Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. mars 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg har følgende spørsmål til vår olje- og energiminister:

Husholdningsabonnenter kan skifte strømleverandør fire ganger i året. Skal strømkunder nyte godt av rimeligere energi fra et alternativt energiverk fra 2. kvartal, det vil si fra 7. april 1997, må kontrakt hos nåværende leverandør sies opp innen 17. mars. Fordi mange energiverk foreløpig ikke har oppgitt pris for 2. kvartal, bidrar den lange fristen til å hindre konkurransen mellom energiverkene.

Hva kan statsråden bidra med for å få husholdningsmarkedet til å fungere bedre?

Statsråd Ranveig Frøiland: Det er ikkje noko anna land som har gjeve småkundane same tilgangen i kraftmarknaden som Noreg. Konkurransen vert ikkje hindra av krav om å installera kostbart og avansert målarutstyr ved byte av straumleverandør. Det er heller ikkje noko gebyr i samband med leverandørbytet.

Etter mi meining er det no enkelt å byta leverandør. Kundane kan velja mellom fleire leverandørar, og Konkurransetilsynet har teke ansvaret for informasjon til kundane om tilbodet i marknaden.

Eg meiner no at NVE og Konkurransetilsynet har utvikla dette systemet rimeleg raskt. Ein må hugsa på at dei ikkje har hatt nokon andre land å sjå etter. Men vi har framelis ambisjonar om å gje sluttbrukarane endå betre vilkår. Det er tekniske årsaker til at hushaldningskundane førebels kan byta leverandør berre ein gong i kvartalet, og at varslingsfristen er tre veker.

NVE har utvikla løysingar som gjer det enklare for nettselskapa å handtera leverandørskifte. Når desse løysingane vert tekne i bruk, vert det mogeleg for småkundane å byta leverandør kvar veke. Det vert også mogeleg å setja ned kundane sin frist på tre veker for å varsla nettselskapa om leverandørbyte. NVE tek sikte på å innføre systemet frå neste år.

Førre veka vart dei e-verka som selde rimelegast straum, nedringde av småkundar som ville byta leverandør frå 7. april. I samband med denne fristen samla Konkurransetilsynet inn prisar frå ca 40 e-verk, og dei fem e-verka med dei lågaste prisane vart offentleggjorde. Fleire e-verk har senka prisane sine den seinaste tida. Eg tek interessa for prisar og leverandørbyte som eit signal på at marknaden no verkar stadig betre.

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg er enig med statsråden i at Norge er et foregangsland. Men vi har ennå en god del sperrer i systemet som gjør at husholdningsabonnentene som vi nå snakker om, har en langt høyere strømpris enn det som er nødvendig i forhold til markedet. Vi står jo nå foran en vår med vårflom, vi har hatt stor nedbør i fjellet osv. Hvis vi klarer å løse opp disse sperrene, vil vi gjøre det mulig for husholdningsabonnentene å tegne langt bedre kontrakter enn det vi har opplevd fram til nå, eventuelt langsiktige ettårs- eller toårskontrakter som også sikrer dem mot manipulasjon fra energiverkenes side. Vi vet at det har vært problemer med toprissystem. Enkelte kommuner har én pris for egne innbyggere, en annen for kunder utenfor eget forsyningsområde. Vi vet også at det er samarbeid energiselskapene imellom. Vil statsråden bidra til å underlette markedet f.eks. ved å pålegge kraftselskapene å innrapportere strømprisene ved prisendringer?

Statsråd Ranveig Frøiland: Eg vil berre gjenta: Eg meiner at marknaden faktisk er godt tilgjengeleg for småkundane no, men det kan, som eg har sagt, gjerast betre.

Når det gjeld nettselskapa, er det tekniske årsaker til at det ikkje går an å byta oftare enn fire gonger, slik det er i inneverande år, men dei tek sikte på å ta i bruk det nye systemet frå neste år. Eg trur at dei sperrene som representanten Hedstrøm snakka om, er i ferd med å verta overvunne. Det er som sagt rett at vi skal gjera det lettare å skifta e-verk, og med alt arbeidet som har vore gjort i denne tida, har det jo berre gått rette vegen.

Når det gjeld toprissystemet, vil eg berre gjenta det eg har sagt tidlegare, at eg synest det er riktig at det må vera kommunen sitt eige val korleis dei vil selja kraft.

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for tilleggssvaret.

Jeg er helt enig i at det går den riktige veien. Men allikevel er det min oppgave som opposisjonspolitiker å påpeke de feilene og de hindringene vi ennå ser i systemet.

Det som en del husholdningsabonnenter opplever når de henvender seg til ett og samme energiverk, er at informasjonen de får, ofte er forvirrende og villedende. De kan oppleve å få opplyst svært forskjellige beløp i øre pr. kWh ved henvendelse til ett og samme kundekontor. Jeg vet at noen ganger er fastavgiftene inkludert, eller andre avgifter, overføringspriser osv. kan være inkludert. Vi trenger et system der kundene på en enkel og grei måte kan sammenligne de forskjellige tilbudene uten at energiselskapene har muligheter til å manipulere dette for å maskere den reelle prisen. Hva kan statsråden bidra med her? Mener hun at NVE og Konkurransetilsynet gjør sin oppgave godt nok på dette området?

Statsråd Ranveig Frøiland: Eg vil berre seia til energiselskapa sitt forsvar at dei er veldig opptekne av desse tinga som Hedstrøm peikar på. Dei òg meiner at dei kan verta betre, sjølvsagt, med å gje informasjon. Eg trur ikkje det er nokon som tek sikte på å manipulera. Men ting tek tid. Det har òg teke tid for energiselskapa å gå over til å vera i ein marknad som skal fungera. Dei er opptekne av å gjera alt det beste dei kan for å gje den rette informasjonen til kundane.

Når det gjeld spørsmålet om NVE og Konkurransetilsynet gjer jobben sin, meiner eg at dei gjer det, og dei er sjølvsagt òg interesserte i å gjera det endå betre for småkundane sin del.

: