Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 6. mai 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Inge Lønning (H): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

I Aftenposten 14. november 1996 ga daværende komitéleder Jon Lilletun uttrykk for at det var en nasjonal forpliktelse å sørge for å få fullført restaureringen av de gamle universitetsbygningene i Oslo sentrum. Komitéleder Lilletun mente at oppgaven måtte løftes ut av det ordinære universitetsbudsjettet og løses i et samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.

Når vil statsråden følge opp disse gode tanker fra komitéleder Lilletun?

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil fyrst få takke representanten Lønning for at han ikkje gjev meg høve til å gløyme kva eg sa som komitéleiar. Eg kan forsikre om at eg som statsråd gjer kva eg kan for å fylgje opp det komitéleiar Lilletun har sagt.

Universitetet i Oslo forvaltar ikkje berre ein stor del av den åndelege kulturarven vår, men også ei stor mengd av den bygningsmessige arven. Eg har ikkje gløymt sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo, og eg er klar over at å halde dei i stand er ein viktig del av skjøtselen av kulturarven. Sidan byrjinga av 1990-talet har det pågått restaureringsarbeid i sentrumsbygningane, og det er allereie lagt ned store ressursar i dette arbeidet. Blant anna stod Domus Bibliotheca og austfløyen av Domus Media ferdig rehabiliterte i 1994. Det står framleis att mykje arbeid før sentrumsbygningane til saman kan framstå slik vi ynskjer å sjå dei i bybiletet. Eg er i samtale med statsrådskollegaene mine om saka. Det er òg jamlege møte i gruppa som arbeider med restaureringa av universitetsbygningane, så eg kan forsikre om at det vert arbeidd for å finne ei løysing for å få fullført restaureringa.

Eg kan dessverre ikkje no seie noko om når Regjeringa kan leggje fram forslag for Stortinget om ytterlegare løyving til dette føremålet. Regjeringa si prioritering av byggeprosjekt går fram av dei årlege budsjettproposisjonane, og det er ikkje mogleg for meg å gå ut med særskilde lovnader om prioriteringsrekkjefylgja i denne samanhengen. Eit forhold som òg spelar inn her, er at sidan 1996 har vi hatt ein dramatisk vekst i den totale økonomien i samfunnet. Dette må Regjeringa ta omsyn til òg når det gjeld byggjeaktiviteten.

Inge Lønning (H): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg hadde vel egentlig ikke mistenkt statsråden for å være så glemsom at han har glemt en sak som komitélederen for kirke-, utdannings- og forskningskomiteen i forrige periode engasjerte seg så markant i gjennom offentlige uttalelser.

Av statsrådens svar fremgikk det imidlertid at det påbegynte restaureringsarbeidet som har fullført Domus Bibliotheca, vestbygningen, som faktisk har blitt en av de vakreste bygningsperler som finnes i Norge, ble avbrutt i 1994. Det har altså gått fire år siden arbeidet ble avbrutt, uten at det har skjedd noen ting, og det gjør jo at det opprinnelig planlagte, helhetlige prosjekt for fornyelse av alle de tre bygningene kommer i stadig større fare, både fordi det sakkyndige personalet som har laget planen, er på vei ut, og fordi Statsbygg vil ha vanskeligheter med å bevare kontinuiteten i prosjektet hvis det drøyer ut i tid.

De tre universitetsbygningene på Karl Johan er en del av norsk historie og en viktig del. Blant annet var Aulaen hovedstadens eneste konsertlokale i alle år før Konserthuset ble bygd. (Presidenten klubber.) I dag er Aulaen og Gamle Festsal i en skandaløs forfatning, og derfor vil jeg anmode statsråden om kanskje å røpe litt mer konkret hva slags tidshorisont han forestiller seg.

Presidenten: Presidenten vil minne om at taletiden skal overholdes.

Statsråd Jon Lilletun: Eg er einig i det representanten Lønning sa om desse bygningane. Det som på ein måte var poenget mitt i den utsegna representanten Lønning siterte, var at det er eit problem at prioriteringa her vert heilt og fullt samanhalden med behovet for lokalitetar til studentar ved Universitetet i Oslo, og ikkje sett på i den totale nasjonale samanhengen. Det er òg heilt rett som Lønning seier, at det har gått fire år utan at noko er gjort. Men eg vil ikkje ta ansvaret for meir enn eit halvt år av desse fire åra, og faktisk har det då skjedd ting i det halve året, sjølv om det ikkje har skjedd ting bygningsmessig. Derfor kan eg ikkje på dette tidspunktet røpe meir, men eg vil love å kome attende så snart eg har noko meir å fortelje.

Inge Lønning (H): Jeg takker statsråden for den utfyllende kommentar og setter stor pris på statsrådens velvilje når det gjelder innholdet i saken. Jeg håper det vil gi snarlige resultater. Men jeg kunne tenke meg å be statsråden om å bekrefte at han fremdeles har den prinsipielle oppfatning som han hadde i 1996 - at dette er en nasjonal oppgave, og at den må løses i samarbeid mellom de to departementene, i og med at den også berører Miljøverndepartementets ansvarsområde og Riksantikvarens ansvarsområde.

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil stadfeste at eg har den same prinsipielle innfallsvinkelen til dette og meiner det same - at dette er ei nasjonal oppgåve, og at den må løysast i samarbeid. Det er klart at verkelegheita i opposisjon og verkelegheita i regjering nok er forskjellig - men i tillegg til det, er det klart at byggjeaktiviteten er av ein slik karakter i dag i forhold til i 1996 at det er fornuftig å utsetje meir av offentlege investeringar i bygg enn det var på det tidspunktet. Så er spørsmålet: Kan ein då ta ut eitt bygg som har denne verdien, og som står i fare for å forfalle? Det kan det vere argument for.

Eg håper denne stadfestinga av at eg prinsipielt meiner det same i dag, er tilfredsstillande - og så vil eg altså kome attende.

: