Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 11. mars 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Jon Olav Alstad (A):

Statsråden har i Dagsavisen Arbeiderbladet uttalt at hun vil vurdere å fremme tiltak som stimulerer menn til å ta mer omsorg for barn. Hun innrømmer at fedrekvoten er bra, men mener det « er litt knuslete av Arbeiderpartiet bare å gi fire av 52 uker til mannen ».

Hva vil statsråden gjøre for å stimulere menn til mer omsorg for barn, og hvor mange uker permisjon kan mannen forvente å få gjennom fedrekvoten når statsråden skal fremme sak om omsorg for barn i løpet av våren?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten Jon Olav Alstad spør kva eg vil gjera for å stimulera fleire menn til å ta omsorg for born, og kor mange veker permisjon mannen kan venta å få gjennom fedrekvoten når eg skal fremma sak om omsorg for born i løpet av våren. Eg reknar med at han då tenkjer på kontantstøtta, og der kom det ikkje noko forslag om eigen fedrekvote.

Det er riktig at eg synest fedrekvoten er bra, og statistikken syner at ordninga har fungert etter intensjonen. Fedrekvoten blei innførd den 1. april 1993. Medan det i 1992 var 920 fedrar som tok ut ein del av fødselspengeperioden, var det i 1997 heile 27.000 fedrar som nytta retten til fedrekvote. Dette svarar til ca 75 % av dei fødslane der det låg føre plikt til å ta ut fedrekvote. Eg vonar at ei evaluering av fedrekvoten, som snart vil ligga føre, vil gje svar på kvifor ein fjerdedel av fedrane ikkje nytta denne kvoten.

Eg vil nytta høvet til å minna om at foreldra, føresett at begge har opparbeidd rett til fødselspengar, sjølvsagt står fritt til å dela fødselspengeperioden, slik at faren kan ta langt meir enn fedrekvoten på fire veker. Det fylgjer av lova at mora må ta ut tre veker før fødselen og dei fyrste seks vekene etter fødselen. Utover dette kan foreldra velja at faren tar heile eller delar av resten av fødselspengeperioden. For at faren skal kunna ta meir enn fedrekvoten på fire veker, er det etter lova krav om at mora tar opp att arbeid eller tar til med eller tar opp att utdanning på heiltid. Faren kan òg ta over retten til fødselspengar i situasjonar der mora er innlagd i helseinstitusjon eller er så sjuk at ho er heilt avhengig av hjelp frå faren for å ta seg av barnet. Statistikken syner ein gledeleg auke når det gjeld talet på menn som tar ut meir enn fire veker. I 1994 tok om lag 1.600 fedrar permisjon utover fedrekvoten, i 1995 var talet 2.085 fedrar, og tal frå 1996 syner at 3.576 fedrar tok ut meir enn dei obligatoriske fire vekene. Dette syner at ein del fedrar tar ut permisjon utover det som er pålagt.

Trass i denne utviklinga vil Regjeringa likevel på sikt gå inn for å utvida fedredelen av foreldrepermisjonen. Men dette må skje ved ei utviding av sjølve persmisjonen, og det er ikkje det vi prioriterer fyrst i denne omgangen. Regjeringa går òg inn for at fedrar skal opparbeida eigne rettar til fødselspengar i folketrygda uavhengig av mora si opptening. Dette har eg lova å fremma i denne stortingsperioden. Begge desse tiltaka vil gjera det lettare for fleire fedrar å ta ut ein større del av foreldrepermisjonen.

Når det gjeld kontantstøtta, som har fått fyrsteprioritet, er det nok som for foreldrepermisjonen sannsynleg at mødrene vil gjera bruk av ordninga i større grad en fedrane. Eg trur likevel at det på litt sikt vil bli ei meir likestilt omsorg òg for born mellom eitt og tre år. Etter arbeidsmiljølova har kvar av foreldra rett til inntil eitt års uløna permisjon i tillegg til det året dei får fødselspengar frå folketrygda. Eg vonar at det vil føra til at foreldra tar eitt år kvar når kontantstøtte inntil tre år er innførd.

Jon Olav Alstad (A): Jeg takker for svaret.

Vi ser fram til den evalueringen av fedrekvoten som kommer. Jeg tror jeg allerede nå kunne ha sagt veldig mye om hvorfor en del menn ikke tar den ut; det er en del åpenbare justeringer som må foretas for at det skal skje. Men det er ingen tvil om at fedrekvoten etter hvert har fungert på en slik måte at det er skapt en helt ny farsrolle blant den generasjon fedre som har gleden av å oppleve dette.

Nå får vi en kontantstøtte som vil fungere slik at etter at kvinnen har vært ute i svangerskapspermisjon - det er jo fortsatt det som er hovedsaken - skal mannen ta ut én måneds fedrekvote, og så får man igjen kontantstøtteperioden der kvinnen vil gå ut. Det er de økonomiske realitetene for småbarnsfamiliene som gjør at man faktisk risikerer at en del vil velge ikke å ta ut fedrekvoten, fordi det er vanskelig for kvinnen å få jobb i én måned.

Jeg har hatt en del utfordringer til Regjeringen. Egne rettigheter til opptjening av fødselspermisjon - utvidet fødselspermisjon - er jeg veldig glad for at statsråden signaliserer at hun kan være interessert i å komme tilbake til. Jeg håper hun gjør det fort.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur òg, som spørjaren, at det faktisk er økonomiske realitetar som gjer at det førebels er mødrene som tar ut størstedelen av rettane, fordi dei tener mindre. Då kjem vi inn på likelønsproblematikken, og det er ein for lang debatt å dra opp her i dette svaret.

Når eg seier at vi på sikt vil utvida foreldrepermisjonen, kan eg ikkje lova det på veldig kort sikt - det skjønar sikkert òg spørjaren - fordi vi har prioritert kontantstøtta fyrst og i neste omgang eigne fedrerettar. Eg trur at det som vil koma fram i ei evaluering av korleis fedrerettane er brukte, er at grunnen til at 25 % ikkje har brukt dei, er at fedrane ikkje har opptent sine eigne rettar. Det var med interesse eg høyrde på fjernsynet i går at den statssekretæren som sat i Barne- og familidepartementet inntil november i fjor, no etterlyser eigne rettar for fedrane, utan at det blei fremma av den førre regjeringa. Eg kan ikkje seia når det kjem, men lovar at det skal koma innan denne fireårsperioden.

: