Stortinget - Møte onsdag den 30. april 1997
Spørsmål 5
Arne Haukvik (Uavh): « Forskarar som i lang tid har granska synet til elevar i grunnskolen, hevdar at 20 % av alle desse elevane har så dårleg syn at dei har store vanskar under skoledagen. Fleire av dei kjem seg ikkje gjennom skolen, dei endar som « drop-outs ». Psykolog Knut Inge Fostervold har sagt at 100.000 i grunnskolen slit tungt med lesing og skriving på grunn av dårleg syn som ikkje er oppdaga.
Vil helseundersøkingar av elevar i grunnskolen etter denne forskinga også ta omsyn til dette problemet? »
Statsråd Gudmund Hernes: Sosial- og helsedepartementet og Statens helsetilsyn er ikkje kjent med forskinga til psykolog Knut Inge Fostervold. Så vidt eg forstår, reiser denne forskinga spørsmål om samanhengen mellom lesevanskar og mindre påakta problem som t.d. koordinasjonsproblem ved finare augerørsler. Dette er sterkt omdiskutert, og Senter for leseforskning ved Høgskolen i Stavanger er i gang med ei prosjektframstilling av eit forskingsprosjekt for å klårleggje kva forsking kan seie om syn og lesing.
På bakgrunn av at det i den seinare tida har vakse fram ei kritisk haldning til helsekontrollar/screening i regi av helsestasjon og skolehelseteneste, har Statens helsetilsyn i mars 1996 sett i verk prosjektet « Videreutvikling av helsestasjons- og skolehelsetjenesten ». Prosjektet greier ut ulike delar innan det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, bl.a. helseundersøkingar og medisinsk screening for barn og unge 0-19 år, og skal utarbeide tilrådingar i høve av tenesta. Ei arbeidsgruppe i prosjektet har hatt som oppgåve å vurdere nytten av å gå gjennom metodane for screening og målretta undersøkingar.
Arbeidsgruppa si totalvurdering er at det ikkje er behov for store endringar i dagens screening og undersøkingsprogram i helsestasjons- og skolehelsetenesta, men at auka vekt bør leggjast på målretta helseundersøkingar basert på kunnskap om barnet sine føresetnader og tidlegare sjukdomar, familien og lokalmiljøet. Helsetilsynet går på denne bakgrunnen inn for dette opplegget:
- rutinemessig synsundersøking (visusundersøking) ved skolestart
- gjennomføring av ei synsundersøking ved 10-11 års alder - på grunn av mogeleg utvikling av myopi
- at undersøkingar seinare blir gjorde når det trengst
- at det blir etablert eit tilbod om sikring av fagleg standard for dei som arbeider i desse tenestene
Arbeidsgruppa rår til at lesevanskar hos elevane er indikasjon for å gjennomføre ei standardisert synsundersøking. Barnet bør i slike tilfelle visast til augelege.
Departementet vil følgje utviklinga av forskinga på feltet og be Statens helsetilyn vurdere både den forskinga psykolog Knut Inge Fostervold viser til, og resultat frå forskinga Senter for leseforskning ved Høgskolen i Stavanger er i ferd med å setje i gang.
Arne Haukvik (Uavh): Eg takkar for svaret, som for så vidt var positivt. Eg veit jo at departementet jobbar bra med dette. Men når vi ser kor lite pengar av norsk bruttonasjonalbudsjett som går til helsetiltak, er vi på linje med land som Mexico og Hellas og ikkje dei rike landa som me elles likar å samanlikne oss med. Vil statsråden syte for at det blir løyvt nødvendige pengar til å ta seg av slike tiltak, slik at ein enkel ting som ei synshemming ikkje vil føre til fleire taparar i norsk skuleverk?
Statsråd Gudmund Hernes: Først til det prinsipielle: Etter mitt syn er å bruke andel av bruttonasjonalprodukt som et mål på helsetilstanden og helsetjenestene i et land et like dårlig mål som om vi skulle bruke opplagstall for aviser som et mål for kvaliteten på aviser. Det vi må se på, er selvsagt andre mål for helsetilstanden, og slik sett kan Norge måle seg med de aller fleste land i verden, både når det gjelder befolkningens helsetilstand og når det gjelder kvaliteten på helsetjenestene, ikke minst ved at hele befolkningen omfattes av de helsetjenester vi har etablert.
Når det gjelder spørsmålet om forskning, er det altså slik at vi allerede har en arbeidsgruppe som har lagt et løp for hvordan man skal foreta den rutinemessige kontroll av elevene når det gjelder syn, og også hvis elever har lesevansker, at man bruker det som et tegn på at det kan være synsvansker og da får en skikkelig undersøkelse og en videre oppfølging etter et besøk hos øyelege.