Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 29. oktober 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Marit Nybakk (A): Jeg har et spørsmål til til statsråd Jon Lilletun:

Den nye kirkeloven overførte arbeidsgiveransvaret for lokale stillinger fra kommune til kirkelig fellesråd.

Vil statsråden bidra til at disse stillingene beskyttes av de lover og avtaler som gjelder for norske arbeidstakere?

Statsråd Jon Lilletun: Etter § 14 i kyrkjelova har kyrkjeleg fellesråd arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette som vert lønna over fellesrådet sitt budsjett. Arbeidsmiljølova gjeld også for kyrkjeleg verksemd. Det inneber at dei som er tilsette i stillingar med kyrkjeleg fellesråd som arbeidsgjevar, har den same tryggleik som denne lova gjev andre norske arbeidstakarar. Til dømes set arbeidsmiljølova § 55A grenser for kva opplysningar som kan krevjast ved tilsetjing, og etter arbeidsmiljølova § 60 kan ein arbeidstakar ikkje seiast opp utan at det har sakleg grunn i høve knytte til verksemda, arbeidsgjevaren eller arbeidstakaren. Når det gjeld praktisering og tolking av desse paragrafane, vil det nok kunne vere både tvil og usemje. Men når Stortinget har gjeve fellesrådet mynde til å gjere vedtak, må fellesrådet også ta ansvaret for tolking av lova i den einskilde saka. Dette ligg difor utanfor det området kyrkjestatsråden uttalar seg om. Her har eg den same prinsipielle haldninga som min forgjengar statsråd Gudmund Hernes gav uttrykk for i spørjetimen 1. juni 1994, då representanten Ellen Christiansen ville ha hans syn på oppseiing av ein organist som var sambuar.

Inngåing av tariffavtalar eller andre avtalar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar eller deira organisasjonar skjer på det kyrkjelege området som elles i norsk arbeidsliv, dvs. etter forhandlingar mellom partane. Når det gjeld dei lokale stillingane som representanten Nybakk syner til, er departementet ikkje part i forhandlingane. I samband med iverksetjinga av den nye kyrkjelova vart det likevel føresett at lova ikkje skulle medføre at tilsette tapte innarbeidde rettar i avtaleverket. Så langt eg kjenner til, har dei kyrkjelege fellesråda og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon vore lojale mot denne føresetnaden.

Marit Nybakk (A): Jeg vil takke statsråden for svaret og spesielt for den aller siste setningen.

Dette dreier seg om stillinger som klokkere, ansatte i menighetsbarnehager og kirketjenere. Det var en klar forutsetning for Arbeiderpartiet da kirkeloven og gravferdsloven ble behandlet, at disse stillingene skulle beskyttes av de lover og det avtaleverk som gjelder for norske arbeidstakere. I Innst.O.nr.46 (1995-1996) sier flertallet i kirke-, utdannings- og forskningskomiteen:

Fleirtalet er også oppteken av å sikra tilsette i kyrkje og på kyrkjegard trygge tilsettingsforhold innafor lov- og avtaleverket for partane i arbeidslivet. Flytting av arbeidsgjevaransvar må ikkje føre til forverra arbeidsvilkår eller endra kvalifikasjonskrav, tenesteordning og kriterium for tilsetjing.

Et annet flertall forutsetter at det i lov- og avtaleverket ligger klare bestemmelser som sikrer de ansatte vanlig oppsigelsesvern, uavhengig av kjønn og samlivsform.

Jeg vil spørre statsråden om han vil følge nøye med og eventuelt ta initiativ til i forhold til det kommende Kirkemøtet å sikre at dette vil bli fulgt opp?

Statsråd Jon Lilletun: Som eg sa i mitt fyrste svar, er det ikkje noko som tilseier at Stortinget sine føresetnader ikkje har vore fylgde av kyrkjelege fellesråd og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon. På den bakgrunnen kan eg ikkje sjå at det er grunnlag for å ta initiativ i forhold til denne saka. Det er sjølvsagt ein statsråds plikt å fylgje med og syte for at det som Stortinget har hatt som føresetnader, alltid er det som er gjeldande politikk. Men når det gjeld det prinsipielle i saka, har vi likevel overført arbeidsgjevaransvaret, og eg viste til kva tidlegare statsråd Gudmund Hernes sa i 1994, og det er òg denne statsrådens standpunkt.

Marit Nybakk (A): Den nye kirkeloven ble behandlet i Stortinget og vedtatt etter dette spørretimesvaret fra tidligere statsråd Gudmund Hernes. De merknadene som jeg nettopp har sitert fra denne talerstolen, ble også lagt inn i innstillingen fra mars 1996, og jeg forutsetter at statsråden vil bidra til at Kirkemøtet ikke nå sier at det er opp til de lokale menighetsrådene og de kirkelige fellesrådene å vurdere hvorvidt homofile eller folk med avvikende samlivsform i forhold til ekteskapet, ikke kan ansettes i menighetsbarnehager eller være klokkere eller kirketjenere.

Statsråd Jon Lilletun: Av lovteksten går det heilt klart fram at det ansvaret er overført. Ut frå det ser eg ikkje at det er mogleg å ha ein annan prinsipiell innfallsvinkel enn den som tidlegare statsråd Gudmund Hernes hadde i 1994.

- Det er vel den kommentaren eg har så langt.

: