Stortinget - Møte onsdag den 4. juni 1997
Spørsmål 22
Hilde Frafjord Johnson (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til olje- og energiministeren:
Arbeiderbladet den 29. mai 1997 avslører at det marginale Utkant-Norge er i ferd med å miste strømmen. NVE viser til at fraflytting, utslitte ledningsnett og høyere krav til lønnsomhet hos e-verkene vil øke antallet strømutkoblinger. Dette har blant annet med det nye reguleringsregimet som NVE har vedtatt, å gjøre, samt lave statlige tilskudd til linjenettet i grisgrendte strøk.
Hva vil energiministeren gjøre for å sikre tilgangen på strøm i hele landet?
Statsråd Ranveig Frøiland: Lat meg gjera det heilt klårt: Ingen fastbuande i Noreg skal mista straumen i heimen sin.
Det viktigaste verkemiddelet som sikrar at målet vert nådd, ligg i energilova av 1990. E-verka som har konsesjon for å byggja og driva distribusjonsnett i eit område, har ei generell leveringsplikt, som i praksis betyr at alle fastbuande og faste arbeidsplassar er verna mot å mista straumen.
Målet om at alle skal få straum er i det alt vesentlege nådd i dag. I elektrifiseringsarbeidet fann e-verka og NVE at det vart særs kostbart å knytta kundar til nettet enkelte stader. I slike høve vart desse kundane forsynte med straum frå eit lokalt aggregat, t.d. eit mikrovasskraftverk eller eit dieselaggregat. Staten gjev stønad til investering og drift av slike aggregat. Om lag 100 kundar får slik statsstønad i dag, og desse sakene vert prioriterte når dei knappe midlane som vi har til rådvelde, vert fordelte.
Mens e-verka har arbeidd flittig for å knytta kundar til nettet, har omverda endra seg. Folk har flytta bort frå stader som fekk straum på 1950og 1960 talet. I mellomtida har alderen sett sine spor på den infrastrukturen som er bygd opp. Og no er det spørsmål om vi skal skifta ut infrastrukturen. Det er særleg spørsmål om vi skal leggje nye kablar til fråflytta øyar. Kostnaden må dekkjast ved at dei andre kundane betalar høgare overføringtariff. Det kan òg vera ei stor bør å leggja på dei fastbuande i området.
Representanten Frafjord Johnson seier at Arbeiderbladet har avslørt at det marginale Utkant-Noreg held på å mista straumen. Ho held fram fråflytting, monopolreguleringa til NVE og låg statsstøtte til investeringar i leiningsnetta som grunn.
Det er faktisk fråflytting som er grunnen. Fastbuande har krav på straum. Same kva for monopolregulering vi har, gjeld leveringsplikta. Og monopolkontrollen tek omsyn til at det er meir kostbart å forsyna dei grisgrendte stroka av landet vårt. Det vert særleg teke omsyn til sjøkablar. Og sjølv om statsstøtta har vore låg, er støtta til aggregata som eg nemnde tidlegare, langt frå truga.
Hilde Frafjord Johnson (KrF): Jeg takker statsråden for svaret. Det er bra at statsråden garanterer at ingen fastboende skal miste strømmen, men svaret er langt fra tilfredsstillende. Det som er realiteten, er at vi har et nytt reguleringsregime fra NVE, som bekymrer svært mange, der en faktisk legger til rette for en økt effektivisering opp til 40 %. Dette har store konsekvenser for driften av e-verkene, og det kan faktisk føre til - sier en del e-verksjefer som har nettansvar - at de ser seg nødt til å foreta strømutkoblinger også i andre marginale strøk.
Dette har med forsyningsplikten å gjøre. Vil statsråden sikre at dette regelverket innebærer at ingen fastboende og ingen næringsdrivende skal miste strømmen - at forsyningsplikten omfatter dette?
For det andre kan jeg ikke skjønne at dieselaggregater kan være et godt miljøtiltak i den situasjonen vi nå er i. Det øker CO2-utslippene.
Statsråd Ranveig Frøiland: Energilova slår fast at e-verka har leveringsplikt til fastbuande. Dei skal vera garanterte å få straum.
Om NVE har pålagt ein del e-verk eit nytt reguleringsregime, har ikkje det noko med denne saka å gjera. Det er klart at når ein har sett på den monopolsituasjonen som vore på nettet, har det vore nødvendig for mange e-verk å effektivisera. Det har vore sagt frå NVE si side at det kan alle gjera. Dei har sagt at 2 % må alle effektivisera, men det er enkelte som bør gjera endå meir. Det trur eg er den riktige vegen å gå - å sjå etter om det går an å effektivisera meir. Men ein må ikkje blanda desse to tinga saman, for det er slik at e-verka har leveringsplikt til dei fastbuande. Det er klart at det ikkje er nokon i dette landet som skal vera redd for at dei ikkje skal få straum, når vi har utbygd som vi har gjort tidlegare. Men det er altså ein del øyar som er fråflytta.
Hilde Frafjord Johnson (KrF): Jeg takker statsråden for svaret.
Men det er ikke jeg som blander sammen reguleringsregimet og strømutkoblinger. Det er e-verksjefene selv som har ansvaret for monopoldelen på nettet, som selv sier at dette kan få slike konsekvenser. Det tar vi på alvor, og jeg kan ikke forstå at man nå skal argumentere for enda mer bruk av fossil energi i Norge ved å øke utbyggingen av dieselaggregater som et alternativ. Vi må ha som mål å ha en strømforsyning med vannkraft til hele landet. Da er det også betenkelig at tilskuddene til linjenettet i grisgrendte strøk stadig vekk reduseres. Det ble til og med foreslått nedlagt av foregående statsråd i departementet, men der snudde heldigvis Arbeiderpartiets stortingsgruppe og tok til vettet.
Hvis statsråden skal ha sine ord i behold med hensyn til strøm til hele landet, vil hun sørge for at bevilgningene til tilskuddsordningen økes betydelig ved budsjettet for 1998?
Statsråd Ranveig Frøiland: Når det gjeld budsjettet for 1998, skal vi nok få høve til å koma tilbake til det.
Eg trur ikkje ein er avhengig av dei midlane som er på statsbudsjettet for å halda leveringstryggleiken oppe i landet, men det er eit viktig bidrag. Det er vi einige om. Det bør vi framleis satsa på, at staten skal vera med og yta midlar til dette, fordi det er viktig at vi har ein situasjon der linjenettet er slik at alle har tryggleik for at dei får levert straum.
Eg synest ikkje ein skal gjera dette til ein miljødebatt. Det får vera visse grenser! Vi har eitt eller to slike aggregat, men eg har peikt på at det er ei moglegheit når linja har falt ned. Men å gjera det til eit stort miljøproblem i Noreg synest eg faktisk er å gå for langt.