Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 59

Torstein Rudihagen (A): Eg skal få lov å stille følgjande spørsmål til miljøvernministeren:

Miljøverndepartementet vedtok i oktober 1997 ein statleg reguleringsplan for ny Rv35 gjennom Lunner kommune. I St.prp.nr.1 (1997-1998) for Samferdselsdepartementet seiest det at departementet tek sikte på å leggje fram ein eigen bompengeproposisjon for Stortinget etter at det ligg føre planavklaring. Det er nå ei uro for framdrifta av dette vegprosjektet.

Kan vi rekne med at det statlege planvedtaket frå oktober 1997 står fast?

Statsråd Guro Fjellanger: Miljøverndepartementet har mottatt en rekke forespørsler om å endre vedtaket. På bakgrunn av disse har vi gått grundig gjennom saken. Det er en vanskelig sak, og den er fremdeles til vurdering i departementet.

Torstein Rudihagen (A): Eg vil takke miljøvernministeren for svaret. Denne saka enda opp med ein statleg reguleringsplan etter § 18 i plan- og bygningslova. Det vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast. Det har Miljøverndepartementet sjølv sagt i eit svarbrev. Når eg nå høyrer at saka er oppe til ny vurdering, vil eg spørje miljøvernministeren om ikkje miljøvernministeren ser det prinsipielt betenkjelege i å ta opp att ei sak som har vore gjennom ein så grundig planprosess i mange omgangar, gjennom mange instansar, og som har endt opp med - som departementet sjølv uttrykkjer det - eit endeleg vedtak.

Statsråd Guro Fjellanger: Som jeg understreket, er denne saken fremdeles til vurdering i Miljøverndepartementet. Jeg vil understreke at det ikke betyr at departementet har bestemt seg for å ta opp saken.

Presidenten: Vi går så tilbake til spørsmål 58.

: