Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 1997
Spørsmål 18
Marit Tingelstad (Sp): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Den nye læreplanen for grunnskolen vil øke behovet for lærere med kompetanse i engelsk, men også i andre fremmedspråk vil behovet for kompetanse øke.
Vil statsråden prioritere opp områder som engelsk og andre fremmedspråk med hensyn til etter- og videreutdanning?
Statsråd Reidar Sandal: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har utarbeidd ein plan for kompetanseutvikling knytt til innføring av det nye læreplanverket for perioden 1. januar 1996 - 31. desember 1999. På grunnlag av den fireårige planen utarbeider departementet årlege handlingsplanar som dannar grunnlaget for arbeidet med kompetanseutvikling for det enkelte året. I handlingsplanen og i tildelingsbrevet til Statens utdanningskontor for 1997 har departementet understreka at det skal satsast sterkare på fagspesifikke kurs for lærarar, særleg på ungdomstrinnet.
Planar for natur- og miljøfag, matematikk, informasjonsteknologi, kunst og handverk og kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er ferdige. Departementet tar sikte på å gjere ferdig planar for etterutdanning for engelsk og tilvalsspråk før skulestart hausten 1997 og vil setje i verk utarbeiding av rettleiingar i faga hausten 1997.
Etterutdanningsplanane og rettleiingane vil bli utforma med sikte på å vere hjelpemiddel. Dei skal utfylle kvarandre og kunne gå inn i eit heilskapleg opplegg for kompetanseutvikling.
Planane for etterutdanning skal vere utgangspunkt for konkrete etterutdanningsopplegg i regi av universitet, høgskular og andre fagmiljø, og dei skal leggjast til grunn for opplegg som er koordinerte av Statens utdanningskontor. Planane skal òg vere utgangspunkt for etterutdanning som kommunane sjølve set i verk.
Når det gjeld vidareutdanning, har alle universiteta tilbod i engelsk, tysk og fransk, og Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø har tilbod i finsk. Ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet i Tromsø er tysk og fransk opne studium. Dette inneber at alle lærarar som ønskjer vidareutdanning i dei to språkfaga, kan ta dette ved dei to universiteta. I tillegg til tilboda på universitetsnivå tilbyr 16 av 18 høgskular som har allmennlærarutdanning, årseining i engelsk. Vidare har åtte høgskular bygt ut eit tilbod i tysk, to har tilbod i fransk og ein i finsk.
Ved sida av dei faste tilboda ved utdanningsinstitusjonane organiserer Statens lærarkurs i 1997 årskurs i fransk i Caen for 20 studentar og dessutan vidareutdanningstilbod i tysk i Hordaland, Sogn og Fjordane og Trøndelag. Tilvalsfaga i språk vil vere eit prioritert område for etter- og vidareutdanning for Statens lærarkurs i 1998.
Marit Tingelstad (Sp): Jeg takker statsråden for svaret, der han bl.a. listet opp alt som skulle gjøres, men som enda ikke er gjort i forhold til etterutdanningsplanene. Jeg må bare konstatere at departementet ikke følger opp sitt eget langtidsprogram fra forrige periode, der det står:
Som en følge av at Norge i langt sterkere grad enn før veves inn i det internasjonale samfunn, ser Regjeringen det som viktig å bedre språkopplæringen.
Jeg kan ikke se at den satsingen som er skissert nå, er i samsvar med langtidsplanen. Jeg er veldig bekymret over at vi skal starte tiårig skole om fem måneder, og at vi enda ikke har sikret at alle lærere er oppdatert. Jeg minner om at når seksåringene skal inn i skolen, er det en helt annen metodikk som må brukes, også innen språkopplæring, enn den som brukes i andre trinn i skolen. Jeg la også merke til at statsråden sa at det var særlig på ungdomstrinnet det skulle satses på faglige planer og skje etterutdanning. Jeg vil spørre om statsråden føler seg bekvem over den situasjonen som er, når vi vet at det er vel fem måneder igjen.
Statsråd Reidar Sandal: Eg er sjølvsagt usamd i den situasjonsframstillinga som representanten Tingelstad gav. Det å prioritere betyr å velje noko framfor noko anna. Frå departementet si side har vi då i første runde når det gjeld etter- og vidareutdanning og kompetanseutvikling, valt å prioritere dei faga som eg gjorde greie for i svaret mitt.
Eg har òg lyst å seie at ein ikkje må undervurdere den faglege innsikta som pedagogar flest har, og prøve å framstille det slik at dei eigentleg ikkje har dei faglege føresetnadene for å kunne gi undervisning på dei fagområda dei er sette til å undervise i. Vi har laga planane for kompetanseutvikling framover, og dei vil bli følgde. Og dersom kommunane følgjer opp det på ein lojal måte, trur eg vi skal komne godt i hamn.