Stortinget - Møte onsdag den 18. mars 1998
Spørsmål 2
Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:
I oppslag i VG 12. mars 1998 forteller en far at han nektes å få utbetalt sin fire ukers fedrekvote. Begrunnelsen er at hans samboer tok ut permisjon uten lønn. Hadde hans samboer tatt ut ferie, ville faren fått fødselspenger.
Vil statsråden se på hvordan praktiseringen av dagens regelverk fungerer?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Retten til fødselspengar er regulert i folketrygdlova. Etter folketrygdlova sine reglar må faren ta sine fire veker, det som blir kalla fedrekvoten, innanfor den totale stønadsperioden på 42 eller 52 veker avhengig av vald dekningsgrad. Folketrygdlova bestemmer vidare at stønadsperioden for mor og far skal vera samanhengande frå seinast tre veker før fødsel og fram til siste stønadsdag.
Kravet om at stønadsperioden skal vera samanhengande, kan etter det regelverket vi har i dag, berre fråvikast i heilt bestemte tilfelle. Stønadsperioden kan utsetjast når stønadsmottakaren er for sjuk til å ta seg av barnet, er innlagd i helseinstitusjon eller når han eller ho avviklar lovbestemt ferie. Permisjon utan lønn gir ikkje rett til utsetting av stønadsperioden.
Når det gjeld spørsmålet om vi vil sjå på korleis reglane på dette området fungerer i praksis, vil eg visa til at i dag tek 75 % av fedrar med rett til fødselspengar ut fedrekvoten. Vi har ikkje motteke mange signal om at regelen om at heile den lønna permisjonen må takast ut samanhengande, skapar spesielle problem i praksis. Fedrekvoten er for tida under evaluering, og når resultatet ligg føre, vil vi ha eit betre grunnlag for å vurdera om det er trong for å endra regelverket, og om ordningane bør gjerast meir fleksible.
Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg takker statsråden for svaret. Det oppslaget i VG jeg viser til, gjelder en familie som har mistet et barn i krybbedød. De ønsker av den grunn at mor skal være hjemme lenger, og hun tar ut permisjon uten lønn. Hadde hun tatt ferie, ville hun fått fødselspenger. Etter min mening kan ikke dette være en fornuftig praktisering av dagens regelverk. Det bidrar heller ikke til å få fedre til å ta del i omsorgen for barn og hjem.
Jeg synes at informasjonsplikten til trygdekontorene er veldig viktig. Vi ser jo her at regelverket sier at permisjon uten lønn ikke gir rett til å få utbetalt fødselspenger. Dette er etter min mening et eksempel på at folketrygdlovens bestemmelser tolkes på en firkantet måte og ikke setter brukeren i sentrum. Det er det jeg ber statsråden se litt nærmere på.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No har ikkje eg gått i detalj når det gjeld oppslaget i VG, men eg har lese VG-reportasjen, og eg er i grunnen samd med representanten når ho seier at det verkar som det er ei veldig firkanta tolking. Det er klart at dette er eit av dei tilhøva vi kan sjå på når vi skal vurdera korleis fedrekvoten verkar. At det var snakk om krybbedød i dette tilfellet, var eg ikkje merksam på. Eg vil heller ikkje karakterisera det arbeidet som er gjort før, men eg kan seia til representanten at eg synest sjølv at dette verkar noko firkanta, og det kan vera at det er noko av det vi skal mjuka opp. Samstundes er vi nøydde til å ha eit regelverk som er greitt å fylgja opp, slik at òg fedrane tek ut sin kvote så nær opp til barnet sitt fyrste år som mogleg. For det er akkurat kontakten mellom fedrar og born det fyrste leveåret vi har sett som viktig når vi har peika på at fedrane skal ha sine fire veker i høve til fødselspermisjon.
Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg takker igjen statsråden for svaret og synes det er veldig positivt at hun vil ta en gjennomgang av praktiseringen.
Jeg vil også si at det er klart at saksbehandlerne ved offentlige kontorer ofte har en vanskelig jobb. Men det som er poenget, er at vi må kunne åpne litt mer for skjønnsvurderinger - det er litt mer smidighet som er poenget. Det er på en måte slike retningslinjer og signaler jeg hadde håpet statsråden kunne gi til bl.a trygdekontorene når det gjelder praktiseringen av dette med å ta ut fedrekvote.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det var vel eigentleg ikkje eit spørsmål, men meir ein merknad.
Eg kan vera samd i merknaden frå representanten. Samtidig er det ikkje alltid like lett å opna for mykje for skjøn heller, for då blir det vanskeleg å ta avgjerd i slike saker. Men eg ser poenget og skal fylgja det opp når vi no skal sjå på korleis fedrekvoten fungerer.