Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 38

Grete Knudsen (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Funksjonshemmede med rett til videregående opplæring opplever ofte at de må ta imot elevplass i egne spesialklasser og slik bare i begrenset grad får sine førsteønsker oppfylt.

Vil statsråden sørge for å drøfte denne problemstillingen i den bebudede melding om spesialundervisning?

Statsråd Jon Lilletun: Her kunne det vere freistande å gjere noko som ein ikkje ofte gjer i denne salen: gå opp og seie « ja, det vil statsråden », og så gå ned igjen. Men eg skal gje eit litt meir utfyllande svar.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartmentet har ikkje uttømmande nasjonale data om fyrsteynske til elevar som treng særskilt tilrettelagd opplæring i vidaregåande opplæring. Departementet har derimot gjennom evalueringa av Reform 94 informasjon om korleis opplæringa for elevar som treng særskilt tilrettelagd opplæring, er organisert.

Nær to tredelar av elevane som får særskilt tilrettelagd opplæring, går i ordinære klassar, mens vel ein tredel går i eigne klassar. Eigne klassar kan vere grunnkurs over to år, tilrettelagde grunnkurs, klassar med redusert elevtal - såkalla 8- eller 4-grupper - eller såkalla APO-klassar - Arbeid, Produksjon og Opplæring.

Tilbod til elevar som treng særskild tilrettelagd opplæring, skal ta utgangspunkt i dei ordinære læreplanane, og tilrettelegginga skal skje innafor og som ein del av skulen sitt ordinære tilbod. Denne elevgruppa er svært samansett, med ulike funksjonsvanskar. Nokre elevar vil kunne ha mest nytte av tilbod som er organisert særskilt, t.d. kurs som gjev delkompetanse. Men det er fylkeskommunane sitt ansvar å avgjere korleis den særskilt tilrettelagde opplæringa vert organisert, og kva tilbod den einskilde eleven får.

Departementet har i brev til fylkeskommunane datert 22. april 1997 om oppfølging av den forskingsmessige evalueringa av Reform 94 sagt m.a.:

En av hovedintensjonene med lov om videregående opplæring er å gi et videregående opplæringstilbud til alle. Den store utfordringen ligger i å gi alle et tilbud som passer til den enkeltes forutsetninger. For bedre å kunne fastslå effekten av og kvaliteten på de ulike tilbud som gis til elever som får særskilt tilrettelagt opplæring, ber departementet fylkeskommunene følge nøye med når det gjelder innholdet i og organiseringen av opplæringsforløpene for denne gruppen.

Eit av forskingsprosjekta under evalueringa av Reform 94 ser på tilbodet til dei som får særskilt tilrettelagd opplæring, og fylgjer ei gruppe elevar som får slik opplæring. Sjølv om evalueringsprosessen ikkje er ferdig før stortingsmeldinga om opplæring av barn, unge og vaksne med særskilde behov vert lagd fram, vil eg syte for at den problemstillinga representanten Grete Knudsen reiser, vert berørt og kommentert i nemnde melding om spesialundervisning.

Ei vidare og meir utfyllande drøfting av organiseringa av særskilt tilrettelagd opplæring i vidaregåande opplæring vil fylgje i stortingsmeldinga om erfaringane med Reform 94, som vert lagd fram i 1999.

Grete Knudsen (A): Jeg takker statsråden for svaret og er glad for at problemstillingen blir drøftet. Men da statsråden kom med en utfyllende kommentar, skjønte jeg at det er mye å drøfte, også fordi han selv definerte 4-grupper og 8-grupper som en del av den vanlige klassen. Det er nok ikke slik svært mange funksjonshemmede opplever det. De har sine rettigheter, men det blir faktisk etablert klasser, for andre vurderer hva som er best for dem. Det er i grunnen den problemstillingen jeg mener det er på tide å drøfte, at deres valg, på samme måte som for andre ungdommer, etter hvert må bli mer reelt enn det er i dag. Det har også med verdier å gjøre.

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur at representanten Knudsen og eg er einige om at formelt er desse gruppene, slik dei er organiserte, ein del av det ordinære tilbodet, og for nokre fungerer det òg slik. Men det er opplagt at for nokre er det påført utan at det er ynskt. Dette er alltid vanskelege dilemma, og her treng ein å ha stor respekt for dei elevane det gjeld, og deira føresette. Det får representanten Knudsen og eg godt høve til å kome tilbake til, både i samband med den meldinga eg nemnde no, og evalueringa av Reform 94. Det er heilt rett, som representanten Knudsen seier, at dette er eit viktig verdispørsmål.

: