Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 9. april 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Tore A Liltved (H): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

I spontanspørretimen 19. mars 1997 erkjente statsråd Sandal at IT-bransjen er i sterk ekspansjon, men at sivilingeniørstudiet og ingeniørstudiet, i alle fall deler av studieplassene som har relevans for IT-sektoren, faktisk ikke har søkere nok.

Hvilke studier og studiesteder er det statsråden sikter til, hvorfor er det blitt slik og hva gjør statsråden for å øke elevtilgangen til disse for samfunn og næringsliv viktige studier?

Statsråd Reidar Sandal: Spørsmålet som er stilt, er omfattande. Eg vil derfor be om litt utvida tid til å svare.

Presidenten: Jeg går ut fra at Stortinget aksepterer det, innenfor rimelighetens grenser.

Statsråd Reidar Sandal: Studietilbod som er relaterte til informasjonsteknologi, finn vi ved alle universiteta og ved ei rekkje høgskular. Då tenkjer eg særleg på linjene for datateknikk og elektronikk innanfor sivilingeniør- og ingeniørstudia, men òg på cand.scient.- og høgskulekandidatstudium i informatikk. Som eg svarte representanten Liltved på hans spørsmål 19. mars, er det ikkje på nasjonalt plan søkjarar nok til desse studia. Det er berre Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet som har vesentleg oversøkning til tilbod i informasjonsteknologi. Etter opptaket sist haust stod det ledige studieplassar på sivilingeniørstudia i IT både i Narvik og i Stavanger, og det var ikkje kø til dei andre universiteta som òg kan tildele sivilingeniørgraden i datafag. Fem av dei tolv høgskulane som har ingeniørutdanning i datafag, hadde ledig kapasitet på denne linja det siste året.

Når det gjeld elektronikklinjene, som finst ved alle høgskular med ingeniørutdanning, er studentsøkninga endå svakare, og fleire enn halvparten av høgskulane hadde ledige studieplassar ved oppstart av nytt studieår sist haust.

Årsakene til at det i mange vestlege land i dei seinare åra har vore sviktande rekruttering til naturfag og teknologiske fag, er mange og samansette. Eg vil peike på nokre av dei:

  • Mange meiner at naturfaget har hatt ei svekt stilling i grunnskulen, og at det er blitt formidla negative holdningar til realfag og teknologi.
  • Vi er inne i ein periode med relativt små ungdomskull. Når det i tillegg er forholdsvis færre elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring som vel fordjuping i matematikk og naturfag, har dette som konsekvens for få kvalifiserte søkjarar til studium med krav om slik fordjuping.
  • I ein periode var det relativt høg arbeidsløyse blant ingeniørar, og dette medførte sviktande tiltru hos mange unge til ingeniørarbeid som eit framtidig yrke. Seinast i fjor kunne ein lese analysar over behovet for ingeniørar som viste ein mogleg overproduksjon rundt år 2.000.

Forklaringa på det brå omskiftet på arbeidsmarknaden finn vi i det faktum at om lag 75 % av ingeniørane er tilsette i privat verksemd. Som eg understreka også i svaret mitt 19. mars, er IT-bransjen kanskje det området der endringar skjer raskast, og no er altså denne bransjen i sterk ekspansjon.

Matematisk, naturvitskapleg og teknologisk kompetanse er sentrale faktorar i verdiskaping, sysselsetjing og velferdsutvikling. Rekrutteringssvikten til desse fagområda er derfor ottefull, og det må setjast inn tiltak på brei front for å snu utviklinga. Ein del er allereie gjort:

  • Naturfaget er styrkt i den nye læreplanen for grunnskulen, og arbeid med spørsmål som gjeld natur, miljø og teknologi, er framheva i generell del av felles læreplan.
  • Natur- og miljøfag er prioriterte område ved etterutdanning av lærarar.
  • Ekstraordinære tilbod om forkurs for å kvalifisere for opptak til ingeniørutdanning, sivilingeniørutdanning og andre høgre studium som krev spesiell studiekompetanse i realfag, er bygde ut ved fleire av høgskulane.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har likevel ikkje meint at dette er nok, og har sett ned ei breitt samansett arbeidsgruppe som skal foreslå tiltak, både kortsiktige og langsiktige, som kan betre situasjonen for naturvitskap, teknologi og matematikk i norsk utdanning. Særskilt skal gruppa vurdere tiltak retta mot jenter, slik at kvinnerepresentasjonen i desse fagområda aukar. Ein første delrapport frå gruppa skal leggjast fram no i april, og arbeidet skal vere avslutta 1. juli i år. Eg vil òg minne om det arbeidet som er i gang når det gjeld innhaldet i lærarutdanningane.

Når det gjeld situasjonen i datafag på universitets- og høgskulenivå, vil spørsmålet om kapasitet bli vurdert særskilt i det materialet som skal leggjast fram for Stortinget i revidert nasjonalbudsjett og i ein eigen proposisjon om regulering av tilgjenge til studium ved universiteta.

Tore A Liltved (H): Statsråden pekte på noe som alle vet, at det er mangel på kandidater til visse elevplasser, men det er ikke hele sannheten. F.eks. ved Høgskolen i Agder, HiA, er det tredobbelt så mange søkere som det er plass til, så det er muligheter for å få inn flere, og etterspørselen er stor.

Når det gjelder erkjennelsen av Arbeiderpartiets myte om verdens beste skole - den makter altså ikke å føre fram kandidater til en meget ekspansiv bransje. Det må være noe som statsråden bør ta innover seg, og, som han sa, også prøve å rette opp. Det er veldig viktig nå at en får nok arbeidskraft til denne ekspansive bransjen, slik at den ikke tørker ut og en ikke får den mulighet til verdiskaping og fremtidige arbeidsplasser som bransjen gir. Det håper jeg arbeiderpartiregjeringen vil satse mye på - i hvert fall skal Høyre gjøre det.

Statsråd Reidar Sandal: Eg må vel få lov å seie at det sleivsparket som representanten Liltved kom med mot Arbeidarpartiet og Regjeringa sin utdanningspolitikk, verken var sakleg eller særleganalytisk, og det er tufta på sviktande grunnlag. Arbeidarpartiet har ført ein veldig ekspansiv utdanningspolitikk, i den forstand at vi har skaffa fleire og betre studietilbod til dei unge. Vi er faktisk i ein situasjon der vi har auka talet på studieplassar frå ca 100.000 til ca 170.000 i løpet av det tiåret som vi no er inne i, og eg meiner at grunnlaget er lagt for å oppnå gode resultat på dette området.

Når det gjeld omfanget av studieplassane, er det lagt fram eit forslag frå Regjeringa til behandling i Stortinget, og eit fleirtal i Stortinget har akseptert og skissert dei rammevilkåra som vi arbeider med på dette området. Eg har lyst til å minne representanten Liltved om det.

: