Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998
Spørsmål 31
Siri Frost Sterri (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Stortingets lovvedtak om musikk- og kulturskoletilbudene i alle kommuner vil tre i kraft fra 1. juli 1998.
Hvordan vil statsråden følge opp dette lovvedtaket?
Statsråd Jon Lilletun: Musikk- og kulturskuletilbodet er godt etablert i eit stort fleirtal av kommunane. I skuleåret 1996-97 var det 347 kommunar som gav musikk- og kulturskuletilbod, og som fekk utbetalt statstilskot. I samband med statsbudsjettet for 1998 vedtok Stortinget at dei kommunane som ikkje hadde musikk- og kulturskuletilbod hausten 1997, skulle få kompensasjon for kommunal medfinansiering gjennom ein auke i rammetilskotet. For dei kommunane som ikkje allereie har etablert musikk- eller kulturskuletilbod, vil lovfestinga føre med seg meirutgifter rekna til 24 mill. kr pr. år til den kommunale medfinansieringa. Rammetilskotet til kommunane vart derfor auka med 10 mill. kr i 1998. Den resterande delen av kompensasjonen vil bli lagd inn i rammetilskotet i budsjettet for 1999.
Regjeringa føreslo i samband med St.prp.nr.1 Tl.03 (1997-1998) å auke midlane til utviklingsprosjekt i regi av eller i samarbeid med Norsk Musikk- og Kulturskoleråd med 2,4 mill. kr, slik at den samla løyvinga til dette føremålet for 1998 er på 6,4 mill. kr. Stortinget gav tilslutning til dette under budsjettbehandlinga. I 1997 vart utviklingsmidlane brukte til å føre vidare utviklingsprogrammet « Positivt skolemiljø », til arbeid med oppstarting av nye musikk- og kulturskular og til å evaluere « Kulturskoleprosjektet ».
Frå 1996 fekk Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag overført fleire forvaltningsoppgåver på musikk- og kulturskuleområdet frå departementet. Dette gjeld oppgåver som bl.a medverknad til vidareutvikling av tilskotsordningane og tilskotsrutinane, informasjon til dei andre utdanningskontora om statlege reformer og utdanningspolitiske mål med konsekvensar for dei kommunale musikk- og kulturskulane, fordeling av statlege midlar til utviklingstiltak på grunnlag av plan for utviklingsarbeid godkjend av departementet og utarbeiding av årlege rapportar og statistikk.
Departementet vil no summere opp forsøksarbeidet som er gjennomført dei seinaste åra, og kva for røynsler ein kan trekkje av dette arbeidet med tanke på den framtidige organiseringa av og innhaldet i musikk- og kulturskulane. For å utføre dette arbeidet vil departementet setje ned ei arbeidsgruppe. Arbeidsgruppa får m.a til oppgåve å
- summere dei erfaringane som er gjorde i forsøka med musikkskular, kunstskular m.m, med tanke på framtidig organisering og innhald etter lovfesting av musikk- og kulturskuletilbodet
- utarbeide utkast til rettleiing om organisering og innhald i det nye tilbodet
- kome med forslag som kan medverke til god organisering og innhaldsmessig utvikling av musikk- og kulturskuletilbodet dei næraste åra
Gruppa skal setjast saman av representantar frå ulike instansar som har stått sentralt i utviklingsarbeidet dei seinare åra, m.a Norsk Musikk- og Kulturskoleråd. Departementet vil seinare ta stilling til korleis dette arbeidet kan leggjast fram for Stortinget, anten i samband med budsjettet eller som ei eiga melding.
Siri Frost Sterri (H): Svaret bekrefter at stortingsrepresentant Lilletun har tatt med seg sitt sterke engasjement for musikk- og kulturskoler i arbeidet som statsråd. Det er jeg glad for.
Jeg er helt enig med ham i at det her kan være behov for en nærmere utredning. Det er viktig å avklare statens videre rolle uten at det iverksettes byråkratiske ordninger som kan bremse på den positive utviklingen som er i gang i kommunene.
La meg bare nevne noen stikkord i tillegg til det statsråden selv nevnte. Når det gjelder dimensjonering, er den tidligere satt til 30 %. Det var før kulturskolene kom med. Så er det spørsmål om hva målet for statens bidrag i utgiftsfordelingen bør være, og hvilket ansvar utdanningskontorene bør ha i dette. Jeg er særlig glad for at statsråden nevner at Norsk Musikk- og Kulturskoleråd skal med i arbeidsgruppen - det er for øvrig 25 år i disse dager, og vil være en viktig samarbeidspartner.
Statsråd Jon Lilletun: Eg vil svært gjerne få lov å returnere til representanten Siri Frost Sterri: Det er få saker som har samla så brei politisk oppslutning på tvers av partia i Stortinget når det gjeld skulesektoren, som akkurat musikk- og kulturskulane, og ikkje minst representanten Frost Sterri har vore sentral i det arbeidet.
Det representanten Frost Sterri hadde som tilleggsmoment i forhold til det eg ville dra inn i dette arbeidet, tek eg med meg - og takkar elles for samarbeidet!