Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998
Spørsmål 28
Jan Johnsen (H): Jeg har følgende spørsmål til utdannings- og forskningsministeren:
Det lenge planlagte prosjektet med desentralisert undervisning for legestudenter ved SiR fra Universitetet i Bergen er i fare. Medisinsk fakultet mangler 9 mill. kroner i 1998 for å gjennomføre prosjektet.
Vil statsråden se hva som kan gjøres, slik at prosjektet kan gjennomføres som planlagt?
Statsråd Jon Lilletun: Mellom anna for å sikre praksisplassar for det auka talet på studentar i medisin ved Universitetet i Bergen vil desse studentane verte fordelte på sjukehusa i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Utplasseringa av dei første studentane ved sjukehusa i Rogaland skal setjast i verk allereie i mars i år og skal trappast opp dei næraste tre åra.
Statsbudsjettet for 1998 inneheld midlar til vidareføring av 30 nye studieplassar i medisin som vart oppretta for Universitetet i Bergen i 1997, og det er sett av midlar til ytterlegare 30 nye studieplassar, slik at opptaket på grunnivå kan haldast på 150, det same nivået som hausten 1997. Når det gjeld tildelinga til Det medisinske fakultet, må det strekast under at utdanningsinstitusjonane innanfor dei rammene som Stortinget og departementet legg, har fridom til sjølve å disponere tildelte midlar - jf. praktiseringa av ein rammestyrt budsjettprosess i staten. Det er styret ved universiteta og høgskulane som har dette ansvaret.
Som eg har streka under i spørjetimen tidlegare, må institusjonane, dersom dei meiner at dei ikkje kan gje undervisning til så mange studentar som departementet har føresett, ta dette opp med departementet. Institusjonen må då gjere greie for kvifor opptaket ikkje kan haldast ved lag slik departementet har pålagt, og departementet må i tilfelle vurdere dei disposisjonane institusjonen har gjort.
Universitetet i Bergen har ikkje varsla at ein ikkje kan ta opp så mange studentar på medisinutdanninga som departementet har føresett, eller at den planlagde desentraliseringa av undervisninga ikkje kan gjennomførast. Eg reknar difor med at opptaket til medisinstudiet i Bergen blir gjennomført som føresett, og at praksis ved sjukehusa i Rogaland og Sogn og Fjordane vert starta opp. Eg er kjend med at fylkeskommunane skal markere starten om vel ei veke.
Når det gjeld meirkostnader som følgjer av desentralisering av undervisninga til sjukehusa innan Helseregion Vest, som representanten spør om, så har departementet vore i kontakt med Universitetet i Bergen for å avklare dette. Det ligg no føre ein søknad frå universitetet om dekking av meirkostnader som universitetet får i samband med at studentane må flytte, og meirutgifter til sjølve undervisninga. Departementet vil behandle søknaden så snart råd er.
Jan Johnsen (H): Jeg har et tilleggsspørsmål. Jeg forstår det slik at det i budsjettet faktisk ikke er tatt høyde for denne merutgiften ved den desentraliserte delen. Er det da slik det kan se ut til, at det er uklarhet omkring dette, og at en må få slått fast det egentlige behovet for midler slik at prosjektene med desentralisert undervisning for legestudenter ved sykehus i Helseregion Vest kan iverksettes som planlagt? For ordens skyld kan jeg nevne at disse studentene startet opp for fire dager siden, så det er uhyre viktig at vi nå får klarhet i dette slik at disse fremtidsrettede og spennende tiltakene kan fortsette.
Statsråd Jon Lilletun: Om det er slik at det i det opphavlege budsjettet ikkje vart teke høgd for meirutgiftene ved den desentraliserte delen, eller det no er generelle innstrammingar av universitetsbudsjetta som er årsaka til dette, det skal eg ikkje her og no seie, for det har eg ikkje detaljkunnskap nok om. Men som sagt, Universitetet i Bergen har teke opp dette med ekstrakostnadene, og det er vi innstilte på å finne ei løysing på.
Når det gjeld dette at undervisninga vert starta opp i samsvar med dei føresetnadene som har lege føre, veit vi, som representanten Johnsen sjølv sa, at den allereie er i gang. Vi er sjølvsagt heilt innstilte på at dette skal få ei god løysing både i Rogaland, Bergen og Sogn og Fjordane.