Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998
Spørsmål 38
Rune E Kristiansen (A): Jeg har følgende spørsmål til utdanningsministeren:
Det var planlagt 255 studentboliger ved universitetet på Blindern. Etter at staten forlangte markedspris for leie av tomta, så ikke Studentsamskipnaden i Oslo noen mulighet for å gjennomføre prosjektet.
Hva vil statsråden foreta seg konkret i denne sak?
Statsråd Jon Lilletun: Få nybygde bustader og auken i bustadprisane i Oslo har til saman skapt ein vanskeleg situasjon for studentar som søkjer mellombels bustad. Eg er uroa over situasjonen fordi rimelege bustader er nødvendig for å sikre lik rett til utdanning, uavhengig av kvar studentane kjem ifrå og kva slags økonomisk situasjon dei er i. Bygging av studentbustader er eit viktig tiltak i denne samanhengen, sjølv om bustadtilbodet for studentar må sjåast i samanheng med marknaden for bustader elles. Når det gjeld tilsegn om bygging av bustader for studentar, har Oslo vorte særleg prioritert i fordelinga dei siste åra, slik at det er håp om at fleire slike bustader kan vere tilgjengelege for studentar innan kort tid.
Eg er godt kjend med Studentsamskipnaden i Oslo sine planar for studentbustader ved sida av idrettsbygget ved Universitetet i Oslo. Planane inneheld bygging av 225 studentbustader i fyrste byggetrinn. I samband med tilsegn om tilskott til studentbustader for 1998 vil planane verte vurderte i departementet og av Rådgivende organ for studentboligbygging for kontroll av kostnader og tilfredsstillande standard ved bustadene.
Regjeringa har ikkje avslutta arbeidet med spørsmålet om det skal takast marknadspris for leige av tomta som representanten viser til. I tråd med kgl.res 13. desember 1997 med instruks om avhending av fast eigedom som tilhøyrer staten, må eit eventuelt forslag om bortfeste av tomt i Gaustadbekkdalen til lågare pris enn marknaden kan gje, leggjast fram for Stortinget til handsaming.
Rune E Kristiansen (A): Jeg vil først takke for svaret. Jeg er glad for at statsråden ser med bekymring på den dramatiske situasjonen for studenter ikke minst når det gjelder studentboliger i Oslo. Det er ingen tvil om at den bare på kort tid har blitt dramatisk forverret. Jeg vil si det så sterkt at boutgifter og studentboliger på mange måter truer retten til lik utdanning hvis vi ikke klarer å få et fastere grep om situasjonen. Jeg forstår at statsråden og Regjeringen har ønske om en gjennomgang av situasjonen, og jeg har et tilleggsspørsmål når det gjelder nettopp de studentboligene. Vil Regjeringen vurdere slike tilskuddsordninger for utleieboliger for ungdom og vanskeligstilte som i dag kommer inn under Husbanken? Kan det være aktuelt å vurdere om også studenter kan komme inn under tilsvarende ordninger, slik at man klarer å presse inn en løsning i den akutte situasjonen vi er oppe i nå?
Statsråd Jon Lilletun: Eg er enig i den skildringa av situasjonen som representanten Kristiansen gav. Når det gjeld Gaustadbekkdalen, arbeider vi med det i Regjeringa og vil eventuelt kome tilbake til det ved eit seinare høve - det rette tidspunktet vil truleg vere i revidert nasjonalbudsjett - for eventuelt å få tilslutning til ein annan pris.
Vi har òg ei utgreiing om utleigebustader på gang. Husbanken er jo ein profesjonell aktør i bustadmarknaden, og det er ein idé det som representanten Kristiansen kom med, som òg Regjeringa arbeider med. Men eg har ingen konklusjon, for utgreiingsarbeidet er ikkje avslutta enno. Men det vert sett på som så aktuelt at ein vurderer det.