Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Grete Knudsen (A): Jeg vil stille statsråden følgende spørsmål:

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen må gjennomføre en innsparing på 8 mill. kroner inneværende år. Dette forverrer forsknings- og undervisningssituasjonen for realfagene.

Hva vil statsråden foreta seg?

Statsråd Jon Lilletun: Det er ein del spørsmål i dag, så eg håper presidenten tilgjev at eg tek meg tid til å skjenke opp eit glas vatn.

I spørjetimen den 28. januar 1998 svarte eg på eit tilsvarande spørsmål, då frå representanten Løvik, sett fram av Inge Lønning. Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1998 vedtok Stortinget ein reduksjon på 2.000 studieplassar i universitetssektoren i høve til hausten 1997. Reduksjonen svarer til om lag 60 mill. kr. Studieplassane vart trekte inn frå dei allmennvitskaplege fakulteta ved universiteta, som har hatt stor vekst i opptakskapasiteten på 1990-talet, for m.a å finansiere auka kapasitet på område der samfunnet har behov for fagutdanna personell, t.d innanfor sjukepleie, vernepleie og medisin. For Universitetet i Bergen er talet på studieplassar redusert med 489 eller 2,8 %, frå om lag 17.500 studieplassar i 1997. Reduksjonen i studieplassar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er 138.

Gjennom handsaminga av Innst.S.nr.260 (1996-1997) gav Stortinget samtykke til regulering av opptaket til studium ved universiteta i Oslo, Bergen, Tromsø samt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i samsvar med opptaksrammer for studieåret 1997-98, som føreslått i St.prp.nr.59 (1996-1997) .

Eg minner om at Stortinget seinare i år vil få til handsaming ein proposisjon om regulering av opptak til studium ved universiteta for neste studieår. Eg føreset at universiteta vil ta omsyn til reduksjonen i studieplassar når dei skal gje råd om kva for opptakstal som skal fastsetjast for studieåret 1998-99.

Innanfor dei rammene som Stortinget og departementet legg for dei høgre utdanningsinstitusjonane, har institusjonane fridom til sjølve å disponere tildelte midlar, jf. universitets- og høgskulelova § 4 nr. 3 og 4 og praktiseringa av ein rammestyrt budsjettprosess i staten. Det er altså universiteta sjølve som fordeler midlar til fakultet og institutt.

Når det gjeld undervisnings- og forskingssituasjonen for realfaga, kan eg vere samd i at den kan vere vanskeleg, kanskje spesielt på utstyrssida. Dette vil eg kome attende til.

Grete Knudsen (A): Jeg takker statsråden for svaret. De reduksjonene man nå opplever, får bl.a konsekvenser for området som ikke minst statsråden sammen med næringsministeren slår til lyd for, nemlig informatikk. Fra og med høsten 1997 skulle opptak både ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo økes på dette området, dels ved omdisponeringer og dels ved friske midler. Det var et samlet storting enig om. Nå opplever vi at det skjer en svekkelse, samtidig med at Regjeringen slår til lyd for en opptrapping i milliardklassen innenfor IT - men først til neste høst. Når forholdet er slik i år, gjør det det problematisk å trøste seg med at man kommer med noe neste høst.

Spørsmålet til statsråden er: Hva vil han legge frem av denne opprustningen allerede i revidert nasjonalbudsjett?

Statsråd Jon Lilletun: Eg set pris på at representanten Knudsen har god tru på handlekrafta til denne regjeringa, men « i milliardklassen » var nok vel sterkt formulert. Det vil eg i alle fall ikkje stadfeste her, sjølv om eg håper det skal bli ei auka satsing.

Det er heilt opplagt at representanten Knudsen har eit godt poeng i at universiteta har det tøft med det budsjettet dei no har fått tildelt. Departementet har gitt klare signal om at dette ikkje skal ramme dei prioriterte utdanningane, men med det rammefinansieringssystemet ein har, har ein ikkje full styring på den delen. Det departementet no ventar på, er dei endelege signala frå universiteta om korleis dei har gjort dette. Når vi har fått dei og ser konsekvensane av det, vil vi kome tilbake til denne saka.

: