Stortinget - Møte onsdag den 11. februar 1998
Spørsmål 35
Gunnar Breimo (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til sosialministeren:
Saltdal kommune har gjentatte ganger gjort departementet oppmerksom på det prekære behov for vedlikehold av bygningsmassen på eiendommen Vensmoen. Hovedbygningen er blant annet påført store stormskader. I desember 1997 bevilget Stortinget 1,6 mill. kroner til formålet. Forholdet er nå at bygningene forfaller sterkt mens bruken av bygningene utredes.
Når vil reparasjonsarbeidene bli igangsatt?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eigedomen Vensmoen i Saltdal kommune vart bygd i perioden 1913-16 som Statens Tuberkulosesenter for Nordland. I 1966 opphøyrde Vensmoen som tuberkulosesanatorium, og bygningane vart tekne i bruk som sentralinstitusjon for psykisk utviklingshemma. Etter HVPU-reforma i 1991 tok kommunen over ansvaret for psykisk utviklingshemma. Frå mars 1993 til mai 1995 fungerte Vensmoen som flyktningmottak, med bruk av store delar av hovudbygningen. Det vart i denne perioden utført ein del innvendig restaurering/oppussing av hovudbygningen. Blant anna vart det installert nytt nøkkelsystem og brannvarslingsanlegg.
Staten eig heile grunnarealet på om lag 360 mål og dei delane av bygningsmassen som er eldre enn frå 1965, ca 10.000 m2 golvflate.
Det har i fleire år vore vanskeleg å få til rekningssvarande bruk av bygningane staten eig på Vensmoen. Særleg hovudbygningen er problematisk. Sosial- og helsedepartementet har ikkje funne det rett med store investeringar i eigedomen før framtidig bruk er nærare avklart. Dette har ført til at bygningsmassen til ein viss grad har forfalle.
Når det gjeld nødvendig vedlikehald, har staten ved Sosial- og helsedepartementet forplikta seg til å finansiera dette mot at Saltdal kommune forvaltar eigedomen. I 1997 utbetalte departementet 936.000 kr av 1,6 mill. kr i løyvde midlar til drift/vedlikehald av statens bygningar på Vensmoen.
Spørsmålet om utbetring av den akutte takskaden på hovudbygningen vart teke opp av Saltdal kommune vinteren 1997. Departementet og kommunen vart einige om at større endringar av taket burde vurderast før det vart sett i gang reparasjonar. Dette fordi det har vore problem med taklekkasje heilt frå bygningen var ny, på grunn av utforminga av takraften. Ei større utbetring av taket vil kosta fleire millionar kroner.
Saltdal kommune har på nytt bedt om utbetring av takskaden på grunn av storm. Departementet er i dialog med Saltdal kommune om dette og vil koma tilbake til saka i revidert nasjonalbudsjett.
Sosial- og helsedepartementet har i samarbeid med Saltdal kommune etablert ei styringsgruppe som skal koma med framlegg til korleis ein kan skapa ny aktivitet i privat og/eller offentleg regi på Vensmoen. Gruppa skal ha ei funksjonstid fram til 1. oktober 1998 og er sett saman av representantar frå Saltdal kommune, Nordland fylkeskommune, det lokale næringslivet og Sosial- og helsedepartementet.
Eg legg til grunn at det etter at styringsgruppa har avslutta sitt arbeid, vil vera betre grunnlag for å vurdera framtida for bygningane på Vensmoen.
Gunnar Breimo (A): Det kan synes som en liten sak å bringe inn i Stortinget, men det er viktig å huske på at vi her snakker om en bygningsmasse med stor kulturhistorisk verdi, og som i tillegg kan være en stor ressurs for Saltdal kommune når det gjelder å skape nye arbeidsplasser.
Når jeg reiser dette spørsmålet, er det fordi vi er i den situasjonen at forfallet nærmest griner mot en når en besøker stedet. Hvis forfallet får lov å fortsette, vil det bli ekstra vanskelig å få noen ildsjeler til å være med på å ta et tak for å få ny virksomhet inn, som f.eks et tuberkulosemuseum, som det har vært snakk om. Jeg er veldig glad for det positive svaret som statsråden har gitt på spørsmålet, og jeg forstår det slik at man kommer tilbake til saken i forbindelse med revidert. Jeg håper at vi ikke kommer i den situasjonen at kua dør mens graset gror, bokstavelig talt.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg vil streka under at representanten Breimo her har levert ei ytterlegare grunngjeving for kor viktig det er både å syta for nødvendig vedlikehald og å arbeida for løysinger som kan gjera at det igjen blir ei eller anna form for liv i bygningane på Vensmoen. Eg sa i mitt svar at det er ei gruppe som arbeider med dette, og det vil bli lagt fram ei vurdering av denne saka i revidert nasjonalbudsjett. Eg skal syta for at det blir fylgt opp.