Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 1998
Spørsmål 28
Karin Andersen (SV): Jeg vil få stille følgende spørsmål til sosialministeren:
Folketrygdlovens regelverk reduserer ytelsene til innlagte på institusjon 2 måneder etter innleggelsen ned til 1.000-1.400 kroner pr. måned avhengig av trygdesituasjon. Beløpet skal dekke personlige behov, som reiser og fritid. For unge psykiatriske langtidspasienter kan det bli vanskelig å delta i aktiviteter som kunne bety svært mye for rehabiliteringen og livskvaliteten.
Vil statsråden vurdere disse reglene for å hindre at fattigdomsproblemer blir et tilleggsproblem for yngre langtidspasienter?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg er særs oppteken av dei problema som representanten her set lys på. Departementet har ulike alternativ under vurdering. Eg meiner vi må sjå saka i ein større samanheng og ikkje avgrensa spørsmålet til å gjelda berre yngre langtidspasiantar. Her er òg ei økonomisk side, som eg må få koma tilbake til i samband med budsjettet.
Heilt sidan vi fekk våre fyrste allmenne trygdeordningar har ytingar til livsopphald, som f.eks uførepensjon, blitt reduserte under langtidsopphald i helseinstitusjonar med rett til fri forpleiing.
Etter lova blir opphald i meir enn fem månader å rekna som langtidsopphald. Dersom opphaldet skal vara meir enn fem månader, skal trygdekontoret redusera pensjonen frå den andre heile kalendermånaden. Ved ny innlegging innan tre månader blir tidlegare opphald rekna med.
Etter reduksjonen skal pensjonen utgjera 25 % av grunnbeløpet i folketrygda og 10 % av særtillegget og/eller tilleggspensjonen. Det vil i dag seia minst 13.311 kr i året. Etter søknad kan trygdekontoret likevel yta pensjon med eit større beløp dersom pasienten er forsytar og/eller har faste og nødvendige utgifter til bustad og anna under opphaldet.
Då dei somatiske sjukeheimane blei kommunale frå 1988, blei ordninga med reduksjon erstatta av eigenbetaling til kommunen frå og med den andre heile kalendermånaden.
I dei fylkeskommunale og statlege spesialsjukeheimane blir trygdeytingar framleis reduserte på same vis som på psykiatriske sjukehusplassar.
Frå 1. mai 1997 blei det gjort slutt på å redusera pensjonen for pasientar i somatiske sjukehus. I somatiske sjukehus var det etter måten få som hadde lengre opphald enn fem månader.
På grunn av vridingseffektar mellom plassar i psykiatriske sjukehus, i spesialsjukeheimar og i somatiske sjukeheimar med eigenbetaling kan det synast lite tenleg å gjera heilt slutt på ordninga berre for psykiatriske sjukehuspasientar. Som det framgår av St.meld.nr.25 (1996-1997) , « Åpenhet og helhet. Om psykiske lidelser og tjenestetilbudene », har fylkeskommunane ulike tilbod i form av sjukehusplassar og plassar i spesialsjukeheimar.
Moglege forbetringar kan vera ein generell auke i fribeløpet som pasientane får behalda, eller å forlengja perioden før opphaldet blir rekna som langtidsopphald.
Ei anna løysing som òg er nærliggjande, er å etablera ei ny ordning som gjer unntak for visse pasientgrupper som er under aktiv behandling. Ei slik unntaksordning har vi i dag, bl.a for pasientar under psykisk helsevern, når det er inngått avtale med institusjonen om at pasienten skal dekkja ein del av opphaldsutgiftene sjølv. Føremålet med ordninga er å øva opp pasientane til å klara seg sjølve ved å ha ansvar for eigen økonomi, dvs. betala husleige, mat, personlege utgifter m.m. Det gjer som kjent ikkje pasientar i sjukehus.
Karin Andersen (SV): Jeg vil takke statsråden for svaret, som jeg synes var svært positivt. Her var det også ulike måter å løse problemet på, slik at en kunne gjøre situasjonen litt lettere for langtidspasientene.
Grunnen til at jeg spesielt har trukket fram de yngre psykiatriske langtidspasientene, er at jeg tror at dette er en liten gruppe der man neppe vil få de helt store økonomiske utslagene om man gjør forandringer i forhold til den. Deres situasjon er spesiell og kanskje nødvendig å fokusere på.
Statsråden sa at det går an å gjøre unntak, slik at man kan få dekket utgifter til bosted. Da er det jo et spørsmål om det f.eks også gjelder etableringskostnader som unge mennesker kan ha fordi de er i en etableringssituasjon samtidig som de er syke - altså at man ikke dekker utgifter til en bolig de har, men som de forsøker å skaffe seg.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Når regelverket her seier bustad og anna, trur eg at eg i denne omgang skal vera forsiktig med å tolka kva som måtte liggja i dette « anna ». Men eg har lyst til å streka under at i 1994 hadde 11 % av pasientane i dei psykiatriske sjukehusa vore innlagde i meir enn fem år. Vi må i regelverket ta omsyn til at det for mange er tenleg at opphaldet ikkje varer for lenge, og at reduserte ytingar i institusjonen kan vera ei motivering til å unngå for lange opphald. Men på den andre sida er eg heilt einig i at det er uheldig om nokre pasientar får stansa nødvendig behandling i institusjonen etter fem månader for å unngå å få reduserte trygdeytingar. Ikkje minst gjeld det dei som er i etableringsfasen.
Karin Andersen (SV): Jeg skal heller ikke gi meg inn på å tolke regelverket. Men jeg har lyst til å si at den teknikken som statsråden nå snakket om, nemlig å bruke økonomiske virkemidler i forhold til den enkelte pasient for at den enkelte skal bli motivert til å komme ut av en innleggelsessituasjon, er ukjent for meg, og den synes jeg har en del betenkelige sider. Poenget mitt er at kanskje nettopp den pasientgruppen jeg har satt i fokus her, har behov for å kunne ha litt personlig økonomi for å kunne delta det de kan i vanlig samfunnsliv. Et fattigdomsproblem, som vi vel må si at det er når man har så lite penger som det disse gruppene her har mellom hendene, kan bli et svært tungt tilleggsproblem for et ungt menneske som lider av psykisk sykdom.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: I spørsmålet beskriv representanten Andersen ein situasjon som vi begge er einige om er vanskeleg, og som vi begge ynskjer å betra. Eg vil nødig det her skal stå igjen eit forsvar for å bruka økonomiske verkemiddel for å redusera behandlingstida, i forhold til det som for meg er viktig å streka under, nemleg at det er uheldig om nokre pasientar får stansa nødvendig behandling i institusjon etter fem månader for å unngå å få reduserte trygdeytingar. Og det er svært uheldig om den yngre delen av dei psykiatriske pasientane her skulle oppleva at dei får problem i sin eigen etableringsfase på grunn av dette.