Stortinget - Møte onsdag den 30. april 1997
Spørsmål 15
Eilef A Meland (SV): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Høgskolen i Stavanger har i dag unntak fra normalreglementet for høgskoler og universiteter med et eksternt flertall i styret.
Hvilket standpunkt vil statsråden innta når det gjelder den framtidige styresammensetning ved Høgskolen i Stavanger?
Statsråd Reidar Sandal: Høgskulerådet ved Høgskulen i Stavanger har komme med forslag om at nytt styre for høgskulen frå 1. august 1997 skal ha ei samansetjing i tråd med normalordninga etter lov om universitet og høgskular. Høgskulen har sjølv gjennom eit utval med representantar frå høgskuleråd, studentar og interne og eksterne styremedlemer vurdert erfaringane med eksternt styrefleirtal. Utvalet gir ikkje tilråding om kva styresamansetjing høgskulen bør ha. Eit fleirtal i styret ønskjer at det framleis skal vere eksternt fleirtal.
Eg har vurdert dei ulike dokumenta i saka og har med heimel i lova fastsett at Høgskulen i Stavanger framleis skal ha ei styringsordning der dei eksterne medlemene i styret utgjer eit fleirtal.
Eilef A Meland (SV): Jeg takker statsråden for svaret.
Ved årsskiftet var det to høgskoler i landet som hadde unntak fra hovedregelen i lov om universiteter og høgskoler. Det var Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Stavanger. Høgskolen i Gjøvik fikk raskt imøtekommet sitt ønske om overgang til normal styresammensetning. Etter flere måneders vurdering i departementet ble det overraskende sendt et brev fredag - dvs. samme dag som dette spørsmålet ble innlevert - om at høgskolen i Stavanger fortsatt ikke skal behandles etter lovens hovedregel i henhold til § 6. Denne høgskolen er således den eneste høgskolen i landet som ikke får lovens fulle rettigheter for selvstyrte institusjoner. Og da er hovedspørsmålet: Hvorfor har ikke statsråden fulgt opp de prinsipper Stortinget la til grunn og fulgt de råd som ble gitt fra det faglige personalet ved høgskolen - rådene fra høgskolerådet avgitt den 17. desember i fjor?
Statsråd Reidar Sandal: Det er viktig å vere klar over at det i denne saka er gitt sprikande råd frå dei som har uttalt seg frå høgskulemiljøet i Stavanger. Så langt eg er kjend med høgskuleverksemda i Stavanger, var det usemje når det galdt etableringa av høgskulen der, og den stakk djupare her enn andre plassar. Vi har no røynsle for at det har lykkast å få denne nye organisasjonen til å verke - og til å verke i lag. Det er mange valde ombod og mange i administrative posisjonar som har tatt tunge tak i denne samanhengen, og eg veit at det blir gjort mykje godt fagleg arbeid i dei ulike fagmiljøa. Eg trur at det i denne startfasen har vore avgjerande for bygginga av institusjonen at det har vore drahjelp frå det eksterne fleirtalet i styret, og eg har funne det best å la denne styringsforma halde fram også i neste styreperiode.
Eilef A Meland (SV): Som statsråden sikkert er underrettet om, er avgjørelsen i departementet blitt møtt med skuffelse og beklagelse fra de ansatte og fra studentene ved høgskolen, og de stiller spørsmål om hvorfor statsråden ikke ville bidra til ro ved høgskolen og overgang til et normalreglement, slik som loven forutsetter. Da er det naturlige oppfølgingsspørsmålet: Vil departementet på ny vurdere denne styringsordningen? Skal Høgskolen i Stavanger nå ha en midlertidig ordning fram til år 2000 og deretter gå inn i ny usikkerhet knyttet til styresammensetningen?
Statsråd Reidar Sandal: Representanten Meland stiller spørsmål om kva som vil skje framover, og eg skjønar for så vidt det, fordi representanten Meland i ein annan kapasitet kjenner forholda veldig godt og har eit engasjement i saka som eg både forstår og respekterer. Dei røynslene som den noverande styreordninga har gitt oss, har vore gode når det gjeld å skape ein institusjon i Stavanger og leggje forholda godt til rette for vidareutvikling av høgskulen i samvirke med samfunnet elles.
Avgjerda om styreordning er fastsett av departementet, og den vil gjelde for den tida høgskulen er orientert om. Og avgjerda ligg fast - sjølvsagt gjer den det!