Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 1998 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 25
Sonja Irene Sjøli (H): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:
«Folketrygdlovens § 15-5 inneholder bestemmelser om tildeling av stønad til dekning av ortopediske hjelpemidler. For å presisere lov og forskrift har Rikstrygdeverket utarbeidet retningslinjer for tildeling av slik stønad. Frem til mai 1997 ble vurderingen om å gi stønad basert på hensynet til den trygdedes funksjonalitet. Retningslinjene ble da endret. Nå tildeles stønad bare til trygdede med spesifikke diagnoser.
Hvilke vurderinger lå til grunn da Rikstrygdeverket endret retningslinjene?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Ved varige og vesentlege funksjonsforstyrringar i støtte- og rørsleorgana kan det ytast stønad frå folketrygda til naudsynte og føremålstenlege ortopediske hjelpemiddel, som blir rekvirerte av lege.
Forskrift om stønad til ortopediske hjelpemiddel er gitt av Sosial- og helsedepartementet. Forskrifta krev ikkje at brukaren skal ha ein spesiell diagnose.
Rikstrygdeverket har i rundskriv til trygdekontora gitt nærare retningslinjer om praktisering av regelverket. I rundskrivet er det nemnt einskilde tilstandar som ikkje kan sjåast på som vesentlege funksjonsforstyrringar. Dette er gjort både i det siste og i tidlegare rundskriv, så dette er ikkje noko nytt frå 1997.
På grunn av ulik praksis ved trygdekontora gjorde Rikstrygdeverket ein del presiseringar i rundskrivet i samband med innføring av ny folketrygdlov frå 1. mai 1997. Det vart lagt større vekt på at legen må ha ei god grunngjeving for at det er eit behov for det ortopediske hjelpemiddelet. På einskilde område fann Rikstrygdeverket det òg føremålstenleg å gje eksempel på kva diagnosar som vanlegvis fører med seg vesentlege funksjonsforstyrringar, og andre diagnosar som vanlegvis ikkje fører med seg slike funksjonsforstyrringar.
Rikstrygdeverket sitt rundskriv stiller ikkje krav om visse diagnosar. Rundskrivet stengjer heller ikkje ute pasientgrupper frå stønad til ortopediske hjelpemiddel om dei har ein spesiell diagnose. Det er såleis framleis funksjonsnedsetjinga som er avgjerande for om vilkåra for stønad er oppfylte. Ein diagnose kan aldri vere meir enn ein indikasjon.
For å sikra at brukarane får dei hjelpemidla dei har behov for etter gjeldande regelverk, vil eg ta initiativ til at dette kjem klart fram i Rikstrygdeverket sine retningslinjer.
Sonja Irene Sjøli (H): Jeg takker statsråden for svaret.
Høyre tok opp denne saken fordi Rikstrygdeverkets praktisering av retningslinjene for tildeling av stønad til ortopediske hjelpemidler innebar at en rekke pasienter som før har fått stønad til slike hjelpemidler, ikke lenger får det. Mange av disse pasientene må leve med plagene og får en betydelig redusert livskvalitet fordi de ikke har råd til å betale det selv. Dette har vi fått inn flere eksempler på. Jeg er derfor glad og tilfreds med at statsråden nå vil gå inn og se på praksis og retningslinjene og presisere at det er pasientens funksjonalitet og ikke diagnose som skal være avgjørende for tildeling av støtte.
Jeg har tillit til at sosialministeren, siden hun er enig i at det kan være avdekket en uheldig praksis her, umiddelbart vil sørge for at dette kommer til opphør, slik at de pasienter dette gjelder, kan få den hjelp som de har krav på etter loven.
Så igjen, takk til statsråden for et positivt svar.