Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 6. mai 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Grethe G Fossum (A): Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Landsforeningen for Barnevernsbarn gjør en god jobb for barn som ikke fikk den beste start på livet. De har sendt en søknad om driftstilskudd for driftsåret 1998, men har ennå ikke fått svar på søknaden. Dette medfører at de enten må legge ned sitt viktige arbeid eller drive for lånte midler.

Kan statsråden gi en dato for når hun kan tenke seg å overføre driftsmidlene?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er einig i at Landsforeningen for Barnevernsbarn er ein viktig ressurs for born som er eller har vore i barnevernet. Departementet har gitt støtte til barne- og ungdomsarbeidet for barnevernsborn sidan 1993. Fyrst vart støtta gitt gjennom Norsk Fosterhjemsforening, sidan gjennom organisasjonen Voksne for barn eller tidlegare Mental Barnehjelp. Departementet har også medverka til finansieringa av informasjonsmateriell til born og unge i barnevernet, utarbeidd av m.a tidlegare barnevernsborn.

Landsforeningen for Barnevernsbarn har fått økonomisk støtte til drift etter at den vart etablert som landsforeining i 1996. Organisasjonen har kontor hos Voksne for barn, som hjelper til med økonomistyring og administrasjon og organisasjonsutvikling. I 1997 fekk Landsforeningen 365.000 kr i støtte frå departementet. Søknaden for 1998 er på over ein halv million kr - 508.000 kr.

Eg seier meg lei for at handsaminga av søknaden har teke noko tid. Søknaden vart motteken den 19. januar og årsrekneskap, revisjonsrapport og årsmelding den 3. mars i år. Departementet har etter det hatt kontakt med Voksne for barn, og organisasjonen har forskotert dei nødvendige driftsmidlane til Landsforeningen.

I samband med at det driftstilskotet ein søkjar om for 1998, er vesentleg høgare enn det organisasjonen fekk i 1997, ynskjer departementet å vurdera stønaden i eit litt lengre perspektiv og i samarbeid med Landsforeningen og Voksne for barn. Det kan i den samanhengen òg vera aktuelt å stimulera til ei organisasjonsutvikling som gjer at Landsforeningen for Barnevernsbarn på sikt kan koma inn under tilskotsordningane for barne- og ungdomsorganisasjonar.

Til slutt vil eg opplysa at departementet nyleg, i april, har utbetalt eit førebels driftstilskot på 100.000 kr for fyrste halvår, og at søknaden om midlar for 1998 vil bli avgjord raskt. Dette inneber at organisasjonen òg vil motta eit monaleg tilskot for 1998, utan at eg her kan seia nøyaktig kor stort beløpet blir.

Grethe G Fossum (A): Jeg takker for svaret og er glad for at statsråden og jeg i hvert fall er enige om én ting, og det er at Landsforeningen for Barnevernsbarn gjør en god jobb. Det er en organisasjon som setter barnevernsbarnas rettigheter og krav på dagsordenen samtidig som den for mange unge voksne barnevernsbarn er et samlingspunkt.

Det at Landsforeningen for Barnevernsbarn er sammensatt av ungdom og unge som har erfaring, gjør at deres arbeid har en spesiell kvalitet. Jeg er glad for at statsråden nå vil vurdere organisasjonens framtidige liv i et litt lengre perspektiv, men som jeg også har sagt i en annen debatt, lever vi ikke av perspektiver, men vi lever her og nå. Derfor er det viktig med sikkerhet nettopp for disse barna, og forskudd er bra, men ikke godt nok. Mitt spørsmål til statsråden er: Når vil bevilgningen komme, og vil den bli vesentlig høyere enn den har vært i 1997?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg kan vera einig i alle desse honnørorda som organisasjonen får frå representanten. Eg kan òg seia at vi har ein løpande kontakt med organisasjonen. Dei har vore på besøk på kontoret hos meg, og vi har god kontakt. Vi hadde for ikkje mange dagane sidan telefonisk kontakt, der dei sa seg svært nøgde med den overføringa på 100.000 kr som dei fekk. Det er altså ikkje snakk om noka nedlegging. Eg synest òg det er viktig når vi no vurderer framtida deira, at vi ser på kva slags organisering dei skal ha i forhold til kvar dei då skal henta midlane.

Som representanten sjølvsagt er klar over, kan eg ikkje i dag seia datoen for avgjerda, men det eg kan seia, er at dei vil iallfall få minst det same beløpet som dei fekk i fjor. Så får vi koma tilbake til det eksakte beløpet når heile organisasjonen er teken opp til ei full vurdering og vi har handsama søknaden ferdig. Då skal organisasjonen få beskjed.

Om dei skulle koma i vanskar før den tid, er vi sjølvsagt opne for å hjelpa dei. Det er såleis ikkje snakk om å legga noko press på dei i forhold til nedlegging.

: