Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 21. oktober 1998 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Ågot Valle (SV): Jeg har følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Regjeringa har stadfestet at kontantstøtte og sosialhjelp skal kunne regnes opp mot hverandre, og at det er opp til den enkelte kommune å bestemme dette. Fra Vennesla kommer nå melding om at man ser en mulighet for å bli kvitt enslige forsørgere som sosialhjelpsmottakere ved at de mottar kontantstøtte.

Mener statsråden at det er et rettferdig prinsipp at kontantstøttemottakere som også har behov for sosialhjelp, skal kunne forskjellsbehandles ut fra hvilken kommune de er bosatt i?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg vil først korrigera at «Regjeringa har stadfestet at kontantstøtte og sosialhjelp skal kunne regnes opp mot hverandre». Regjeringa har sagt at det ikkje er noko i vegen for å gjera dette, men ikkje at kommunane skal ta omsyn til kontantstøtta ved utmåling av sosialhjelp.

Økonomisk sosialhjelp blir gitt til personar som ikkje er i stand til å sørgja for sitt eige livsopphald, og som treng hjelp for å kunna overvinna eller tilpassa seg ein vanskeleg livssituasjon. Det er eit grunnprinsipp i lov om sosiale tenester at sosialhjelpa skal vera subsidiær. Alle andre inntektskjelder skal altså vera utnytta før det er aktuelt å gi sosialstønad. Det finst pr. i dag ikkje heimel i sosialtenestelova til å pålegga kommunane å sjå bort frå visse ytingar når stønad til livsopphald blir utrekna. Sosial- og helsedepartementet har gitt rettleiande retningsliner til sosialtenestelova. Av retningslinene frå 1993 går det fram at det skal gjerast ei individuell behovsprøving i kvart einskilt tilfelle på grunnlag av den økonomiske, sosiale og helsemessige situasjonen til søkaren og familien. I retningslinene blir kommunane oppmoda til å ta omsyn til alle utgifter og inntekter når dei vurderer om ein person har rett til stønad til livsopphald, og ved utmålinga av stønaden. Dersom barnetrygda blir rekna med på inntektssida, skal alle utgifter til forsørging og omsorg bli tatt med på utgiftssida. I tråd med sosialtenestelova og gjeldande retningsliner har kommunane høve til å ta omsyn til at familien får kontantstøtte når dei vurderer retten til sosial stønad og fastset storleiken på stønaden. Dette gjeld også overfor einslege forsørgjarar.

Ut frå gjeldande regelverk som gir rom for skjønn, kan det vera skilnader mellom kommunane både med omsyn til kva for inntekter som blir lagde til grunn ved utrekninga av sosial stønad, og med omsyn til storleiken på den stønaden som blir utbetalt. Dette er ikkje nødvendigvis urimeleg, for levekostnadene kan òg variera frå kommune til kommune. Men Regjeringa ynskjer å motverka urimelege forskjellar mellom kommunane. Sosial- og helsedepartementet arbeider for tida med revidering av dei statlege retningslinene til lov om sosiale tenester. Eit mål for dette arbeidet er felles kriterium som grunnlag for tildeling av sosialhjelp. Ulike spørsmål knytte til nivået på sosialhjelpa vil bli tatt opp i ei stortingsmelding om utjamning av levekår. Denne meldinga skal etter planen leggast fram for Stortinget i 1999.

Asmund Kristoffersen hadde her overtatt presidentplassen.

Ågot Valle (SV): Jeg tolket statsrådens svar dit hen at det faktisk skal gå både vinter og vår – i hvert fall vår – før det kommer klare retningslinjer for utbetaling av sosialhjelp.

Vi er faktisk opptatt av at også denne kontantstøttereformen, som vi i utgangspunktet var mot, når den er gjennomført, skal komme de fattigste til gode. Det er et faktum at de veletablerte og de som har god råd, får 3 000 kr ekstra i måneden dersom de velger kontantstøtte, mens de som trenger økonomisk sosialhjelp for å bedre levevilkårene, avhengig av hvilken kommune de bor i, kan stå i fare for å bli trukket for kontantstøtta – penger som faktisk, det innrømmer vi, kunne ha gitt dem et pusterom som kunne ha kommet barna til gode. Altså: De fattigste blir loppet, som det stod i en Bergens-avis.

Da blir mitt spørsmål: Inntil stortingsmeldinga foreligger, vil statsråden sitte rolig og se på at forskjellene barnefamiliene imellom øker, alt avhengig av hvilken kommune de bor i, og mener statsråden at det samsvarer med de sterke signalene som Regjeringa har gitt, om at den vil gå til kamp mot Forskjells-Norge? Vil statsråden virkelig vente til våren?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er iallfall ein ting eg kan avkrefta med ein gong. Eg sit ikkje mykje roleg og ser på at ting skjer. Det blir jobba med sakene kontinuerleg.

Når det gjeld lovverket her, er det viktig å sjå på det. Det hadde vore enkelt dersom vi hadde visst at alle kommunar hadde det nokolunde likt i dag, slik at det vart gitt dei same ytingane. Men eg trur spørjaren veit like godt som eg at det er veldig store skilnader frå den eine kommunen til den andre. Difor var ein av dei fyrste tinga denne regjeringa greip fatt i, faktisk å sjå på korleis dei som har minst, har det. Vi ynskjer å legge til rette for eit regelverk der det ikkje skal vera store skilnader kommunane imellom.

Som eg sa, jobbar Sosial- og helsedepartementet no med å senda ut nye retningsliner. Vi har faktisk retningsliner i dag, og eg veit at fleire av kommunane ikkje kjem til å ta med kontantstøtta når dei skal rekna ut sosialhjelp. Representanten viste til ei Bergens-avis. Eg har fått stadfesta av ordføraren i Bergen at dei ikkje har tenkt å ta kontantstøtta med når dei skal rekna ut utbetaling av sosialhjelp. Altså: Hadde regelverket vore likt i dag, hadde dette vore lett. Men fordi det er så store skilnader, er det ikkje fullt så lett som representanten gir uttrykk for at det er.

Ågot Valle (SV): Det er riktig at ordføreren i Bergen kom med et viktig innspill etter ganske sterkt press fra Aksjon mot sosial nød og en del politiske partier.

Vi i SV vil være med og presse på for at Regjeringa skal utarbeide retningslinjer for minstenormer, minstestandarder, når det gjelder sosialhjelp, slik at barnefamiliene faktisk skal få en verdig hverdag. Men vi mener at man ikke kan vente på at retningslinjene for utbetaling av kontantstøtte skal komme, for det er et faktum at Regjeringa har sendt ut retningslinjer når det gjelder barnetrygda, og da vil også kontantstøtta kunne komme på den samme vegen. Derfor vil jeg virkelig utfordre statsråden til snarest mulig å sende ut retningslinjer, eller hjelpe til slik at det blir sendt ut retningslinjer, når det gjelder kontantstøtte og sosialhjelp.

: