Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998
Spørsmål 3
Dag Danielsen (Frp): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til barne og familieminister Valgerd Svarstad Haugland:
Grendern ungdomskafé på Stovner senter er ifølge Stovner-politiet en vesentlig faktor til at ungdomsproblemene/kriminaliteten i området har blitt redusert. Driften av kafeen er i stor grad basert på frivillighet og har gratis lokaler fra Stovner senter. Kafeen trenger allikevel offentlig støtte for å kunne opprettholde driften, og man har derfor søkt om støtte fra tilskuddsordningen « Ungdomstiltak i større bysamfunn ».
Hva vil statsråden gjøre for å bidra til at driften av kafeen blir opprettholdt?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Stovner bydel, der Grendern ungdomskafé har lokala sine, er ein av dei sju prioriterte bydelane i Oslo som får stønad gjennom tilskotsordninga « Ungdomstiltak i større bysamfunn ». Grendern ungdomskafé har fått statleg tilskot sidan 1992.
Tilskotsordninga « Ungdomstiltak i større bysamfunn » er laga for å støtta opp om nye tiltak og prosjekt, og ein støttar desse over nokre år. Ordninga stiller ei rekkje krav til dei kommunane/bydelane som får tilskot. Søknader om midlar til tiltak og prosjekt som er lokaliserte til bydelen, skal sendast og koordinerast gjennom bydelsforvaltninga. Bydelen skal gjera ei vurdering og politisk prioritering av søknadene før dei blir sende vidare til departementet. Tilskotsordninga stiller òg krav om at bydelen/kommunen må gjera vedtak om at dei på sikt vil overta tiltaka. Dette gjeld i dei tilfella det er søknad om tilskot utover tre år. Bydelen/kommunen bør rekna eigendel i finansieringa.
Stovner bydel sende i alt elleve søknader for tilskotsåret 1998. Grendern ungdomskafé var prioritert svært lågt, på tiande plass. Bydelen signaliserte ein kommunal eigendel, men tok atterhald for politiske vedtak som kunne endra den kommunale satsinga for 1998. Stovner bydel opplyste i brev til departementet av 14. januar 1998 at bydelsutvalet handsama budsjettet den 18. desember 1997, og hadde vedteke at det kommunale tilskotet skulle takast bort i 1998. Årsaka til dette skal m.a vera bydelen si vurdering av at kafeen hadde svært få brukarar. Etter våre opplysningar var dette eit einstemmig vedtak.
Bydelen opplyser i brev av 26. februar 1998 til departementet at leiaren av Grendern ungdomskafé ikkje ynskjer å halda oppe samarbeid med bydelen, med dei vilkåra for tilskot til drifta som bydelen har hatt. Departementet forstår det slik at Grendern ungdomskafé sjølv ynskjer å basera seg på andre former for tilskot og støtte frå frivillige. Stovner bydel held oppe søknaden om økonomisk støtte til tiltaket og ber departementet akseptera at Grendern sjølv står for ein eigendel, men at bydelen fylgjer opp tiltaket med møter og gjennom å få rekneskap og rapport.
Grendern ungdomskafé har fått midlar frå departementet si storbyløyving i seks år. Stovner bydelsutval har vedteke ikkje å gje tiltaket økonomisk stønad lenger. Departementet vurderer det frivillige arbeidet høgt og har difor medverka til at drifta av kafeen har vore mogleg i seks år. Mitt svar til representanten Dag Danielsen er difor at søknaden for 1998 for tida er under handsaming, og at svar på søknaden ligg føre i løpet av kort tid.
Eg har likevel lyst til å understreka verdien av likehandsaming gjennom å fylgja retningslinene for tilskot, og at vi viser respekt for bydelsutvalet si vurdering. Praksis har vore at ein har lagt vekt på bydelen/kommunen si prioritering og vurdering av desse sakene.
Dag Danielsen (Frp): Jeg er virkelig glad for at jeg tok dette spørsmålet opp i spørretimen. Bydelens innstilling til denne saken har fått et politisk etterspill, og saken vil derfor, etter de opplysninger jeg har fått, komme opp til ny behandling. Jeg er glad for at ministeren stiller seg positivt til denne saken.
Dette er et glimrende eksempel på at ungdom tar ansvar og driver forebyggende virksomhet, med bl.a ungdomspatrulje og narkotikabekjempelse, og det er en stor grad av frivillig innsats inne i bildet her. Administrasjonssjefen i bydelen har gått inn og forsøkt å overstyre et prosjekt som har virket helt utmerket. Det har bl.a Stovner politikammer bekreftet, og de har imøtegått de opplysningene som er kommet fra bydelen om dårlig besøk på kafeen osv.
Mitt spørsmål er da: Dersom det jeg nå har redegjort for, bekreftes, vil ministeren se positivt på denne søknaden?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg vil ikkje gå i gang med ei handsaming av søknaden her og no frå Stortingets talarstol, men det er rett at vi har fått ein del opplysningar, som eg òg sa i svaret mitt, om at det er ein lite brukt kafé. Er dei opplysningane feil, og får vi andre tilleggsopplysningar frå bydelen, er det klart at det vil telja tungt for oss når vi no skal vurdera søknaden. Eg kan ikkje gje representanten Danielsen eit klart ja eller nei i dag, men alle nye tilleggsopplysningar som er til kafeen sin fordel, vil sjølvsagt bli tekne med i vurderinga. Det hadde òg vore bra om Stovner bydel kunne gjera ei anna prioritering enn det dei innleiingsvis har gjort. Av elleve søknader har dei sett dette prosjektet på tiande plass. Det er ikkje ei særleg høg prioritering, slik vi har vurdert det i departementet.