Stortinget - Møte onsdag den 27. mai 1998
Spørsmål 18
Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg skal på vegner av representanten Tomas Norvoll få lov å stille kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren følgjande spørsmål:
Under behandlingen av siste statsbudsjett vedtok Stortinget et forslag der Regjeringen ble bedt om å endre universitetenes og høgskolenes adgang til å ta på seg oppdrag med sikte på å gi institusjonene større handlefrihet.
Når vil statsråden følge opp dette vedtaket?
Statsråd Jon Lilletun: I utgangspunktet vil eg minne om at universitet og høgskular alt no har vid adgang til å ta på seg oppdrag innanfor forsking og undervisning.
Regjeringa har nyleg, med bakgrunn i Stortinget si oppmoding, oppnemnt eit offentleg utval til utgreiing om norsk høgare utdanning etter år 2000. Utvalet skal analysere status innanfor høgare utdanning og situasjonen for norske universitet og høgskular som undervisnings- og forskingsinstitusjonar. Utvalet vert leidd av professor Ole Danbolt Mjøs, og skal gje innstilling innan 1. april 2000.
Utvalet skal gjere ei delutgreiing om rammene for organisering av oppdrag og randsoneinstitusjonar innan 1. april 1999. Utvalet skal her vurdere dei personalmessige, juridiske og økonomiske rammene både for oppdragsverksemd i regi av institusjonane sjølve og for samarbeid med randsoneinstitusjonar i lys av utfordringane frå samfunns- og næringsliv, slik at institusjonane m.a er betre i stand til å møte kompetansebehova i arbeidslivet. Det er føresett at departementet skal gje utvalet nærare oppgåver når det gjeld etter- og vidareutdanning.
Universitetsrådet har nett sluttført ei eiga utgreiing om forholdet til randsoneverksemda. Dette arbeidet kan nyttast som del av underlaget for Mjøs-utvalet.
Mange av institusjonane har ynske om å få vidare høve til å ta eigendel frå studentar som ikkje fylgjer ordinær grunnutdanning. Buer-utvalet har gjort framlegg om at institusjonane skal få høve til å ta eigendel for studium opp til 20 vekttal, mot 10 vekttal no. Regjeringa vil i stortingsmeldinga om kompetansereforma gjere framlegg om ei oppmjuking av denne grensa.
Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret. Det er særleg positivt at ein allereie i stortingsmeldinga om etter- og vidareutdanninga vil signalisere synspunkt frå departementet i dette spørsmålet. Dersom ein skulle avvente ei ordning heilt fram til år 2000, ville det nok gå litt for lang tid.
Det er for så vidt greitt at statsråden vil kome tilbake til dette ganske snart. Men etter vår meining er det viktig at departementet allereie nå kan vise litt større fleksibilitet og la høgskolane få ei moglegheit til å ta på seg slike oppdrag. Så mitt tilleggsspørsmål til statsråden blir om han allereie nå kan signalisere at departementet vil vise ein større fleksibilitet på bakgrunn av søknader frå høgskolar og universitet.
Statsråd Jon Lilletun: Eg skal love representanten Oppebøen Hansen at vi skal vise fleksibilitet. Vi har prøvd å gjere det, men det er klart at her er det heile tida eit spenningsforhold mellom å kvalitetssikre skikkeleg og ikkje å risikere at ein lagar ei grunnutdanning som ikkje er gratis, men at ein på ein måte vrir det over til ei utdanning på oppdrag som det skal betalast for. Det er ein del avgrensingar som er viktige, og då kan det godt hende at vi i departementet av og til sikrar oss litt for mykje i forhold til den biten. Derfor treng vi nok ei utgreiing. Men når det gjeld enkelttilfelle og behovet for at vi raskt får gjort ein del ting, bl.a med dette med opp til 20 vekttal, lovar eg at vi nokså snart skal begynne å praktisere det eg var inne på. Det kjem altså i denne meldinga.