Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 18. mars 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

May Britt Vihovde (V): Eg vil stilla følgjande spørsmål til barne- og familieministeren:

I Voksenåsen-erklæringa står det: « Det vil bli tatt initiativ for å revidere gjeldsordningslovens virkemåte, slik at den i praksis gir effektiv hjelp. Det offentlige må sammen med private på en fleksibel måte medvirke til løsninger som gjeldsofrene kan leve med. »

Korleis vil statsråden følgja opp denne saka?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Gjeldsordningslova har verka i fem år. Det er til no opna gjeldsforhandling i om lag 11.500 saker, og meir enn 8.000 personar er i ferd med å gjennomføra gjeldsordninga si. Det er ikkje registrert nokon nedgang i talet på hushald som ynskjer å nytta ordninga. Det er difor liten tvil om at det er naudsynt med ei gjeldsordningslov også i såkalla gode tider. Det er elles ei røynsle våre naboland òg har gjort.

Gjeldsordningslova er ei ny form for lovgjeving som vi har lite røynsle med her i landet. Då lova vart vedteken sommaren 1992, var det ein uttalt føresetnad at det ville vera naudsynt å sjå korleis regelverket fungerte ei tid, for så seinare å koma attende med framlegg til moglege endringar i reglane.

Departementet er no i gang med å gå gjennom lova for å sjå om det er naudsynt at regelverket blir endra og gjort klårare. Vi ser m.a at lova blir praktisert ulikt domstolane imellom. Det kan difor vera grunn til å sjå nærare på ordlyden i vilkåra for å koma inn under lova. Etter lova kan berre den som er « varig ute av stand til » å gjere opp for seg, få gjeldsordning, og ei gjeldsordning må heller ikkje vera « støtende » for andre skyldnarar eller for samfunnet elles. Desse omgrepa blir tolka og praktiserte ulikt.

Det same gjeld spørsmålet om lengda på gjeldsordninga. Ei gjeldsordning skal som hovudregel ikkje strekka seg over meir enn fem år. Vi ser likevel at gjeldsordningar på åtte eller ti år blir fastsette nokså ofte somme stader i landet. Her òg kan det difor vera naudsynt med ei klårgjering.

Vidare vil vi sjå nærare på kva slags utgifter som kan settast av til livsopphald. Her syner praksis store skilnader. Det er særleg grunn til å undersøkja om noko kan gjerast for å sikra at familiar med born får behalda tilstrekkeleg av inntektene sine. Endeleg er det grunn til å vurdera dei reglane og den praksisen som offentlege kreditorar fylgjer i saker etter gjeldsordningslova. Etter det eg forstår, er denne praksisen ofte svært streng mot skyldnaren.

Det vil òg vera aktuelt med einskilde mindre, tekniske justeringar som eg ikkje ser grunn til å koma nærare inn på her. Under arbeidet med å gå gjennom lova vil det vera naudsynt å henta inn synspunkt frå både ulike brukargrupper og dei organa som handhevar lova. Dette er eit arbeid som fagavdelinga i departementet no er i gang med.

Når gjennomgangen av lova er ferdig, vil det eventuelt bli utarbeidd eit høyringsnotat som på vanleg måte vil bli lagt fram for ulike instansar. Arbeidet med eit slikt notat er omfattande, og eg kan i dag ikkje seia noko nærare om når vi blir ferdige med dette arbeidet.

Lodve Solholm hadde her teke over presidentplassen.

May Britt Vihovde (V): Eg takkar statsråden for svaret.

Det er bra at me har funne fram til ei ordning der folk kan vera i stand til å hjelpa seg sjølve og løysa sine økonomiske problem ved eiga hjelp. Dette er ei ordning som i utgangspunktet skulle vera mellombels, men det viser seg at det faktisk er behov for denne ordninga sjølv om Noreg no går så det suser. Ei undersøking som namsmannen i Oslo har gjort, viser òg at det framleis er stort behov for denne ordninga. Eg vonar at statsråden vil sjå på dette og vurdera om det kan bli ei permanent ordning.

Den undersøkinga som namsmannen i Oslo gjorde, viser òg at ordninga er bygd opp slik at ho kan praktiserast med veldig stort skjøn. Dette gir ulikskap, som statsråden var inne på i sitt svar. Det er òg uklare linjer når det gjeld klagerett, og det blir veldig ulik praktisering. Vil statsråden i dette arbeidet sjå på om lovverket kan bli gjort meir oversiktleg slik at det blir til større likskap?

Eg vonar at statsråden kan prioritere dette arbeidet høgt og få fortgang i saka.

Presidenten: Presidenten må be om at talarane held seg innanfor taletida, då det i denne spørjetimen er høve til to tilleggsspørsmål med svar.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er heilt samd i den beskrivinga som representanten gir av korleis dette fungerer.

Spørsmålet om dette skal vera ei permanent ordning eller ikkje, er det for tidleg å svara på. Eigentleg burde ho ikkje vera det, for denne lovendringa skulle rydda opp i ein del forhold som vonleg var førebelse. Men ein ser faktisk at dei som får hjelp under gjeldsordningslova i dag, er i ein annan kategori enn dei som fekk hjelp då lova vart innført - det er nye grupper. Eg er litt redd for at vi skal få ei ordning der det blir framvekst av stadig nye grupper som treng hjelp under gjeldsordningslova. Men når eg legg det til grunn for svaret mitt, skal vi òg sjå på det når vi vurderer endringar.

Det som er heilt klårt, er at med så stort skjøn som det ligg i lova i dag, blir det for lita oversikt, og det blir for stor skilnad mellom domstolane. Det er vi nøydde til å gjera noko med.

Når det gjeld fortgang i arbeidet, skal eg gjera så godt eg kan. Eg er klår over at dette er noko som mange ser fram til at det blir gjort noko med.

: