Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 13. mai 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Arvid Falch (TF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til helseministeren:

Helseministeren har ansvar for Næringsmiddeltilsynet. Næringsmiddeltilsynet foretar godkjenning av vannverk som leverer vann til mer enn 20 husstander. Vi har ca 1.400 vannverk i Norge, av disse er det 400 som har søkt godkjenning. I henhold til EØS-avtalen skal alle vannverk ha godkjenning. Søknad om godkjennelse må også foreligge for å få tilskudd fra Kommunal- og regionaldepartementet for utbygging.

Synes statsråden det er problem at så få vannverk har godkjenning, og hva vil gjøres for å rette på dette?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: La meg fyrst avklara kven som har ansvaret for å godkjenna vassverk. Etter forskrifta om vassforsyning og drikkevatn er det kommunestyret sjølv som gjev godkjenning av vassforsyningssystem. Kjem vassforsyningssystemet fleire kommunar ved, er det fylkesmannen som godkjenner. Kjem vassforsyningssystemet fleire fylke ved, er det Sosial- og helsedepartementet som godkjenner. Samtidig vil eg streka under at det er den enkelte vassverkseigaren som er ansvarleg for å fylgja vilkåra i forskriftene, uavhengig av om vassverket er privat eller offentleg eigd.

Næringsmiddeltilsynet si rolle i samband med godkjenninga er at det skal innhentast utsegn frå dei før godkjenning blir gjeve. Det skal òg innhentast utsegn frå dei medisinsk-faglege rådgjevarane i dei kommunane det kjem ved, samt generell utsegn frå kommunane.

Det fylgjer ikkje av EØS-avtalen at vassverk skal godkjennast. Dette er noko Stortinget innførte i 1985 ved behandlinga av St.meld.nr.55 (1984-1985) om vassforsyning. EØS-avtalen stiller derimot krav til vasskvalitet. Alle vassverk må levere vatn som tilfredsstiller drikkevatnforskrifta, for å fylgja opp dei internasjonale vedtaka og forpliktingane Noreg er bunde av, herunder EØS-avtalen.

Det er likevel ei rekkje vassverk som ikkje har fylgt opp føresegnene i den norske forskrifta, men talet på vassverk som har søkt om godkjenning, aukar stadig. Ved siste oppteljing, den 1. november 1997, hadde 843 vassverk av 1844 søkt om godkjenning.

Sosial- og helsedepartementet sende ut eit rundskriv i juli 1997 for å minna vassverkseigarane om plikta til å søkja om godkjenning. Rundskrivet var samtidig ei rettleiing om korleis ein skulle gå fram for å søkja, og ei påminning om at det er mogleg å søkja om tilskot frå Program for vassforsyning, som kommunalministeren orienterte om for fjorten dagar sidan.

I den seinare tida har det vore halde regionale møte der det er sendt ut skriv til 1.587 vassverk om å delta. På desse møta har vassverkseigarane vorte informerte om og motiverte til å søkja om godkjenning, og dei er gjevne ytterlegare informasjon om tilskotsordninga.

Sjølv om vi langt ifrå kan seiast å ha nådd målet, at vasskvaliteten skal vera tilfredsstillande i heile landet, har i dag 3,2 mill. menneske i Noreg tilfredsstillande vatn, mot 2,5 mill. ved årsskiftet 1994-95. Dei tre fyrste åra Program for vassforsyning har eksistert, er altså drikkevassforsyninga utbetra for ca 700.000 personar.

Arvid Falch (TF): Jeg er klar over at det er kommunene - og også fylkeskommunene - som har et ansvar her, men jeg mener at departementet må ha et overordnet oppsyn med at dette bringes i orden. Jeg må si jeg er noe forbauset over at det ikke er kommet på plass dette med vannkvalitet, og at de kommunene det gjelder, ikke har de nødvendige sertifikater. Dette skulle ha vært på plass for over et år siden.

Det som egentlig er problemet i dag, er at næringsmiddelindustrien driver med ulovlig vann - det er det som skjer. Ved en eventuell kontroll fra ESA, som er EØS' kontrollorgan, er det helt klart at enhver form for eksport øyeblikkelig vil bli stoppet. Derfor er mitt tilleggsspørsmål: Hvor fort kan en få dette på plass, slik at det ikke får skadevirkninger for næringsmiddelindustrien?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg håpar representanten Falch iallfall er nøgd med at det på tre år har skjedd ei vesentleg betring. Men det er enno ca 800 vassverk igjen som ikkje leverer tilfredsstillande vatn, og desse leverer vatn til ca 600.000 menneske. Programmet har gjeve direkte økonomisk støtte til ca halvparten av anlegga.

Førebels er det vanskeleg å slå fast tidspunktet for når vi kjem i mål. Intensjonen om at vi skal nå det målet som vart sett då programmet om vassforsyning vart starta opp, står ved lag. Om dette vil resultera i ei intensivering av programmet fram til utgangen av 1999, eller at programmet vert strekt ut i tid, vil m.a vera avhengig av aktiviteten i kommunane og vassverka og dei årlege budsjetta. Dette spørsmålet vil Regjeringa koma tilbake til i samband med budsjetthandsaminga.

: