Stortinget - Møte onsdag den 18. november 1998 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 19
Jan Johnsen (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«I forbindelse med økning på 30 medisinstudenter i Osloregionen pr. år har en arbeidsgruppe i Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet kalkulert en opptrapping av driftskostnadene til 230 mill. kroner og arealbehovet til 6 000 kvm. Helseregion vest har bedt om en tilsvarende studentopptrapping kalkulert til 44,3 mill. kroner, pluss et arealtilskudd på 2,8 mill. kroner.
Vil statsråden sørge for at planene i Oslo ikke båndlegger nasjonale, faglige og økonomiske ressurser i lang tid fremover?»
Statsråd Jon Lilletun: Etter initiativ frå helseministeren sette KUF i vår ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere å gjenopprette universitetsfunksjonen ved Sentralsykehuset i Akershus. Arbeidsgruppa, som la fram ein rapport no i haust, meiner at sentralsjukehuset er godt eigna som universitetsklinikk. Arbeidsgruppa meiner at dersom det skal setjast inn ressursar for at SiA skal bli universitetsklinikk, bør desse ressursane nyttast til å auke det innanlandske opptaket av medisinstudentar.
Arbeidsgruppa har gjort eit framlegg om å auke opptaket med 30 studentar i året. Studieplasskostnadene vil vere om lag 27 mill. kr i året for 180 studentar. Denne summen svarer til det som til vanleg vert løyvt til studieplassar i medisin. Arbeidsgruppa har også gjort framlegg om ombygging og nybygg ved SiA og Universitetet på 6 000 m2. Planen er å ta opp studentar ved SiA i staden for å kjøpe studieplassar i utlandet, slik at det totale talet på studieplassar som vert finansiert over statsbudsjettet, vil vere uendra.
Arbeidsgruppa har i sin rapport vist at dei har vore nøkterne i si vurdering av behovet for personell. Ein del av behovet kan dekkjast av lækjarar som alt er tilsette ved SiA, og lækjarar som vil verte tilsette som ledd i den utbygginga og styrkinga av SiA som i alle høve vil skje i dei komande åra.
Etter Regjeringa si meining vil framlegget frå arbeidsgruppa både styrkje Sentralsykehuset i Akershus og vere viktig for medisinarutdanninga ved Universitetet i Oslo. Vi er også samde om at det er behov for å auke medisinarutdanninga i Noreg. Det er derfor i budsjettproposisjonen for 1999 foreslått 1 mill. kr på Helse- og sosialdepartementet sitt budsjett til prosjektering ved SiA, og Regjeringa er innstilt på å løyve tilsvarande beløp over KUF sitt budsjett til Universitetet i Oslo.
Regjeringa vil kome tilbake til spørsmål om eventuelt å gjenopprette universitetsfunksjonen ved SiA, i samband med budsjettet for 2000. Vi må då prioritere forslaget i forhold til andre tiltak på statsbudsjettet. Vi vil også vurdere om det er mogleg å få til ein noko meir forsiktig opptrappingsplan enn det rapporten gjer framlegg om.
Eg kjenner ikkje til det framlegget frå Helseregion vest som representanten Johnsen viser til, og kan derfor ikkje kommentere dette. Talet på medisinstudentar i Bergen auka i 1996 frå 120 til 150 i året. Hausten 1998 auka talet på medisinstudentar både i Trondheim og Tromsø. Ved NTNU skal det skje ein ytterlegare auke når RIT 2000 står ferdig, og vi arbeider også med å få ein auke ved Universitetet i Tromsø.
Ettersom det synest å vere eit nasjonalt behov for vidare vekst i utdanningskapasiteten for legar, finn eg det ikkje urimeleg at opptakskapasiteten for medisinstudentar også aukar i Oslo. Eg vil sjølvsagt ikkje la dette legge band på nasjonale økonomiske og faglege ressursar i lang tid framover. Eg vil også minne om at tiltaket som gjeld SiA, vil gje ein tilgang på 30 nye legar i året og dermed bidra til å fylle eit nasjonalt behov for fleire medisinarar.
Jan Johnsen (H): Jeg takker for svaret jeg fikk – jeg er vel ikke helt beroliget.
Jeg vil referere litt av et brev som er sendt til helseminister Dagfinn Høybråten og kirke- og utdanningsminister Jon Lilletun fra Helseregion vest. Der står det følgende:
«Det regionale helseutvalet reagerer sterkt på dei framlagde planane om medisinerutdanning i Akershus.
Dette skuldast mellom anna:
Planen er ei grov forskjellsbehandling av helseregionane til fordel for Akershus.
Helseregion vest har utvikla ein plan (150 planen) for utdanning av 150 medisinerstudentar i regionen.
Dette vil koste ca. 1,5 million pr. student, mens Akershus får eit tilbud som er uakseptabelt høgt i samanlikning.»
Brevet avsluttes med følgende:
«Det regionale helseutvalet i helseregion vest bed om at planen vert lagt til side, og at frigjorde ressursar som fylgje av dette vert stilt til rådvelde for andre helseregionar der trongen for helsepersonell er langt større, og der me kan utdanne medisinerstudentar langt meir kostnadseffektivt.»
I avslutningen av sitt innlegg sa ministeren at han ikke ville la økt opptakskapasitet i Osloregionen legge bånd på midler og faglig personell i lang tid framover. Hva mener ministeren med «lang tid» hvis denne planen går igjennom?
Presidenten: Tiden er ute. – Presidenten glemmer helt klokken når hun hører slike utsagn.
Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt i orden frå ministerens side at presidenten gjer det, for eg har i grunnen mykje å svare.
For det fyrste vil eg gje sterk ros til Helseregion vest – fyrst og fremst ved Universitetet i Bergen og dekanus der – for den måten dei har klart å auke medisinaropptaket på, ved å desentralisere delar av studiet. Det er prisverdig, og det har vore sterkt støtta frå både Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Helsedepartementet. Men talbruken her vert ganske meiningslaus, for skulle ein rekne på den måten, måtte ein òg rekne inn det prekliniske instituttet som vi akkurat no byggjer i Bergen for bortimot 1 milliard kr, og som er ein føresetnad for å kunne auke opptaka der.
Det som er poenget, er at vi i dag har eit opptak av norske studentar som studerer i utlandet, av dei ganske mange i Dublin. Det vi ynskjer, er å få dei heim igjen og utdanne dei i Noreg – vi trur det er meir sannsynleg at dei vert verande her då. Derfor har vårt problem dei siste åra vore å få universitetsklinikkane til å ta inn fleire studentar, ikkje det motsette. Eg vil altså sterkt rose Helseregion vest og Universitetet i Bergen, men samstundes meiner eg at her ser ein spøkjelse ved høgljos dag.
Jan Johnsen (H): Jeg takker igjen for svaret. Jeg beroliges litt når det blir sagt at jeg begynner å se spøkelser ved høylys dag – det er iallfall et positivt utsagn, bare det.
Jeg vil avslutningsvis minne statsråden om at det i forbindelse med en stortingsmelding om dimensjonering innenfor høyere utdanning og behovet for økt satsing innenfor IT- og helsefag, gikk ut en pressemelding fra Kirke,- utdannings- og forskningsdepartementet den 15. mai i år. Der skriver statsråden som en avslutningskommentar følgende:
«Det vil framover også vere viktig med ei målretta regional fordeling av studieplassar.»
Jeg regner med at statsråden står for dette og vil sørge for at Helseregion vest iallfall ikke blir den regionen som skal lide for det som det nå legges opp til i Oslo-regionen gjennom denne planen.
Statsråd Jon Lilletun: Det som vart sagt der i forhold til spørsmålet om regional fordeling, var klokt sagt frå departementet og Regjeringa. Det som er leit, er at eit fleirtal her på Stortinget – Høgre og Arbeidarpartiet – sende den tilbake igjen, slik at dette er ikkje Stortinget si utsegn, det er framleis berre Regjeringas. Men dersom berre Stortinget er villig til å fylgje opp same linja som statsråden har lagt opp til her, skal det verte ei god regional fordeling. Ei av ulykkene på 1980-talet når det gjeld medisinarutdanninga, var at vi la ned denne utdanninga ved Lørenskog. Derfor kom vi i dette uføret vi no er i. Eg meiner at det er ikkje ein motsetnad her. Når vi ser på kor mange studentar vi har ute no, og vi tek dei heim igjen, kan vi både opprette utdanning ved Lørenskog og klare å imøtekome det Helseregion vest seier dei har kapasitet til. Så dette vert å sjå over ein del år – og eg trur at vi skal verte ganske samde.
Og så: Eg er veldig glad for oppbakkinga når det gjeld klokskapen i stortingsmeldinga om dimensjonering.