Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 30. april 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg har følgende spørsmål til olje- og energiministeren:

I store deler av Nord-Norge er det ekstremt mye snø. Blir ikke vårværet ideelt med sakte tining og lite nedbør, er det grunn til å vente flom i deler av landsdelen.

Kan statsråden redegjøre for om damanleggene i denne delen av landet nå har fått sine beredskapsplaner?

Statsråd Ranveig Frøiland: Damanlegg med krav om beredskapsplanar til dameigarane er knytte til både kraftproduksjon og anna verksemd, som t.d. kommunale vassverk.

NVE har til no motteke beredskapsplanar frå 29 av i alt 50 dameigarar i Nordland, Troms og Finnmark, dvs. frå om lag 60 % av dameigarane. Dette talet tilsvarar gjennomsnittet for heile landet. Fordelt på verksemd har 25 av 36 kraftprodusentar sendt inn beredskapsplanar, dvs. om lag 70 %. For dammar eigde av kommunar, dvs. vassverk o.l., har NVE motteke beredskapsplanar frå 4 av 14 eigarar, dvs. om lag 30 %.

Eg kan opplysa at alle dameigarar i Nord-Noreg som har dammar med store bruddfølgjer, no har sendt sine beredskapsplanar til NVE.

I samband med utarbeidinga av odelstingsproposisjonen om ny lov om vassdrag og grunnvatn, som etter planen skal fremjast neste vår, vert det teke inn forslag om ein ny lovheimel for å gje pålegg om utarbeiding av beredskapsplanar. I mellomtida, før denne lovheimelen er vedteken, følgjer NVE aktivt opp dei dameigarane som enno ikkje har utarbeidd beredskapsplanar.

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg takker statsråden for et for så vidt nøyaktig svar. Det var interessant å få de nøyaktige tallene.

29 av 50 dameiere i landsdelen har beredskapsplaner. Nå vet vi det er så at en dameier kan eie flere dammer. Jeg vet ikke om statsråden har oversikt over hvor mange dammer det er i landsdelen som ikke har beredskapsplaner ennå.

Jeg har også tatt opp dette spørsmålet tidligere. Jeg ønsker å påpeke at det har tatt urimelig lang tid fra det ble gitt påbud om beredskapsplaner til arbeidet ble satt i gang. Jeg har lyst til å spørre hva departementet har gjort for å få fortgang i dette, og om det er satt i verk noen straffereaksjoner - f.eks. bøter til dem som har somlet med sine planer.

Statsråd Ranveig Frøiland: Det er rett at representanten har stilt spørsmål om dette fleire gonger tidlegare. Vi har frå departementet si side gjennom NVE følgt opp slik som eg har sagt, og resultatet er no slik som eg las opp i innlegget mitt.

Det vart spurt om vi har sett i verk straffereaksjonar. Nei,eg synest ikkje det er vegen å gå. Så sant ein kan få til dette utan å bøteleggja, må jo det vera rett veg å gå - og ein er på god veg. Vi må også skaffa oss ein lovheimel for å kunna påleggja dette. Det har vi ikkje hatt - det er ei av sakene. Ein kunne sjølvsagt ha kome i full fart til Stortinget med eit lovforslag. Men når vi no lagar ei lov der vi kan ta dette inn - denne lova har vore ute til høyring no - synest vi det er naturleg å venta på den for å skaffa oss den lovheimelen som kan vera nødvendig. Eg er einig med representanten i at det erviktig at denne jobben vert gjord.

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg takker igjen statsråden for svaret. Jeg er glad for at også hun ser alvoret i dette.

Den somlinga som vi har sett hos mange dameiere, mener jeg må tyde på manglende erkjennelse av alvoret i dette. Grunnen til at jeg spurte om det var foretatt noen straffereaksjoner, var jo nettopp at jeg har hatt spørsmålet oppe tidligere, som statsråden nevnte, og da viste den forrige statsråden til at det ville bli iverksatt straffereaksjoner - f.eks. bøter til dem som somlet. Vi kan ikke godta at det tar flere år før noe sånt kommer på plass.

I år har vi det tilfellet at det ikke bare er mye snø i landsdelen, men snøen har også et veldig stort innhold av vann, så det skal godt gjøres at vi ikke får problemer. Vi vet også at det er behov for forbygning i elver og vassdrag. Mener statsråden at nødvendig forbygning i elver og vassdrag også er et overordnet statlig ansvar?

Statsråd Ranveig Frøiland: Når ein skal sjå på kven som har gjort jobben sin best, dersom vi skal karakterisera kva som er best og verst, vil eg berre igjen visa til det første innlegget eg hadde. Det er slik at det er kommunane som har dei færraste beredskapsplanane. Berre 4 av 14, altså 30 % av kommunane, har lagt beredsskapsplanar.

Det er slik at representanten Kvalbukt og eg har ulike meiningar om korleis vi skal handtera kommunane. Men eg trur det er viktig at vi held på at kommunane skal gjera jobben sin, og så skal vi skaffa oss ein lovheimel for å få ordna opp i det, eller påleggja dei å gjera det dersom dei ikkje gjer det. Men det er altså slik at dei fleste kommunale vassverka ikkje har gjort jobben sin, så kanskje Kvalbukt og eg i fellesskap kan be dei om å gjera det.

Når det gjeld flom, ligg det ei melding i komiteen her i Stortinget om det, så det vil eg ikkje kommentera.

Presidenten: Dermed er spørretimen over.

: