Stortinget - Møte onsdag den 28. januar 1998
Spørsmål 22
Jan Petter Rasmussen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Høgskolen i Stavanger har 21. april 1997 søkt Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet om fra høsten 1998 å starte desentralisert sykepleierutdanning for Dalane-regionen i Egersund.
Vil statsråden, i tråd med sosialkomiteens flertallssyn på desentralisert utdanning for omsorgsyrker, sørge for at denne utdanningen kommer i gang som planlagt?
Statsråd Jon Lilletun: Stortinget har ved handsaminga av budsjettet for 1998 vedteke å opprette 190 nye studieplassar i sjukepleiarutdanninga. Departementet har sendt ut brev til alle høgskulane og oppmoda dei om å fremje søknad om tildeling av nye studieplassar. I brevet heitte det m.a:
Vi regner med at det særlig for sykepleierutdanning vil være aktuelt også med desentraliserte studietilbud.
Søknadsfristen gjekk ut for kort tid sidan. Det har kome inn gledeleg mange søknader, og det vil dermed ikkje vere noko problem med å utnytte alle dei nye plassane. Mellom anna på grunn av vanskar med å skaffe nok kvalitativt gode praksisplassar er svært mange av dei føreslåtte tiltaka desentraliserte tilbod.
Eg er kjend med at Høgskulen i Stavanger i brev av 21. april 1997 søkte om midlar til desentralisert sjukepleiarutdanning i Egersund, grunna sterke ønske og initiativ frå Dalane-regionen. Ved søknad den 9. januar 1998 prioriterer Høgskulen i Stavanger ein auke i studenttalet frå 164 til 180 innafor ordinært studietilbod ved Høgskulen, og seier at ein ikkje har kapasitet til å gjennomføre eit desentralisert tilbod i Egersund i tillegg.
Ved endeleg tildeling av dei 190 studieplassane vil departementet sjå alle søknadene i samanheng. Den opprinnelege søknaden om desentralisert sjukepleiarutdanning lokalisert til Egersund vil verte vurdert i denne samanhengen. Her vil vi måtte vege argumenta for eit desentralisert tilbod i Dalane-regionen opp mot Høgskulen sine grunnar for å prioritere auka studentopptak i Stavanger.
Eg reknar med at representanten Rasmussen har forståing for at eg ikkje kan ta ei sak ut av sin samanheng og gje eit endeleg svar på det konkrete spørsmålet her og no. Generelt ser departementet av fleire grunnar positivt på å opprette desentraliserte utdanningstilbod innafor omsorgsyrka. Eg kan derfor love at den endelege tildelinga av nye studieplassar på dette området samla sett vil ha ein god distriktsprofil, i samsvar med fleirtalshaldninga i sosialkomiteen.
Jan Petter Rasmussen (A): Jeg takker for svaret.
To komiteer på Stortinget har nå gitt uttrykk for viktigheten av desentralisert undervisning for omsorgsyrkene - det gjelder kirke-, utdannings- og forskningskomiteen og sosialkomiteen. Det som Høgskolen i Rogaland nå gjør, går på tvers av dette ønsket, og derfor er det godt at statsråden sier at den opprinnelige søknaden vil bli vurdert i en totalsammenheng. Det jeg har vansker med å tro, er at man i denne regionen har hatt problemer med praksisplasser, og at det skal være grunnen.
Jeg vil bare følge opp overfor statsråden og spørre videre: Hvordan ser statsråden på Høgskolens prioritering, som ikke helt samsvarer med det Stortinget egentlig har sagt? Bør ikke den satsingen vi nå har i forhold til distriktspolitikk, og ikke minst den satsingen vi har for å skaffe nok omsorgsplasser rundt om i landet, veie tungt i denne forbindelse?
Statsråd Jon Lilletun: Ein del undersøkingar når det gjeld desentralisert utdanning, viser at ein stor del av dei som er utdanna ved desentralisert utdanning, vert igjen i regionen, slik at kompetansen innafor helseområda kan takast betre vare på enn om dei hadde gått på ein ordinær høgskule. Det taler sterkt for å halde fram med desentralisert utdanning, slik som fleire komitear i Stortinget har sagt. Det vil òg departementet fylgje opp.
Det departementet sjølvsagt ikkje kan oversjå, er den faglege delen. Det er godt når representanten Rasmussen no seier at kommunane òg har sjekka praksisproblematikken, og at det ligg til rette for praksis i regionen - det taler for at dette er mogleg. Eg skal ikkje seie kvifor Høgskulen i Stavanger har prioritert som dei har gjort, men eg er samd i Stortingets prioriteringar.
Jan Petter Rasmussen (A): I forhold til denne konkrete saken er det også veldig beklagelig at Høgskolen foretar en slik omprioritering uten å involvere eller gi beskjed til de aktuelle kommuner, som her har lagt ned veldig mye, og som også har tenkt å gjøre en innsats ikke minst på utstyrssiden og lokalitetssiden i denne forbindelse.
Men jeg vil minne om at under budsjettbehandlingen i høst fremmet Arbeiderpartiet forslag om en ny finansieringsform når det gjelder desentralisert undervisning der staten går inn med midler og deler 50-50 med Høgskolen. I forslaget var 10 mill. kr satt av til dette. Men det som også er viktig, er at denne regionen har veldig god erfaring med desentralisert lærerundervisning og i disse dager avslutter en desentralisert førskolelærerundervisning.
Min oppfordring og for så vidt også mitt spørsmål går på dette med desentralisert undervisning. Ser ikke statsråden det slik at det må et samarbeid til mellom kommunene og skolene, der alle parter må inn i bildet når en nå skal foreta en eventuell omprioritering?
Statsråd Jon Lilletun: Når det gjeld finansiering, gjer departementet for tida ei vurdering av om ein skal finne eit system med eit ekstra påslag i høve til desentralisert utdanning, for at det ikkje skal vere noko problem for høgskulane. Det vil vi i så fall kome attende til i samband med budsjettet.
Når det gjeld denne konkrete saka, trur eg at dersom representanten Rasmussen samla går igjennom det som eg har sagt her, vil han finne at det er ei sterk støtte til det Stortinget har sagt i høve til desse sakene og i høve til ønsket om at ein skal syte for kompetanse i distrikta. Det er òg absolutt grunn til å leggje vekt på at kommunane har engasjert seg, som representanten Rasmussen seier. Men ein må til slutt ha ein skikkeleg gjennomgang av det faglege, og vi skal kome attende til dette når vi får den samla pakka av nye utdanningsplassar.