Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997
Spørsmål 41
Tomas Norvoll (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Vesterålen AOF arrangerer studiekompetansekurs for enslige forsørgere. Kurset blir ikke godkjent som heltidsstudium og får derfor ikke støtte fra Statens lånekasse for utdanning.
Mener statsråden det er riktig å hindre kvinner i distriktet i å ta utdanning, og vil statsråden ta initiativ for å ordne opp i saken?
Statsråd Jon Lilletun: Vesterålen AOF-forening har tidlegare, etter det eg er kjend med, arrangert eittårige kurs i fag som er obligatoriske for å gje generell studiekompetanse. Omfanget er 35 timar, som elevane normalt skal kunne ta i løpet av eitt år. Eit slikt kurs er i Lånekassen normert som eitt års studium. Det er dermed ikkje problem med å få denne typen eittårige studium godkjend for støtte i Lånekassen.
På bakgrunn av erfaringar med kurset er studieopplegget no lagt om. Konsekvensane har vorte at undervisninga er forsterka og studieløpet er strekt over to år. Elevane får altså om lag dobbelt så mykje undervisning som føresett ved normeringa. Etter Lånekassen sitt regelverk snakkar vi dermed om eit deltidsstudium med rett for elevane til berre halv studiestøtte.
Samtidig har endringane medført monaleg høgre skulepengar for elevane. Lånekassen kan derfor etter gjeldande regelverk ikkje på eiga hand gje godkjenning av rett til studiestøtte. Saka må oversendast til departementet for endeleg avgjersle.
Eg vil, når saka kjem til vurdering i departementet, m.a. leggje vekt på at dette dreiar seg om eit tilbod spesielt lagt til rette for vaksne kvinner i distrikta, som gjennom studiet får høve til å fullføre ei grunnutdanning som truleg vil vere viktig for dei med tanke på vidare yrkesløp.
Tomas Norvoll (A): Jeg takker statsråden for svaret, og jeg synes det var et veldig positivt svar. Jeg er glad for at han tydeligvis er villig til å ta tak i saken for om mulig å kunne bidra til at disse kvinnene det gjelder, skal kunne få ta sin utdanning i Vesterålen.
Da har jeg bare et kort oppfølgingsspørsmål til statsråden, og det er: Hva slags tidsramme kan vi forvente oss at Lånekassen og departementet vil arbeide innenfor her? Denne saken haster faktisk litt i og med at en del av de som går på dette kurset, ikke ser muligheter til å fortsette hvis man ikke ganske raskt kan få en avklaring om hvorvidt man får støtte til kurset eller ikke.
Statsråd Jon Lilletun: På bakgrunn av representanten Norvolls spørsmål har departementet teke initiativ til å få oversendt saka. I og med at det skal skjøn inn i biletet, er det departementet som skal avgjere det. Det er bedt om at det skjer raskast mogleg, og med ein gong saka kjem, skal vi få til ei avklaring, slik at dei studentane det gjeld, får moglegheit til å få beskjed før det har gått for langt inn i det nye året.
Eg skal love representanten Norvoll både å strekkje meg så langt som det etter skjøn er mogleg ut frå lovverket, og at saka skal takast så raskt ho kjem i departementet.