Oslo kommune anser seg ferdig med? Bør det ikke være muligheter for å få et annet tilbud? Det kan ikke være slik at svartelisting skal gjelde for all framtid for disse menneskene. Hvilke lavterskeltilbud mener statsråden det er mulig å lage, vinteren kan bli kald og lang for en del av de bostedsløse.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Representanten Gaundal tar opp eit viktig, men òg vanskeleg spørsmål. Her finst ikkje enkle løysingar, men det er svært viktig å drøfta ulike tiltak.

Eg er glad for at situasjonen for dei bustadlause er på dagsordenen i mange kommunar, òg i Oslo kommune. Byråd Erling Lae opplyste til meg i går at dei har eit tett samarbeid med Frelsesarmeen. Og det er all grunn til å rosa det engasjementet som Frelsesarmeen har på dette området og òg den avlastinga og det verdifulle supplementet som dei er til det det offentlege kan tilby.

Oslo kommune må kanskje svara for seg sjølv, men så langt eg kjenner til, så ser dei seg ikkje ferdige med spørsmålet. Dei har ein akuttberedskap, og dei har ledige rom pr. dato. Og eg kjem til å fylgja dette nøye framover.

: