Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 29. april 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Laila Kaland (A): Eg vil få stille følgjande spørsmål til justisministeren:

Vald mot eldre er eit aukande problem i vårt samfunn. Dette er ikkje berre eit helse- og sosialpolitisk spørsmål, men stiller også sterke krav til rettsvernet, og krav om sikkerheit for eldre.

Vil statsråden medverke til eit nærare samarbeid mellom helse-, sosial- og politietaten i kampen mot eldrevald?

Statsråd Aud-Inger Aure: Vald og trakassering av eldre er eit vanskeleg problem for dei det gjeld, fordi eldre i langt mindre grad enn andre har gode føresetnader for å verje seg mot slikt. Eg er einig med representanten Kaland i at dette derfor stiller særlege krav til rettsvernet.

Kriminalstatistikken har ikkje opplysningar om offer for kriminalitet, men det er gjort nokre spesialundersøkingar om kven som bl.a er valdsoffer. Levekårsundersøkingane til Statistisk sentralbyrå frå 1987, 1991 og 1995 har tatt for seg kor stor del av befolkninga som blir offer for valdsbruk og tvang, og kva som særmerkjer valdsoffera. Desse undersøkingane viser at det først og fremst er unge folk som er utsette for vald - eldre heldigvis i mindre grad. Gjennom media kan ein få inntrykk av at vald mot eldre har auka i 1990-åra. Levekårsundersøkingane tyder ikkje på at vald mot eldre er eit aukande problem i samfunnet vårt, slik representanten Kaland føreset i sitt spørsmål. Her går det fram at 2 % av menn mellom 67 og 79 år i 1987 vart utsette for vald i løpet av det siste året før undersøkinga. Tilsvarande var talet 1 % i 1995. For kvinner var dei tilsvarande tala 4 % og 1 %. Samtidig er det grunn til å peike på at det er dei eldre som kjenner seg mest engstelege for å bli utsette for vald, etter levekårsundersøkinga. Dette gjeld særskilt kvinner, og det er eit problem i seg sjølv som det er god grunn til å ta alvorleg.

I denne samanhengen vil eg peike på at det alt blir gjort mykje i kampen mot vald mot eldre, ikkje minst i samarbeid mellom politiet og sosial- og helsevesenet. Frå 1991 til 1994 vart prosjektet « Vern for eldre » gjennomført i Manglerud bydel i Oslo. I dette prosjektet var også samarbeidet mellom politiet og sosial- og helsevesenet i fokus. Prosjektet avdekte at det skjedde fleire ulike typar overgrep mot eldre frå deira nærståande, men at grov fysisk vald ikkje skjedde ofte. Her var politiet til hjelp og vern og verka som grensesetjar i saker der det var vald med i biletet. I slike saker der overgriparen er nærståande, vil det ofte vere svært vanskeleg for valdsofferet å ta kontakt med politiet, f.eks med sikte på å melde saka. Prosjektet medverka til at klientane kunne ta kontakt med politiet slik at løysingar kunne finnast saman med sosial- og helsevesenet.

Eg vil også nemne at Justisdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Barne- og familiedepartementet samarbeider om eit prøveprosjekt med valdsalarm. I dette prosjektet er det naturleg at også eldre - både menn og kvinner - som er utsette for vald og truslar frå bestemte personar, kan kome med i ordninga. Vilkåret er at politiet får kjennskap til valden, slik at tildeling av alarm kan vurderast og setjast i verk.

Også gjennom Kompetansesenter for voldsofferarbeid samarbeider dei ovanfor nemnde etatane. Her har senteret særleg tatt føre seg vald mot eldre for å kunne byggje opp kompetansen hos personell som vil ha med eldre folk generelt og med eldre valdsoffer spesielt å gjere.

Med desse opplysningane kan eg eigentleg svare positivt på representanten Kaland sitt spørsmål.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for svaret.

Eg er glad for det statsråden sa om at ein vil få eit prøveprosjekt med valdsalarm. Eg trur det kan hjelpe.

Elles er eg litt ueinig i dei synspunkta som kom fram i svaret, for eg trur at familievald i Noreg er eit stort og alvorleg problem. Heile familien blir ramma når det oppstår vald, og eldre folk blir like hardt ramma som andre i familien. At tala i desse valdsstatistikkane som statsråden la fram, er låge, trur eg kjem av at dei eldre ofte har vanskar med å ta kontakt med det offentlege hjelpeapparatet, likeins med å melde det til politiet når dei blir utsette for vald. Det kjem ofte av at dei som misbrukar dei eldre eller skadar dei, er nære pårørande, slik at dei har vanskar med å melde det.

Eg vil be statsråden sjå på nokre punkt som kan motverke denne utviklinga. Vi må auke kompetansen og utdanninga av helse- og politietaten. Vi må ha betre kartlegging av valdsoffera, og vi må auke samarbeidet på tvers av etatane og faggruppene. Og som statsråden også sa, må ein sjå på om teielovnaden kan fråvikast i ein del slike saker.

Statsråd Aud-Inger Aure: Jeg deler spørsmålsstillerens syn på at det skaper ekstra vanskeligheter når noe av denne volden begås av nær familie. Forskningen har også vist at i slike tilfeller har vold gjerne sammenheng med rusmiddelmisbruk eller sosiale problemer hos voldsutøveren. Det er klart at dette stiller oss overfor spesielle utfordringer. Kanskje vil et program eller en påvirkning som gjør at ofrene virkelig tør å komme fram med det som skjer, være det aller viktigste. Vi skal evaluere virksomheten ved kompetansesenteret i 1999, og det vil være et naturlig tidspunkt å foreta en grundig gjennomgang på og også videreutvikle ytterligere det jeg ser som veldig viktig, og som var påpekt her, nemlig samarbeidet mellom politiet og helse- og sosialetaten, nettopp for å kunne oppfylle de kravene som stilles i denne sammenheng.

Laila Kaland (A): Eg fekk berre lyst til å kome med ein liten tilleggskommentar til statsråden. Ho seier ho vil følgje opp dette arbeidet vidare. Eg trur rett og slett at i den familiesituasjonen vi har i Noreg i dag, der dei unge ikkje kjenner dei eldre, må det bli vist større respekt overfor dei eldre. Og eg trur at slike haldningar at dei unge viser større respekt for dei eldre, og at dei i større grad får lære dei eldre å kjenne, allereie må kome inn i barnehagane og i grunnskulen. Eg trur eit av hovudproblema vi slit med i dag, er at ungane ikkje kjenner dei eldre fordi ein har ein heilt annan livssituasjon enn tidlegare.

: