Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 30

Per Ove Width (Frp): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

I 1991 vedtok Det regionale høgskolestyret for Vestfold at lærerutdanningen på Eik lærerhøgskole i Tønsberg skulle flyttes til Borre og samlokaliseres på høgskolen på Bakkenteigen.

Vil statsråden ta initiativet til at det blir gjennomført en grundig analyse av økonomiske, faglige og miljømessige forhold av begge alternativene før eventuelt flytting blir gjennomført?

Statsråd Jon Lilletun: Det regionale høgskulestyret for Vestfold og seinare styret for Høgskulen i Vestfold har lenge arbeidd for å samle heile høgskulen. Den staden som peikar seg ut for ei slik samling, er Bakkenteigen i Borre, der teknologiutdanninga og høgskulen sin administrasjon no ligg i lokale som vart opna i 1991 og 1997. Det er òg bestemt at sjukepleiarutdanninga i Tønsberg skal flyttast dit.

I slike saker tek departementet utgangspunkt i St.meld.nr.40 (1990-1991). Bakgrunnen for reformene i høgre utdanning var å gjere høgskuleeiningane fagleg og administrativt meir effektive. Samlokalisering vart peika på som eit mogleg middel for å få til det, og departementet vurderer difor samlokalisering der det ligg til rette for det. Det vert i slike saker alltid vurdert kva for alternativ ein har, faglege så vel som miljømessige, og kva det vil koste å flytte verksemda.

Spørsmålet om flytting av lærarutdanninga i Vestfold har ei lang forhistorie i høgskulen sine styrande organ. Høgskuleanlegget på Eik er for lite til den verksemda som er der no. Når departementet blir bede om å sjå nærare på moglegheita for flytting, gjer vi det.

Det er vanleg at Stortinget får høve til å ta stilling til slike spørsmål i samband med at det vert gjort framlegg om byggjeløyving. Det vil skje i denne saka òg. Det er for tidleg å seie noko om når dette kan skje. Eg vil syte for at alle relevante forhold rundt spørsmålet om flytting/samlokalisering vert vurderte ved endeleg framlegging av saka.

Per Ove Width (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.

Av et anerkjent konsulentfirma er det anslått at byggekostnadene ved flytting av lærerutdanningen til Bakkenteigen vil komme på 250-300 mill. kr. I dette beløpet er det ikke tatt med kostnader til idrettsanlegg, idrettshall, svømmehall, inventar og utstyr. Flyttingen vil dessuten kreve store investeringer til utbedring av veier, sykkelstier og studenthybler.

Av erfaring vet vi at offentlige bygg ofte blir betydelig dyrere enn det de første planene antyder. Det er derfor høyst realistisk å anta at totalkostnadene ved å flytte lærerutdanningen til Bakkenteigen vil ende opp mot en halv milliard kr. Riktignok uprofesjonelle vurderinger av det å beholde lærerutdanningen på Eik, tilsier at kostnaden da vil komme på 25-30 mill. kr. Er det da slik at statsråden fortsatt ikke vil vurdere de realistiske tingene som jeg har fremført i mitt tidligere spørsmål, for å få dette helt utredet?

Statsråd Jon Lilletun: Det eg sa i mitt fyrste svar, var at det er dei organa som sit som styringsorgan, som er dei vi byggjer mest på i høve til korleis vi skal fylgje opp utviklinga ved ein høgskule, når dei byggjer på dei vedtaka Stortinget har gjort. Men samstundes sa eg avslutningsvis at alle forhold ved saka, både økonomiske, miljømessige, pedagogiske og faglege, vil verte vurderte før endeleg standpunkt vert teke. Ein kan vel òg seie at det for tida er så stor økonomisk aktivitet i fedrelandet at eg trur vel at tempoet når det gjeld offentlege bygg, kan verte påverka ein del av det framover. Men eg kan love representanten Width at alle forhold skal verte tekne med i vurderinga frå departementet si side.

: