Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 40

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Hovudmodellen i fagopplæring er to år i skule og to år i bedrift. I dag er det eit misforhold mellom talet på læreplassar og talet på søkjarar. Dette resulterer i oppretting av VK II-klasser.

Kva vil statsråden gjere med dette?

Statsråd Jon Lilletun: Ansvaret for å realisere intensjonane i hovudmodellen er tredelt - mellom staten, fylkeskommunane og partane i arbeidslivet. Det inneber at desse tre instansane må ta ansvar for at fagopplæringa vert gjennomført etter intensjonane. Staten skal syte for at rammevilkåra i form av lov og regelverk er på plass, og at dei økonomiske vilkåra for lærlingordninga er i samsvar med dei pålagde oppgåvene. Fylkeskommunane har ansvar for, i samarbeid med partane i arbeidslivet, å syte for at det er nok læreplassar til dei unge som ynskjer seg ei fagutdanning.

Kort om resultata så langt:

  • I 1996 var det ca 9.500 reformelevar som fekk læreplass. Bedriftene teikna lærekontrakt med ca 7.000 vaksne i tillegg.
  • I 1997 ser det ut til å verte mellom 11.000 og 12.000 reformelevar som får læreplass. I tillegg kjem vaksne som har fått læreplass.
  • I 1996 vart det oppretta ca 280 VK II-klasser som alternativ til læreplassar for dei unge som ikkje fekk læreplass.
  • I 1997 vart det oppretta ca 170 klasser som alternativ til læreplassar.

Det var både i 1996 og 1997 problem med å få læreplassar nok på ein del fagområde. Det var særleg barne- og ungdomsarbeidarfaget, omsorgsarbeidarfaget, reparatør av lette kjøretøy, kokkefaget og elektrikarfaget som hadde størst problem. Heile 45 % av reformelevane som søkte, fekk ikkje læreplass i desse fem faga.

Eg vil frå min ståstad fylgje nøye med i det arbeidet som vert gjort i fylkeskommunane og av partane i arbeidslivet. Det må til ein nærmare dialog mellom desse to instansane slik at tilbod og etterspurnad samsvarer betre. Dette må i stor grad skje på regionalt og lokalt nivå. Men eg vil òg leggje til at den retten elevane har til å velje fag, òg er ein viktig faktor i spørsmålet om samsvar mellom tilbod og etterspurnad.

Frå staten si side er det fleire tiltak som er og vil verte iverksette på dette feltet. Eg nemner: god og tett kontakt med partane i arbeidslivet og bransjane, løpande rapportering frå fylkeskommunane, økonomiske ekstratilskot til fylkeskommunane, nedsetjing av eit hurtigarbeidande utval med oppgåve å vere nytenkjande, ulike informasjonstiltak, fleire kryssløp, oppmoding til hovudorganisasjonane om ei sterkare forplikting til å ta inn lærlingar, utgreiing av ei fondsordning og auka innsats for å gje råd og rettleiing til elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring.

Eg har forventningar til at både partane og bransjane, på bakgrunn av dei erfaringane som er gjorde i 1996 og 1997, vil bidra til eit endå betre resultat i 1998, og at summen av statlege initiativ og tiltak vil forsterke den positive trenden vi trass i alt har erfart i 1997.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg registrerte at statsråden nemnde at det var 11.000-12.000 søkjarar som var reformelevar, som hadde fått læreplass i haust, og det er sjølvsagt positivt i forhold til tidlegare år. Men framleis er det eit stort gap fram til det talet som me har behov for, rundt 17.000 læreplassar.

Statsråden nemnde ein del tiltak som han ville vurdere å sette i gang på sikt. Han ville følgje utviklinga nøye. Det var i grunnen ikkje dei tonane som blei framførde av statsråden som daverande stortingsrepresentant den 28. august 1997, da han sende ei pressemelding til daverande statsråd Reidar Sandal og bad om ein fortgang i arbeidet med å sette ned ein hurtigarbeidande kommisjon. Eg registrerte ikkje noko signal frå statsråden nå om at ein slik kommisjon vil bli nedsett veldig raskt.

Statsråd Jon Lilletun: Det var nok litt for mange tiltak som vart opprekna, for « kommisjonen » var eit av dei tiltaka som var med - ikkje som kommisjon, men som utval. For det er heilt klårt at det var ei monaleg betring som skjedde òg siste månaden i år, som det er grunn til å gle seg over. Representanten Oppebøen Hansen og eg er heilt samde om at for dei 4.000 som ikkje fekk plass, er dette alvorleg, men det vart likevel ca 100 VK II-klasser mindre i år, og målsetjinga er å få det ytterlegare ned og lengst mogleg ned til neste år. Det utvalet som er nedsett, skal sjå på kva som har skjedd på dei plassane der ein har lukkast, m.a. i Vest-Agder, der dei i år har klart seg utan nedsetjing av VK II-klassar. Ein del andre fylke har gjort det svært godt. Vi ynskjer å dra erfaringane inn, og ynskjer å målrette tiltaka i høve til det - så dette vert teke på ramme alvor. Det er klårt at ein del tiltak er langsiktige, men det er òg eit sett med kortsiktige tiltak som gjer at eg trur vi skal få eit atskilleg betre resultat òg i år enn vi fekk i fjor. Det var ei forbetring då, og neste år skal det verte endå betre!

: