Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998
Spørsmål 27
Rolf Reikvam (SV): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Ordningen med igangsetting av nye studier på høgskolene er sterkt begrenset. De må blant annet gjennom full søknadsrunde for studier som for eksempel en ekstern oppdragsgiver ønsker å finansiere fullt ut innen et område de fra før ikke har godkjenning på. Godkjenningsprosedyren tar da et halvt til ett år. Deretter må det utarbeides studieplan og få den godkjent.
Vil statsråden ta initiativ til å endre regelverket slik at det blir lettere for høgskoler å opprette nye studietilbud?
Statsråd Jon Lilletun: I § 46 i lov om universitet og høgskular heiter det at det er departementet som skal fastsetje kva for fag, emne eller liknande som institusjonen kan tilby, og som skal gå inn i grunnlaget for ein grad, ei yrkesutdanning eller eit utdanningsprogram som er fastsett med heimel i § 45 nr. 1 i same lov.
Departementet har laga eigne retningsliner for etablering av nye fag og studium, planarbeid og godkjenning av planar ved dei statlege høgskulane. Etter desse retningslinene skal høgskulane søkje departementet om godkjenning av fag og studium som har normert studietid på eit halvt år eller meir. Viktige omsyn i vurderinga av søknadene om etablering er spreiing av fag ut frå nasjonale behov, arbeidsdeling i Noregsnettet og fagprofilen og den faglege kompetansen ved den enkelte høgskulen. Ryddige prosedyrar og høg kvalitet i arbeidet med utvikling av nye fagtilbod er viktig. Denne kvalitetssikringa fører til ei sakshandsaming når det gjeld søknader om etablering, som nok kan opplevast som omstendeleg, særleg når eksterne oppdragsgjevarar ønskjer igangsetjing av nye tilbod svært raskt. Departementet krev derfor noko mindre dokumentasjon i saksutgreiinga for oppdragsstudium enn for ordinære studium. Dette er truleg høgskulane kjende med.
Det er institusjonane sjølve som fastset studieplanar for dei ulike tilboda. Institusjonane kan velje om studieplanen skal vere ferdig utvikla og godkjend eller ikkje, før søknad om etablering vert send til departementet.
Høgskulane har høve til å godkjenne igangsetjing av kortare kurs og ulike etterutdanningstilbod sjølve.
Dei statlege høgskulane er gjorde kjende med at departementet vil gå gjennom retningslinene og prosedyrane for etablering av nye fag og studium når Noregsnettrådet har kome i funksjon, og det er fastsett ny modell for lærarutdanninga.
I NOU 1997:25 Ny kompetanse er det foreslått at styret ved kvar utdanningsinstitusjon skal få fullmakt til å setje i gang vidareutdanningstilbod i eigen regi på 20 vekttal eller mindre. Dette gjeld innanfor dei fagområda der institusjonen har kompetanse. Forslag frå utvalet skal vurderast i samband med arbeidet med stortingsmeldinga om etter- og vidareutdanning, som skal leggjast fram i vår.
Eg er samd med representanten Reikvam i at det bør bli enklare for høgskular å opprette nye studietilbod for å møte krava på etter- og vidareutdanningsmarknaden. Eg vil derfor, som nemnt, kome tilbake til saka i samband med stortingsmeldinga om etter- og vidareutdanning.
Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret. Statsråden er tydeligvis i godt lune i dag.
Jeg er enig med ham i at det trengs ryddige prosedyrer, og at vi må ha et system som sikrer at ikke hver enkelt høgskole etablerer egne kurs, uavhengig av hverandre. Det må være en eller annen form for styring. Det er jeg enig med ham i. Signalene var også stort sett positive, men jeg føler nok likevel at svaret var litt for mye rettet inn mot etter- og videreutdanning. Det er en viktig del av dette - for all del. Det er en svært viktig del av det tilbudet høgskolene skal ha, men det går jo ut over etter- og videreutdanningstilbudet. Dette gjelder tilbud generelt ved høgskolene, hvor det er behov for en noe enklere prosedyre. Jeg håper også at statsråden er villig til å se på de ordinære kursene, ikke bare de som er rettet inn mot etter- og videreutdanning, når han skal gå gjennom dette.
Ved behandlingen av B.innst.S.nr.12 før jul gjorde et enstemmig storting følgende vedtak:
Stortinget ber Regjeringen endre regelverket for universitetenes og høgskolenes adgang til å ta på seg oppdrag med sikte på å gi institusjonene større handlefrihet.
Mener statsråden at dette vedtaket må få konsekvenser for reglene?
Statsråd Jon Lilletun: Til det er svaret ja. Det er heilt klart at det må få konsekvens, for ei så klar utsegn frå Stortinget er departementet sjølvsagt nøydt til å følgje opp og kome tilbake med. Det må då balanserast mot dei omsyna som eg nemnde. Eg kan vere einig i at eg retta det veldig mykje inn mot etter- og vidareutdanning, for det er òg ein del eksempel på at næringslivet har behov for t.d å kjøpe kurs i ein periode. Det bør kunne skiljast mellom tilbod som vert etablerte for å avhjelpe eit behov som er der i stunda, og eit fast etablert tilbod i Noregsnettet. Så eg stadfestar at det Stortinget har bede om, skal kome tilbake til Stortinget, og eg skal ta med meg dei andre synspunkta som representanten Reikvam hadde, med dei atterhalda eg hadde i innlegget mitt.