Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997
Spørsmål 35
Rune E Kristiansen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Oslo bystyre har i møte 3. desember 1997 sagt nei til etablering av muslimsk grunnskole.
Vil dette vedtak få avgjørende betydning for statsrådens behandling av søknaden om etablering av slik skole?
Statsråd Jon Lilletun: Eit av dei føremåla som gjev grunn til godkjenning etter privatskulelova, er at skulen er skipa « av religiøse og/eller etiske grunnar », jf. lova § 3 bokstav a. Etter lova § 25 nr. 2 skal vertskommunen og Statens utdanningskontor i fylket uttale seg. Etter privatskulelova § 25 nr. 3 avgjer så departementet « i kvart einskilde tilfelle om skulen tilfredstiller krava etter denne lova, og om skulen etter ei samla vurdering skal godkjennast med rett til tilskot ».
Fråsegna frå Oslo bystyre vil verte tillagd vekt, men ikkje avgjerande vekt, når det gjeld utfallet av saka. Ho vil vere med i den totalvurderinga som departementet gjer etter privatskulelova.
Når det gjeld denne konkrete saka, må vi sjå om søknaden held mål fagleg og med omsyn til dei rammevilkåra som elles gjeld. Private skular må såleis fylle dei same faglege kvalitetskrava som tilsvarande offentlege skular.
Eg viser i den samanhengen til at privatskulelova og alminnelege forvaltningsrettslege prinsipp om forbod mot usakleg forskjellsbehandling set rammer for departementet sitt handlingsrom. Eg minner òg om at Noreg er bunde av internasjonale konvensjonar på området. Det kan m.a. vere i strid med diskrimineringsforbodet å ikkje godkjenne muslimske skular på same vilkår som kristne skular.
Departementet vil no starte sluttbehandlinga av denne saka sidan alle dokument ligg føre.
Rune E Kristiansen (A): Jeg takker for svaret, som jeg dessverre må si jeg finner noe skuffende. Jeg hadde håpet at statsråden ville tillegge et bystyrevedtak i Oslo knyttet til denne saken langt sterkere vekt. Jeg hadde også ventet at statsråden hadde hatt noen synspunkter på den politiske delen av dette, nemlig at integrering og felles skolegang har vært og fortsatt er et av de viktigste virkemidlene som bystyret i Oslo jobber ut fra. Det er også utgangspunktet for et klart flertallsvedtak i Oslo bystyre.
Jeg tillater meg å be statsråden om synspunkter på nettopp den siste delen. Jeg opplever det slik at statsråden ikke vil tillegge bystyrevedtaket i Oslo avgjørende betydning, men det kunne jo vært interessant å høre statsrådens syn når det gjelder integrering og felles skolegang.
Statsråd Jon Lilletun: Ut frå tilleggsspørsmålet kunne det høyrast ut som om representanten Kristiansen meinte eg skulle leggje meir vekt på kommunale vedtak enn på norsk lov. Det er sjølvsagt ikkje aktuelt. Eg trur heller ikkje han meinte det, men det kunne høyrast slik ut. Derfor kan eg ikkje leggje avgjerande vekt, som han bad om, men sjølvsagt stor vekt på det som eit fleirtal i Oslo bystyre har sagt.
Når det gjeld representanten Kristiansens hovudspørsmål, deler eg mange av synspunkta hans, for det er heilt opplagt at det er ynskjeleg at flest mogleg går i einskapsskulen. Det er spesielt ynskjeleg i forhold til minoritetar, slik som tilfellet er her, og i forhold til dei med ein annan kulturbakgrunn enn vår eigen. Men samstundes har vi plikt til å rette oss etter internasjonale konvensjonar. Foreldre til muslimske barn må ha same typen foreldrerett som andre foreldre i Noreg har, derfor må det òg tilleggjast vekt.
Vi kjem derfor til å avgjere dette etter ei samla vurdering. Og den saksbehandlinga skal vi gå grundig, seriøst og skikkeleg inn i, for no er alle papira komne til departementet.