Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 3. juni 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Gunnar Breimo (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Under debatt med ungdom på ungdomskonferansen i Kristiansand 27. mai 1998 anklaget en av ungdommene samfunnet for å prioritere vegbygging framfor hensyn til miljø og kollektivtrafikk. Barne- og familieministeren la da ansvaret for dette på tidligere samferdselsminister Kjell Opseth.

Hvordan harmonerer dette med det faktiske forhold at KrF ved behandlingen av vegplanen i juni 1997 foreslo påplussinger til vegbygging i størrelsesorden 5-6 milliarder kroner?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det kunne i svaret mitt vore litt freistande å gå inn i diskusjon med representanten Breimo om kva som vart sagt på konferansen, og korleis eg ordla meg, men det skal eg ikkje gjera. Likevel føler eg nok behov for ein del nyanseringar i forhold til det han refererer til i sitt spørsmål.

Eg har lyst til å konsentrera meg om to forhold: For det fyrste har Regjeringa gjennom St.prp.nr.64 (1997-1998) frå Samferdselsdepartementet gitt Stortinget ei oversikt over ulike samferdselsprosjekt som har store kostnadsoverskridingar. Vegdirektoratet fylgjer for tida kostnadsutvikling og framdrift spesielt for 44 større prosjekt/delprosjekt. Det er rekna ut at 18 av desse 44 prosjekta/delprosjekta har hatt ein kostnadsauke på meir enn 10 % i høve til opphavlege overslag. Kostnadsauken for alle dei 44 prosjekta/delprosjekta samla er på om lag 10 %. Den største overskridinga er på 57 % i høve til opphavleg overslag, og det er avdekt overskridingar på opp mot 50 % i høve til St.prp.nr.1 (1997-1998) etter nye gjennomgangar av prosjekta.

Når det viser seg at kostnadsanalysane for desse prosjekta har vore for dårlege, bind det opp midlar som kunne ha vore brukte til andre ting. Når situasjonen er slik, meiner likevel Regjeringa det er mest fornuftig å fullføra prosjekta slik at dei ikkje står halvferdige, noko eg òg streka under på ungdomskonferansen i Kristiansand.

For det andre har eg trong til å streka under det som var Kristeleg Folkepartis prioriteringar då vegplanen vart handsama i 1997. Det er rett som representanten Breimo seier, at Kristeleg Folkeparti var med på å auka planrammene for veginvesteringar. Det vart gjort for å kunna satsa sterkare på m.a trafikktryggleik - m.a for 6-åringane - gang- og sykkelvegar, utbetring av fylkesvegar og rassikring. Det er ikkje i samband med slike prosjekt vi har sett dei største kostnadsoverskridingane når det gjeld samferdselssektoren.

Gunnar Breimo (A): Jeg forstår statsrådens behov for å snakke om noe annet enn det som var kjernen i spørsmålet mitt.

Faktum er at Kjell Opseth ble trukket inn, og det på en måte som ikke kunne bety noe annet enn en ansvarsoverføring til en tidligere statsråd. Jeg ble oppbrakt over freidigheten. Jeg ble også skuffet over unnfallenheten, for det vi stod overfor, var et spørsmål fra en miljøinteressert ungdom som burde ha utløst et tillitvekkende svar på vegne av oss politikere. I stedet valgte statsråden bl.a å skylde på andre. Selv om den politiske hukommelsen er kort, måtte hun vel huske at Kristelig Folkeparti har 5-6 milliarder kr mer til veibygging enn Arbeiderpartiet. Det skulle være fullstendig unødvendig å nevne Opseth i det hele tatt i den diskusjonen.

Jeg har et tilleggsspørsmål: Synes statsråden at en slik opptreden er egnet til å styrke tillitsforholdet mellom oss politikere og våre velgere, spesielt de unge velgerne?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg vil påstå at eg ikkje svarar på noko anna enn det som var kjernen i spørsmålet.

Det er viktig for meg å streka under at vi ved inngangen til ein ny planperiode aldri har hatt så mange midlar bundne opp i prosjekt som allereie er sette i gang. Det er klart at når så mange prosjekt allereie er sette i gang, bind det opp den vidare samferdselspolitikken i høve til å skyva midlar over frå vegutbygging til m.a kollektiv- og miljøretta tiltak, slik som ungdomen var opptatt av. Eg trur òg spørjaren veit at når ein tar del i slike debattar, er det ikkje alltid ein får korkje snakka ut eller sagt alt ein vil - det trur eg er erfaringar vi begge har gjort når vi har vore med i ulike utspørjingsprogram. Men for meg var det viktig å seia at ein av grunnane til at vi ikkje har den handlefridomen vi kunne hatt, er at alle desse prosjekta er sette i gang.

Så har eg lyst til å streka under dette: Eg står ved at Kristeleg Folkepartis gruppe i fjor auka løyvingane. Men i svaret mitt sa eg òg kva tiltak det skulle gå til, og det er faktisk miljøretta, gode tiltak.

Gunnar Breimo (A): Jeg oppfatter det delvis som et slags dementi det statsråden kom med. En vismann sa det slik: Et dementi er etter høyere politikks spilleregler en halv tilståelse av en hel dumhet.

Etter hvert har jo statsråden fått stor erfaring med å beklage. Det synes jeg hun burde gjort også denne gangen i forhold til Kjell Opseth. Hun valgte en enkel utvei i en kinkig situasjon. Ingen tror vel at statsråden ville delt æren med Kjell Opseth, hvis det var det det hadde dreid seg om. Da hadde hun nok husket Kristelig Folkepartis påplusninger like før valget - hvis ikke fiaskoen i oppfølgingen av lovnadene hadde gjort det hensiktsmessig å glemme det da også, for heller ikke det er fulgt opp. Det må ikke bli slik - det er en liten advarsel fra min side - at noe av stilen blir å skylde på andre. Også når det gjelder kontantstøtten fra næringslivet til partiet, la hun skylden på Arbeiderpartiet. Jeg anbefaler henne å legge om stilen og heller stå rakrygget og ta ansvar. Det ville Kjell Opseth gjort.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Dette var ikkje meint som noko dementi. Eg står på det svaret eg gav, og det kjem eg òg til å gjera.

Ja, eg har bede om orsaking for ting som eg ikkje burde ha sagt, men ved dette høvet har eg faktisk ikkje bruk for å gjera det. Eg har aldri hatt ei kjensle av at Kjell Opseth nokon gong har vore lei seg for ein del av dei samferdselsprosjekta han har sett i gang, og eg har heller aldri hatt ei kjensle av at dei arbeidarpartiregjeringar som Kjell Opseth var medlem av, har vore lei seg for dei samferdselsprosjekta dei har sett i gang. Eg trur heller ikkje dei føler dei blir hengde ut når eg nemner det som vart sett i gang under Kjell Opseth som samferdselsminister, det er berre ei kjensgjerning. Og det bind sjølvsagt opp vidare budsjett - det trur eg vi alle saman er klare over.

Eg kan gjerne seia meg lei for noko når eg har grunn til det, men i akkurat dette tilfellet føler eg faktisk ikkje eg har grunn til det. Eg har heller ikkje bede om unnskyldning for pengar vi har fått, i høve til ulike selskap som har gitt oss midlar. Eg har berre peika på at Kristeleg Folkeparti ikkje er det einaste partiet som tar imot gåver, det vera seg frå fagrørsle eller andre organisasjonar.

: