Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 28. januar 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 29

Reidun Gravdahl (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

En eldre bosnisk dame som er kommet for familiegjenforening, får ikke sine behov for hjelpemidler dekket fordi hun ikke har status som flyktning.

Hva vil statsråden gjøre for at mennesker med opphold på humanitært grunnlag i framtiden vil få de nødvendige tekniske hjelpemidlene?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er eit vilkår for rett til tekniske hjelpemiddel at ein enten har vore medlem i folketrygda i dei siste tre åra fram til kravet er framsett, eller at ein har vore medlem i det siste året fram til ein fekk behov for hjelpemidlet. Dette fylgjer av kapittel 10 i folketrygdlova om ytingar under medisinsk rehabilitering.

Det kan gjerast unntak frå vilkåret om medlemskap når særlege grunnar gjer det rimeleg. Etter det eg har fått opplyst frå Rikstrygdeverket, skal trygdeetaten normalt gjera unntak i slike forhold som spørsmålet her tek opp. No kjenner eg ikkje denne konkrete saka, men la meg likevel seia: Det einaste kravet i denne samanhengen er at ein kan leggja til grunn at søkjaren blir her i Noreg. Dersom situasjonen er slik, vil eg rå denne bosniske kvinna til å be om ei ny vurdering.

Elles ynskjer eg òg å sjå nærare på regelverket, slik at ein kan unngå problem som dette i framtida.

: