Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997
Spørsmål 39
Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg vil tillate meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
Vil statsråden vidareføre dagens ordning og regelverk etter § 20 i fagopplæringslova, samt legge fram ei eiga sak for Stortinget om § 20-ordninga?
Statsråd Jon Lilletun: I samband med innføringa av Reform 94 vart det fatta vedtak om fritak for å dokumentere kunnskapar i dei felles allmenne faga for dei som tek fagbrev etter § 20 i lov om fagopplæring i arbeidslivet. Etter vedtaket skal dette gjelde som ei overgangsordning fram til 1. august 1999.
Eg forstår spørsmålet slik at det er prøving av dei felles allmenne faga i samband med § 20-ordninga som representanten Oppebøen Hansen spør om.
Spørsmålet om endring av § 20-ordninga vart behandla av Stortinget i B.innst.S.nr.12 (1996-1997) i romertalsvedtak, der det heiter:
Stortinget ber Regjeringen fremme egen sak om § 20-ordningens plass i yrkesopplæringa og ikke iverksette endrede krav.
I tråd med Stortinget sitt vedtak arbeider departementet med saka. Eg vil i denne samanhengen nemne at Buer-utvalet har behandla dette spørsmålet, og at utgreiinga no er ute på høyring. Eg vil vente på høyringsfråsegnene før eg går vidare med arbeidet. Saka vil verte lagd fram for Stortinget i løpet av vårsesjonen 1998. Før saka er behandla i Stortinget, vil det, i tråd med Stortingets vedtak, ikkje verte fastsett eventuelle endra krav. Fordi saka er på høyring og skal fram for Stortinget, finn eg det ikkje rett av meg på dette tidspunktet å ta stilling til om dagens ordning skal vidareførast permanent. Men eg vil tilføye: Eg trur nok at vi skal kome fram til ei løysing som vil vere god for alle partar.
Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret, som eg på mange måtar finn tilfredsstillande og i tråd med det Arbeidarpartiet òg meiner i denne saka. Eg er kjend med at Stortinget gjorde det vedtaket i samband med B.innst.S.nr.12 (1996-1997), da nåverande statsråd Jon Lilletun sjølv var komiteleiar. Og eg registrerte, om eg oppfatta statsråden rett, at denne saka òg vil bli sett i samanheng med etter- og vidareutdanningsreforma, altså gjennom Buer-utvalet si innstilling. Det er nemleg slik at § 20-ordninga for vaksne arbeidstakarar er og vil vere ein viktig funksjon for å kunne gje arbeidstakarar utan godkjent fag- eller sveinebrev formell kompetanse.