Stortinget - Møte onsdag den 9. april 1997
Spørsmål 26
Gunnar Fatland (H): Jeg skal få lov å stille følgende spørsmål til olje- og energiministeren:
Ved behandlingen av St.meld.nr.26 (1993-1994) om utfordringer og perspektiver for petroleumsvirksomheten på kontinentalsokkelen var det bred politisk enighet om å stimulere til en samordnet utnyttelse av eksisterende installasjoner på kontinentalsokkelen.
Hvordan vurderer statsråden mulighetene for fortsatt utnyttelse av Frigg- og Heimdal-installasjonene etter at de aktuelle feltenes eget ressursgrunnlag beregnes uttømt rundt 1998/1999?
Statsråd Ranveig Frøiland: Det er først og fremst i samband med behandlinga av avslutningsplanen for felta at styresmaktene vurderer spørsmålet om vidare bruk av ei petroleumsinnretning etter at feltet sitt eige reservegrunnlag er tømt ut. I medhald av den nye petroleumslova, som vi ventar vil tre i kraft i løpet av dette året, 1997, skal rettshavarane leggja fram ein avslutningsplan seinast to år før ein forventar at bruken av innretninga vil ta slutt. Ved behandlinga av denne planen vil eit heilt sentralt spørsmål vera om det er økonomisk grunnlag for vidare drift av innretningane. Dersom det er økonomisk grunnlag for vidare drift, vil dette vera både i rettshavarane og samfunnet sine interesser. Men eg må understreka at ein må kunna påvisa at det er økonomisk grunnlag for vidare drift der inntektene ein oppnår ved sal av petroleum, overstig kostnadene ein har ved å driva den aktuelle innretninga.
Når det gjeld spørsmålet frå representanten Fatland om vidare bruk av Frigg- og Heimdal-innretningane, trur eg det er føremålstenleg å behandla desse felta kvar for seg.
Når det gjeld Heimdal-plattforma, vurderer eg det slik at det er høve til vidare bruk av innretninga etter at produksjonen på feltet er planlagd å slutta. Både Norsk Hydro, som nyleg har inngått ein intensjonsavtale om å overta som operatør, og den førre operatøren, Elf, arbeider med sikte på å forlengja drifta utover det som er planlagt i dag. Det er påvist petroleumsfunn i området rundt Heimdal som kanskje kan byggjast ut lønsamt med tilknyting til Heimdal-plattforma, og det vert leita vidare etter nye kommersielle funn. Det vert også vurdert å bruka Heimdal-plattforma som knutepunkt for ein gassrøyrleidning mellom Oseberg-feltet og transportsystemet Statpipe. Sjølve plattforma vil reint teknisk vera eigna for drift i mange år framover. Det som gjenstår å sjå, er om det vil vera rekningssvarande å driva Heimdal-plattforma vidare samanlikna med andre eksisterande eller nye installasjonar i området.
Når det gjeld installasjonane på Frigg-feltet, er det ikkje pr. i dag påvist petroleumsfunn i nærleiken som åleine kan gje grunnlag for vidare drift utover Frigg-feltets eige reservegrunnlag. Men operatøren Elf arbeider kontinuerleg med å redusera driftskostnadene på feltet, slik at mest mogleg av reservane i feltet kan verta utvunne. Med tanke på framtidig norsk gasseksport til Storbritannia vil det vera mogleg å driva vidare gassrøyrleidningen mellom Frigg-feltet og St Fergus i Skottland sjølv den dagen sjølve Frigg-feltet vert stengt ned.
Gunnar Fatland (H): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg er også enig i at denne intensjonsavtalen som nå er inngått mellom Hydro og Elf, er et positivt trekk og øker muligheten for at en får til en utnyttelse av de aktuelle installasjoner, da særlig Heimdal-plattformen.
Jeg har likevel forståelse for at både ansatte og samfunnsengasjerte mennesker for øvrig er opptatt av både arbeidsplasser og samfunnsøkonomien i de beslutninger som ligger foran oss, bl.a. i Jotun-saken. Bildet er imidlertid komplekst og kan derfor gi grunnlag for mer eller mindre begrunnede spekulasjoner i mange retninger. Jeg vil derfor henstille til statsråden å benytte bl.a. Jotun-saken også til en noe bredere generell gjennomgang av problemstillingen knyttet til utnyttelse av eksisterende infrastruktur i den aktuelle del av Nordsjøen, slik at også Stortinget får et helhetlig bilde av potensialer, muligheter, begrensninger samt samfunns- og selskapsøkonomiske problemstillinger med sikte på en optimal utnyttelse av infrastrukturen, herunder også Heimdal-plattformen.
Statsråd Ranveig Frøiland: Eg er samd med representanten Fatland i at det er slik at ein må ta ulike omsyn. Eg er vel merksam på både arbeidsplassar og arbeidstakarane si interesse for dette. Vi haròg i departementet sjølvsagt hatt kontakt om det. Eg trur det er heilt fundamentalt viktig å sjå på heilskapen i dette, som eg sa i svaret mitt.
Så har eg notert meg oppmodinga, og eg skal sjå kva eg kan gjere for å stette den, for det er klart at det er viktig at òg Stortinget vert informert om dette.
Presidenten: Så går vi til spørsmål 27, fra Mimmi Bæivi til justisministeren. Spørsmålet vil bli tatt opp av Inger Lise Husøy.