Stortinget - Møte onsdag den 13. mai 1998
Spørsmål 24
John I Alvheim (Frp): Jeg skal få lov å stille den ærede sosialminister følgende spørsmål:
I helseregion II er det fritt sykehusvalg. En pasient fra Telemark som valgte behandling ved et sykehus i Østfold, ble nektet behandling der fordi dette sykehuset ikke fikk DRG-betaling, da denne skulle betales til Telemark.
Mener statsråden at dette er en riktig forståelse når det gjelder innsatsbasert finansiering?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Gjestepasientbetalinga mellom fylka blir for dei fleste fylka sitt vedkomande regulert gjennom ei kurdøgnbasert oppgjersordning. Mange fylke praktiserer denne betalingsordninga slik at gjestepasientinntektane går direkte til behandlande sjukehus. Dette er f.eks tilfellet ved dei statlege sjukehusa og ved Oslo-sjukehusa. Staten utarbeider årleg ei normert prissetjing som skal dekkja 100 % av utgiftene til pasientbehandlinga. Fylka nyttar dette som basis for gjestepasientoppgjeret.
Ordninga med innsatsstyrt finansiering er ei ordning der staten ynskjer å stimulera til auka sjukehusaktivitet. Innsatsstyrt finansiering er ei kombinasjonsfinansiering der 45 % av inntekta kjem fram som ei aktivitetsbasert finansiering og den resterande delen kjem fram som ei auka rammeløyving til fylka. Innsatsstyrt finansiering er ei finansieringsordning som blir nytta mellom staten og pasientane sitt heimstadsfylke. Ordninga er ikkje meint nytta i gjestepasientoppgjera mellom fylka.
Fylka praktiserer i dag ei ordning der talet på kurdøgn blir nytta som betalingsparameter. Innsatsstyrt finansiering nyttar som kjent det såkalla DRG-systemet som grunnlag for betalinga. Departementet er i ferd med å vurdera om DRG-systemet òg kan nyttast som grunnlag for betalingssystem knytt til gjestepasientoppgjera mellom fylka.
Konkret til representanten Alvheim sitt spørsmål vil eg seie at det altså er slik at systemet med innsatsstyrt finansiering ikkje kan lastast for at den nemnde pasienten ikkje fekk behandling i Østfold. Betalinga knytt til gjestepasientoppgjera blir regulert via gjestepasientordningane mellom dei ulike fylka. Departementet er kjent med at det i helseregion II på sjølvstendig grunnlag er etablert ei form for gjestepasientoppgjer som i den konkrete saka det her er vist til, har hatt klart uheldige konsekvensar når det gjeld pasientane sitt frie sjukehusval.
Representanten Alvheim er kjend med at Stortinget har bede Regjeringa etablera ei ordning med fritt sjukehusval over heile landet i samband med framlegginga av den nye lova om pasientrettar. I ei statleg ordning med fritt sjukehusval vil det sjølvsagt vera dei sentrale styresmaktene sitt ansvar å gje rammevilkår som hindrar at sjukehusa føretrekkjer pasientar frå det eine eller det andre fylket. Sosial- og helsedepartementet vurderer no korleis ei slik ordning skal kunna utformast i praksis. Til dette nye lovverket ligg føre må fylkeskommunane og dei enkelte regionale helseutvala sine system aksepterast når det gjeld fritt sjukehusval i regionane.
Per Ove Width hadde her overtatt presidentplassen.
John I Alvheim (Frp): Jeg takker statsråden for svaret og har den kommentar at når det gjelder tilfellet i Telemark, er det nettopp den innsatsbaserte finansieringen som har skapt problemene i forhold til Østfold og Telemark fylker - og det gjelder ikke bare én pasient, det gjelder flere.
Ellers er det riktig som statsråden var inne på, at Stortinget gjorde et enstemmig vedtak under budsjettbehandlingen i fjor om at det skulle innarbeides fritt sykehusvalg i hele landet, på samme behandlingsnivå, i den forventede pasientrettighetsloven. Men min påstand er at så lenge den innsatsbaserte finansieringsdelen kun skal utbetales til bostedsfylket, vil det ikke være praktisk mulig å gjennomføre fritt sykehusvalg. Med fritt sykehusvalg må pengene nødvendigvis følge pasientene.
Mitt oppfølgingsspørsmål er - statsråden har for så vidt indirekte svart på det, men likevel: Vil departementet overfor Stortinget ta initiativ til at den innsatsbaserte finansieringsandelen kan utbetales til behandlende sykehus?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: La meg fyrst seia at eg sjølvsagt skal syta for at dei synspunkta som representanten Alvheim her framfører, kjem vidare til helseministeren, som i desse dagane arbeider med desse spørsmåla. Utbetalinga av den innsatsfinansierte delen vil òg bli nærare avklart i departementet. Men la meg òg leggja til at i tillegg til oppgjersordningane må det etablerast eit informasjonssystem som gjer at pasientar og primærlegar får informasjon til å kunna gjera sjukehusval på best mogleg grunnlag. Departementet greier òg i desse dagane ut korleis slike system kan utformast i praksis. Sannsynlegvis må det etablerast eit system for informasjon om ventetid og kvalitet ved dei ulike sjukehusa, og elektronisk timetinging er òg til vurdering i den samanhengen.