Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997
Spørsmål 34
Morten Olsen (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Hva slags planer har statsråden, og når kan Østfold fylkeskommune få svar på fremforhandlet avtale mellom Statsbygg og Østfold fylkeskommune vedrørende utbygging av Remmenanlegget og Høgskolen i Østfold?
Statsråd Jon Lilletun: Remmenanlegget i Halden er no eigd av Halden kommune, Østfold fylkeskommune og staten saman. Fylkeskommunen, som har tre vidaregåande skular i Halden, ynskjer å selje sin lut til staten og bruke midlane til å byggje på ein av dei andre vidaregåande skulane sine. Staten på si side treng permanente lokale til den tidlegare distriktshøgskulen, som no er lokalisert til Os allé i Halden sentrum. Departementet har difor arbeidd med å ta over fylkeskommunen sitt areal og byggje på Remmenanlegget slik at heile den delen av verksemda til høgskulen som er lokalisert til Halden - og noko frå Sarpsborg - kan samlast på Remmen. Både lærarutdanninga og den tidlegare distriktshøgskulen må i alle høve ha meir plass enn dei har no. Dette vert difor ei stor byggjesak. Leigekontraktane i Os allé går ut i 2000 og 2001.
Fylkeskommunen har kravd meir for sin lut enn det staten etter ei forretningsmessig vurdering bør betale. Desse meirutgiftene er knytte til behovet for ny vidaregåande skule og til betaling til Halden kommune for kommunen sin lut og for tomta. Statsbygg og fylkeskommunen har vorte samde om ei avtale, og Statsbygg har fullmakt til å kjøpe. Men meirkostnadene må anten betalast kontant av Kyrkje-, forskings- og utdanningsdepartementet eller gje ei auka husleige når anlegget står ferdig ombygd med tilbygg. Departementet arbeider med denne saka, som må sjåast i samband med dei meirutgiftene Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i alle høve vil få til husleige når anlegget står ferdig.
Når representanten Olsen spør kva planar eg har, er svaret at Halden-verksemda til Høgskulen i Østfold skal samlast på Remmen. Det inneber at fylkeskommunen sin lut må kjøpast.
Eg skal gjere mitt til at Østfold fylkeskommune skal få eit snarleg svar på det tilbodet som ligg føre.
Morten Olsen (A): Jeg vil få peke på at den fremforhandlede avtalen mellom Statsbygg og fylkeskommunen legger bånd på relativt store arealer i Halden. Byggeprosjekter, som f.eks kulturbygg, idrettshaller osv, ligger nå på is. Jeg la merke til at statsråden ikke sa noe som helst om hvilke tidsperspektiv som lå til grunn. Vil statsråden sette seg inn i den vanskelige situasjonen til Høgskolen i Østfold, og bevilge de nødvendige midler til oppstart i revidert nasjonalbudsjett til våren?
Statsråd Jon Lilletun: Etter mitt syn var svaret heilt klart i forhold til at vi snarleg vil gå inn for å gjere ferdig forhandlingane. Men samstundes må eg seie at når det ligg føre usemje om pris, slik som her, er det Statsbygg sitt ansvar å syte for at statens interesser blir tekne i vare best mogleg forretningsmessig når det gjeld det som skal avklarast. Men i høve til dei problema som ligg føre, er det nødvendig å kome fram til ei avklaring. Derfor vil det innan kort tid verte gjeve klarsignal frå departementet i saka, og då vil prosjektet kunne vidareførast.