Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 22. april 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Marit Nybakk (A): Jeg har tillatt meg å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Enkelte kommuner har sluttet å ta inn barn under ett år i barnehage.

Mener statsråden dette er i samsvar med tidskontoordningen?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: På dette spørsmålet kunne eg vera freista til å gi eit kort svar. Det svaret er sjølvsagt nei. Det er ikkje i samsvar med tidskontoordninga å slutta å ta inn born under eitt år i barnehagane. Eg skal likevel fylla litt ut.

Dei foreldra som vel å ta ut delar av perioden med fødselspengar som tidskonto, kan ta opp att yrkesaktiviteten på deltid og motta reduserte fødselspengar. Dersom desse foreldra ynskjer å bruka barnehage som omsorgsløysing i si eiga arbeidstid, vil dei ha behov for ein barnehageplass for barnet før det har fylt eitt år, og dei vil sannsynlegvis ha behov for ein barnehageplass på deltid. Målet for Regjeringa sin barnehagepolitikk er at alle foreldre som ynskjer eit barnehagetilbod, skal få plass. Dette inneber at òg foreldre som bruker tidskonto, må ha høve til å velja barnehage som omsorgsløysing den tida dei sjølve er i arbeid.

Slik det er no, er det berre born med funksjonshemming som har rett til prioritet ved opptak i barnehage etter barnehagelova § 9. Ingen kommunar kan derfor avvisa funksjonshemma born på grunn av at dei er under eitt år. Eg synest det er veldig uheldig om kommunar legg opp til eit barnehagetilbod som ikkje omfattar andre born under eitt år enn born med funksjonshemming. Dette støttar for det fyrste ikkje opp om intensjonane med tidskontoordninga. Det medverkar heller ikkje til å nå målet om full barnehagedekning, og det er ikkje i tråd med Regjeringa sin politikk om at foreldre fritt skal kunna velja omsorgsform for eigne born. Valfridommen er grunnleggande i Regjeringa sin politikk. Derfor har vi fremma forslag om kontantstøtte, men den er ikkje eit hinder for at foreldra òg skal ha valfridom til andre ordningar, bl.a tidskontoordninga.

No er det slik at barnehagetilbodet i kommunane alltid må tilpassast dei behova som finst i folket. Dersom det ikkje er nokon som ynskjer barnehageplass til born under eitt år, er det heller ikkje naudsynt å ha slike plassar. Men det er framleis stor mangel på barnehageplassar til born mellom eitt og tre år dei fleste stader i landet. I ein utbyggingsperiode har tradisjonelt plassar til dei eldste borna blitt bygde ut fyrst. På same måten kan det vel også vera for plassane til dei yngste borna - at 2-åringane får plass før 1-åringane og 1-åringane før 0-åringane. Men dette er like fullt noko anna enn om kommunane vedtek at born under eitt år ikkje skal kunna få plass i barnehage. Det er eit vedtak eg ikkje kan støtta. Eg vil på det sterkaste oppfordra alle barnehageeigarar, kommunale og private, til å sjå nærmare på kva for omsorgsløysing foreldra ynskjer for borna sine, og retta inn barnehagetilboda etter dette. Men slik barnehagelova er i dag, har vi ingen lovheimel som kan styra opptaket i barnehagane. Kommunane og private eigarar kan fritt ta opp born innafor dei aldersgruppene dei vil, med det eine unntaket eg allereie har nemnt, nemleg dei funksjonshemma borna.

Marit Nybakk (A): Jeg vil takke statsråden for svaret. Jeg vil også gi uttrykk for at jeg ser veldig positivt på innholdet. Jeg er spesielt glad for at statsråden var såpass klar i forhold til at valgfrihet for småbarnsforeldre også må gjelde i denne retningen - at dersom en mor eller en far ønsker å utnytte tidskontoordningen slik den er ment å være, må også kommunene legge til rette for at de skal kunne få barnehageplass.

Det som er ille, er selvfølgelig at de kommunene det her er snakk om, bruker det at vi har ett års svangerskapspermisjon med 80 % lønn som begrunnelse for ikke å ta inn barn under ett år.

Jeg har lyst til å sitere for statsråden noe en kvinnelig forsker sa til meg for en tid tilbake: Jeg vil på grunn av faget mitt aldri kunne ta ut (presidenten klubber) mer enn seks måneders sammenhengende svangerskapspermisjon, men jeg vil (presidenten klubber) utnytte tidskontoordningen fullt ut.

Jeg vil spørre statsråden (presidenten klubber) - jeg beklager, president - om hun til tross for at hun ikke har lovhjemmel, vil henvende seg til kommunen og presisere at man også må være fleksibel (presidenten klubber) når det gjelder barnehagetilbudet.

Presidenten: Presidenten vil presisere at spørsmålet skal ligge innenfor den taletiden som gjelder.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som eg sa i svaret mitt, har eg ikkje nokon lovheimel til å gripa inn overfor dei kommunane som har gjort eit slikt vedtak. Eg veit ikkje om det gjeld mange kommunar, eg kjenner til ein - om det er fleire, veit eg ikkje - men det er ein ganske stor kommune.

Det vi kan gjera, og det vi gjer av og til, er sjølvsagt å senda ut brev til kommunane der vi peikar på rettane til bl.a funksjonshemma - som eg nemnde i svaret mitt - men òg på ynsket om valfridom. Eg har sendt brev til kommunane om barnehageutbygging. Det er klart at om dette utviklar seg til å bli eit problem, ser eg god grunn til på nytt å venda meg til kommunane og minna om at vi har tidskontoordning. Det er ei form for valfridom som vi ynskjer at folk skal kunna nytta. Skal dei kunna nytta tidskontoordninga, må dei òg ha tilbod om barnehageplass. Det er den måten eg kan reagera på, og det skal eg absolutt vurdera.

Marit Nybakk (A): Jeg vil igjen takke statsråden for svaret. Jeg vil også fra min side gjøre det jeg kan for å bringe svaret videre, i hvert fall til Oslo kommune, som vel er hovedproblemet her.

Jeg tror det er riktig å si at i arbeidslivet nå er tid blitt noe helt annet enn det det var bare for 20 år siden. Det rare er at det er en del av de nye arbeidsplassene som best tilpasser seg at det nå faktisk er mange 30-40-åringer som er småbarnsforeldre, og at de har en jobb som krever at de må være til stede i lange perioder. Derfor består også de nye frynsegodene, som vi nå ser, i stor grad av barnepasstilbud ved overtid eller medbrakt barnevakt på konferanser. Dette øker i det private næringsliv, og det skaper klasseskiller hvis vi ikke passer på at det offentlige ikke blir for rigide. Det betyr også at kommunene må være oppmerksom på tidskontoordningen, slik at vi kan få utnyttet den fullt ut.

: