Stortinget - Møte onsdag den 29. april 1998
Spørsmål 13
Tomas Norvoll (A): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Departementet har nå fordelt nye studieplassar innanfor sjukepleie som blei oppretta gjennom Handlingsplanen for helse- og omsorgspersonell. Fordelinga syner at helseregion 2 bare har fått 20 nye studieplassar plassert i Buskerud. Akershus og Telemark har i fleire år dokumentert stor mangel på sjukepleiarar i sine fylke.
Kva slags tiltak vil statsråden setje i gang for å løyse desse dokumenterte behova?
Statsråd Jon Lilletun: Det er over statsbudsjettet for 1998 løyvt midlar til å opprette 190 ekstra studieplassar i grunnutdanning sjukepleie. Departementet bad høgskulane fremje søknad som grunnlag for tildeling av desse plassane. Responsen var stor. Høgskulane søkte samla sett om 420 plassar. Utover dei 190 studieplassane har departementet også fordelt 60 plassar til private høgskular. Samla opptak hausten 1998 aukar dermed med 250 plassar i forhold til kapasiteten i dag.
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har ved fordeling av dei nye studieplassane i grunnutdanning sjukepleie lagt vekt på følgjande forhold etter å ha søkt råd hos Sosial- og helsedepartementet: geografisk prioritering av dei nordlegaste fylka, desentraliserte tilbod og deltidstilbod. Som følgje av dette er over 20 % av dei nye studieplassane lokaliserte til Nord-Noreg. Berre 30 av dei 190 plassane ved statlege høgskular er ordinære plassar lokaliserte til sjølve høgskulen.
Departementet er klar over at behovet for sjukepleiarar er stort i Telemark og Akershus, slik det er i andre fylke. Med utgangspunkt i nemnde tildelingskriterium og disponibel økonomisk ramme har vi likevel etter ei samla vurdering ikkje funne rom for å imøtekome søknadene om nye studieplassar frå høgskulane i desse to fylka. Eg vil elles presisere at tildelinga samla sett gav 45 studieplassar til helseregion 2, ikkje 20 som nemnt i spørsmålet frå representanten Oppebøen Hansen. Utover 20 plassar ved Høgskolen i Buskerud er det tildelt 25 plassar til ein privat høgskule, Menighetssøsterhjemmet i Oslo. I tillegg har Diakonhjemmets Høgskolesenter fått 25 desentraliserte plassar til eit fagleg spennande fjernundervisningsprosjekt. Det kan vere aktuelt å vurdere også desse studieplassane i lys av behovet i dei aktuelle fylka i helseregion 2.
Spørsmålet om vidare tiltak for å betre rekrutteringssituasjonen når det gjeld ledige sjukepleiarstillingar, vil m.a verte behandla i dimensjoneringsmeldinga, som eg snart vil leggje fram. Eg viser elles til det svaret eg vil gje til representanten Reikvam i eit seinare spørsmål om tilsvarande problemstillingar.
Om det vert auke i talet på studieplassar totalt i neste budsjett, vil desse fylka som ikkje nådde opp denne gongen, ha gode utsikter neste gong.
Tomas Norvoll (A): Jeg takker statsråden for svaret.
Personlig skal ikke jeg felle noen tårer over at Nord-Norge blir prioritert her. Men likevel er det sånn at Akershus er et fylke med 450.000 mennesker, og vi er alle kjent med situasjonen ved Sentralsykehuset i Akershus. Samtidig vet vi at Telemark har behov for 600 nye sykepleiere innen år 2000. Da blir det litt rart at denne regionen er bortimot fullstendig uteglemt når man skal fordele nye studieplasser.
Jeg må si at jeg blir litt overrasket når statsråden vektlegger at Diakonhjemmet kanskje kan legge noen studieplasser ut i denne regionen. Det blir helt feil for meg. Det kan ikke være sånn at politikken for å dekke behovet for sykepleiere ute i distriktene skal være at det er private, kristelige høyskoler som skal stå for den biten. Jeg må spørre om det er en bevisst prioritering fra Regjeringens side når man gir 24 % av plassene til de kristelige, private høyskolene istedenfor å legge dem inn i den offentlige sektoren for å få en jevn fordeling av antallet studieplasser.
Statsråd Jon Lilletun: For det fyrste er det ikkje slik at ein har teke av dei nye studieplassane som er vedtekne oppretta. Ein har klart å skrape saman midlar utover det til dei plassane som er gått til private institusjonar. Derfor har det ikkje gått ut over dei offentlege. Vidare er det slik at den førre regjeringa i liten grad fylgde opp desse institusjonane, som driv eit spennande utviklingsarbeid. Det er fyrste gongen ein prøver ut akkurat det systemet som Diakonhjemmet no prøver ut, og det er eit viktig forsøk for å sjå om dette, kombinert med skikkeleg praksis, kan vere ein undervisningsmåte og eit heilskapleg opplegg for auka utdanning av sjukepleiarar. Eg skulle ynskt at vi òg hadde hatt fleire plassar til helseregion 2. Men som eg har sagt, dei vil stå langt framme, for ikkje å seie fremst i køen ved neste tildeling der vi har nye studieplassar å dele ut.
Tomas Norvoll (A): Jeg regner med at de forskjellige miljøene i Akershus og Telemark merker seg at de er fremst i køen neste gang man skal fordele nye studieplasser, og legger seg det på minnet.
Men jeg må jo si at det er litt merkelig at departementet i en tid da vi vet at Regjeringen er på desperat jakt etter penger til forskjellige gode tiltak, har en pott for privat høyskoleutdanning - en egen pott som de bare har funnet. 60 plasser har dukket opp. Når man vet at både grunnskole, videregående skole og annen, høyere utdanning skriker etter mer penger, synes jeg det er litt underlig. Statsråden hadde jo når han hadde funnet de pengene, faktisk en mulighet til å bli helt i Telemark og Akershus, gjennom å være den som tok ansvar og hjalp til å rydde opp i situasjonen med sykepleiermangelen der. Men han valgte altså å prioritere sine egne, valgte å prioritere de religiøse alternativene. Det er ikke vi i Arbeiderpartiet enig i. Vi innser at det ligger til statsråden å foreta denne fordelingen, men vi må få lov å gi uttrykk for at vi ikke er enig i den type prioriteringer.
Statsråd Jon Lilletun: No har nok statsråden innsett at det å verte helt i høve til tildeling av studieplassar, er ei vanskeleg øving. Og om dei 60 plassane hadde vorte tildelte desse to fylka, ville det i køen etter dei igjen stått ganske mange av dei som ikkje fekk av dei 420 plassane som ein hadde søkt om.
Når det gjeld det private alternativet, er det gode sjukepleiarar som vert utdanna der, og som vil kome like mykje til nytte i denne regionen om dei er utdanna på Menighetssøsterhjemmet som om dei var utdanna ved Høgskulen i Akershus. Derfor forstår eg på ein måte ikkje den kritikken.
At Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti og den noverande regjeringa ser ulikt på dei private institusjonane i regi av frivillige organisasjonar - i dette tilfellet kristelege organisasjonar - veit vi frå tidlegare. Men som sagt: Ei heilskapleg vurdering har gjort at vi kom fram til denne fordelinga, og eg meiner framleis at med dei midlane som fanst til disposisjon, var dette ei god fordeling.