Stortinget - Møte onsdag den 25. mars 1998
Spørsmål 27
Astrid Marie Nistad (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til statsråd Lilletun:
11. mars 1998 markerte Sogn og Fjordane fylkeskommune oppstartinga av undervisning av lækjarstudentar ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, eit pilotprosjekt i samarbeid med Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Etter budsjettkuttet på 3 % ved Det medisinske fakultet er pilotprosjektet i Sogn og Fjordane alt truga med nedlegging før det faktisk starta opp.
Kva vil statsråden gjere for å sikre den noverande undervisninga for lækjarstudentane?
Statsråd Jon Lilletun: På statsbudsjettet for 1998 har Universitetet i Bergen fått tildelt midlar svarande til ei vidareføring av 30 nye studieplassar i medisin som vart oppretta i 1997, og det er gitt løyving til ytterlegare 30 nye studieplassar, slik at opptaket på grunnivå kan haldast på same nivå som hausten 1997.
Mellom anna for å finansiere dei nye studieplassane i medisin vedtok Stortinget samstundes ein reduksjon på 2.000 studieplassar ved dei allmennvitskapelege fakulteta ved dei fire universiteta.
For Universitetet i Bergen er talet på studieplassar redusert med 489 innanfor desse fakulteta, og dette svarar til ein budsjettreduksjon på om lag 15 mill. kr. Opptaket av studentar skal ikkje berørast andre stader enn på HF-, SV- og MN-faga. Innanfor dei rammene som Stortinget og departementet legg, har styret ved universitet og høgskular likevel fridom til sjølv å fordele dei tildelte ressursane mellom fakulteta, jf. universitets- og høgskulelova § 4 nr. 3 og 4 og praktiseringa av ein rammestyrt budsjettprosess i staten.
Regjeringa er oppteken av å betre tilgangen på legar i distrikta. Planen om desentralisering av undervisninga ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen er difor viktig fordi den sikrar praksisplassar for det auka talet på studentar i medisin ved institusjonen. Eg forventar at den òg vil bidra til å betre rekrutteringa av legar i Vestlandsregionen og tilføre høg fagleg kvalitet og kompetanse ved sjukehusa som skal ta imot studentane. Eg er oppteken av at dette tiltaket skal verte vellukka, og fylgjer difor med på utplasseringa av studentar frå Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen ved sjukehusa i Førde, Stavanger og Haugesund. Departementet har òg til handsaming ei utgreiing av meirkostnaden som fylgjer denne desentraliseringa.
Planen har vore til handsaming på eit fakultetssstyremøte i januar på bakgrunn av det fakultetet oppfattar som ein vanskeleg budsjettsituasjon, og det vart understreka at vedtak om innsparingstiltak som gjer store endringar i - eller stans av - desentraliseringa, ikkje skal fattast utan at både utdannings- og helsemyndigheitene er varsla. Eg har fått stadfesta at Universitetet i Bergen no har teke til med utplasseringa, og det er ikkje varsla at det er vedteke endringar som seinkar den planlagde opptrappinga av den desentraliserte verksemda. Eg føreset difor at framdrifta i planen vert gjennomført i samsvar med føresetnadene.
Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar for svaret.
Eg er glad for den stadfestinga statsråden gav i forhold til kor viktig tiltaket med å få utplassert medisinske studentar ved sjukehusa i Vestlandsregionen er. Eg vil gjere merksam på at dette bør følgjast nøye opp, fordi ein stopp i praksisplassane vil vere eit signal til studentane om at slike ordningar kan vere mellombelse og på den måten ikkje verte prioriterte av studentane og kan dermed få som følgje at den desentraliserte opplæringa ikkje vert god nok, sett i forhold til tryggleiken for den enkelte student.
Eg håpar difor at det ikkje berre er ord når statsråden seier at han vil følgje nøye med, men at han verkeleg vil gjere det, fordi dette har signaleffektar langt utover dei medisinske studentane som no er utplasserte ved Sogn og Fjordane Sentralsjukehus.
Statsråd Jon Lilletun: Eg deler representanten Nistad si vurdering av situasjonen og kor viktig det er at dette går som planlagt.
Det er klart at det budsjettet som er vedteke for universiteta, er stramt. Budsjettet som denne regjeringa fremja, var i samsvar med det som regjeringa Jagland fremja. Men som eg sa i innlegget mitt, fylgjer vi nøye den delen som går på meirkostnadene ved å desentralisere desse studieplassane. Difor kan eg love representanten Nistad at dette er meir enn ord, at vi skal fylgje dette tett, og at dei tiltaka som er nødvendige for at planen kan gjennomførast, skal verte gjorde.