Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 18. februar 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Signe Øye (A): Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

Ifølge fjorårets hovedtall fra Rikstrygdeverket lever hver fjerde nordmann av trygd. Dette er ny rekord. Samtidig etterspør arbeidsmarkedet arbeidskraft.

Hva vil statsråden gjøre for at det skal bli lettere å kombinere arbeid og trygd?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett at 1,2 millionar nordmenn har folketrygda som si viktigaste inntektskjelde. Dette inkluderer både varige ytingar - alderspensjon, uførepensjon og pensjon til etterlatne, og mellombelse ytingar - sjuke-, rehabiliterings- og attføringspengar. Eg ynskjer å gjera greie for kva som ligg bak tala frå Rikstrygdeverket.

Ved utgangen av 1997 var det 628.000 alderspensjonistar og 246.500 uførepensjonistar.

Auken i talet på uførepensjonistar kjem m.a. av demografiske tilhøve. Det er ein markert auke i dei aldersgruppene der det er mange som blir uførepensjonerte. Auka sysselsetjing på 1990-talet har gjort at fleire yrkeshemma har fått innpass på arbeidsmarknaden. Dette fører i fyrste omgang til eit høgare sjukefråvær og seinare til ein auke i talet på personar som fyller vilkåra for uførepensjon.

Representanten Øye fokuserer på høvet til å kombinera arbeid og trygd. Dette er i all hovudsak aktuelt for uførepensjonistar, men òg for alderspensjonistar. I samband med velferdsmeldinga drøfta Stortinget fleire ordningar som inneber ei monaleg utviding i høvet til å kombinera uførepensjon og arbeid utan at det får konsekvensar for uføregraden. Bakgrunnen for dette var eit ynske om å motivera uførepensjonistar til større yrkesaktivitet. Desse ordningane vart sette i verk 1. mai 1997.

Friinntektsgrensa vart heva frå 1/2 til 1 grunnbeløp med verknad for både gradert og heil uførepensjon. Dette inneber at alle uførepensjonistar har høve til å ha ei monaleg inntekt utan at det har noko å seia for retten til uførepensjon. Personar med gradert uførepensjon kan etter desse reglane tena opptil 42.500 kr i tillegg til den inntekta som var ein føresetnad på grunnlag av restinntektsevna.

Samstundes vart høvet til å « frysa » uførepensjonen under arbeidsforsøk utvida frå eitt til tre år. Dette gjeld sjølv om uførepensjonen i arbeidsperioden fell heilt bort. Ein person med 50 % uførepensjon kan t.d. prøva ein heildagsjobb i eit par år. Deretter kan han få tilbake halv uførepensjon utan å måtta søkja på nytt dersom det viser seg at jobben blir for tøff. Bakgrunnen for dette var m.a. at mange uførepensjonistar vegra seg for å prøva seg i arbeidslivet av frykt for å mista uførepensjonen dersom arbeidsforsøket vart mislukka.

Det er òg sett i gang andre forsøksordningar, som eg kanskje kan koma tilbake til. Men la meg seia til slutt at i Voksenåsen-erklæringa varslar Regjeringa at vi vil sjå nærmare på høvet til å kombinera arbeid og trygd og å gå ut og inn av arbeidslivet i periodar. Derfor blir dette tema både i samband med gjennomgangen av handlingsplanen for ein politikk for funksjonshemma og ved utarbeidinga av stortingsmeldinga om auka forskjellar.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt hadde her teke over presidentplassen.

Signe Øye (A): Jeg takker statsråden for svaret.

Det er positivt at sosialministeren er opptatt av det å kunne kombinere arbeid og trygd, når vi vet at vi etter hvert har fått et arbeidsmarked som etterspør arbeidskraft. Mange av dem som er uføretrygdet, men som har mye restarbeidsevne igjen, har i mange tilfeller et ønske om å kunne utnytte denne restarbeidsevnen. Det var jo også det Stortinget gav tilslutning til da vi behandlet velferdsmeldingen i Stortinget for et par år siden. Jeg vil også tro at det er samfunnsøkonomisk lønnsomt, og at det er en mye bedre løsning for den enkelte dersom en kan få muligheter til å være litt i jobb istedenfor å være fullt uføretrygdet. Men ved henvendelse til trygdekontorene virker det ikke som om det er en prioritert sak der å innkalle de som er uføre, og undersøke om graden av uførhet eller sykelighet har endret seg.

Derfor vil jeg spørre sosialministeren: Vil sosialministeren ta initiativ til at trygdekontorene tar fatt på dette arbeidet?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett som representanten Signe Øye peikar på, at her må mange instansar ta eit tak for at fleire skal få moglegheit til å prøva ut det regelverket som finst. Det er behov for eit samarbeid mellom offentlege instansar, som f.eks trygdeetat, sosialetat og arbeidsmarknadsetat. Det er viktig at holdninga til det å la fleire personar prøva seg ut og inn av arbeidslivet er positiv på den enkelte bedrift, både på leiarnivå og blant kollegaer. Eg vil ta det som representanten Øye her seier, opp i mine møte med trygdeetaten. Eg veit at dei der er positive til å gjera noko på dette området.

Signe Øye (A): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg tror at hvis vi virkelig skal få satt i verk tiltak på dette området, er det nødvendig at vi går inn med mer varige lønnstilskudd, slik at de som kanskje ikke er 100 % arbeidsføre, blir mer attraktive også for arbeidsgiverne. Og spørsmålet til statsråden er: Vil også statsråden vurdere det, når en nå skal jobbe videre med dette?

Så har jeg et annet spørsmål. Det går på sykefravær, som også har med denne statistikken å gjøre. Det er jo slik at sykefraværet har økt veldig mye i 1997 i forhold til 1996, og vi vet samtidig at aktiv sykemelding er noe som fungerer svært bra. Aktiv sykemelding passer veldig bra i store bedrifter. I stat og kommune er aktiv sykemelding fortsatt lite brukt. Det er de som virkelig kunne få til en slik ordning, og da spør jeg: Vil sosialministeren gå inn for å pålegge kommunene å bruke aktiv sykemelding senere?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg veit det føregår eit omfattande opplysingsarbeid frå Rikstrygdeverket si side for å gjera ordninga med aktiv sjukemelding meir kjend. Det er det behov for både i kommune og stat og overfor bedrifter og arbeidstakarar for øvrig. Og det er heilt sikkert òg, som representanten Øye var innom her i eit tidlegare innlegg, behov for å styrkja informasjonssida overfor den ytre delen av trygdeetaten. Eg har i denne samanhengen meir tru på opplysning og informasjon enn på pålegg overfor kommunane. Og eg har òg tru på at ein i forhold til sjukefråver går inn og ser nærare på tiltak for dei fem prosentane av arbeidstakarane som i dag står for over 80 % av sjukefråveret, tiltak som kan vera retta meir direkte inn mot dei.

: