Stortinget - Møte onsdag den 19. februar 1997
Spørsmål 23
Astrid Marie Nistad (A): Eg vil gjerne stille følgjande spørsmål til olje- og energiministeren:
I samband med arbeidet for å effektivisere drifta av overføringsnettet i kraftforsyninga kan det verte snakk om endring i nettdrifta.
Vil statsråden syte for at det nasjonale nettet for overføring av kraft (sentralnettet) ikkje vert mindre enn i dag, men vert oppretthalde minst med noverande omfang og kanskje utvida, slik at heile landets kraftforsyning vert knytt saman til eit felles nett, med utjamna overføringspris mellom landsdelane?
Statsråd Ranveig Frøiland: Utstrekninga til sentralnettet har vore endra mange gonger før energilova vart vedteken, og dette har vore styrt av bransjen. No har det igjen oppstått ein slik diskusjon i energiforsyninga. Energiforsyningens Fellesorganisasjon og Statnettkundenes Fellesorganisasjon har eit omfattande samarbeid og drøftingar med Statnett, m.a. om sentralnettet si utstrekning.
Ein av modellane som vart drøfta, og som eg forstår at representanten Nistad kjenner til, tek utgangspunkt i at sentralnettet berre skal omfatta linjer med spenning høgare enn 200 kV. I reindyrka form inneber modellen at Nord-Troms og Finmark og sentrale linjer i Sogn og Fjordane går ut av sentralnettet. Men departementet har gjort det klårt at sentralnettet må vera landsomfattande. Også Statnett legg dette til grunn i drøftingane. Det vart også drøfta enkelte andre unnatak frå hovudregelen. Eg vil ikkje ta standpunkt til detaljane her, men eg meiner det er rett å ha eit sterkt sentralnett.
I samband med diskusjonen knytt til sentralnettet vert det arbeidd for ei meir effektiv organisering av dei regionale overføringsnetta. Det vert arbeidd med å utvikla modellar som kan nyttast i felles drift av regionalnett med mange eigarar, såkalla fellesnett. Fellesnett vil truleg bidra til at e-verka si nettverksemd vert meir effektiv. Det vil gje ei utjamning av tariffane innafor dei ulike regionane. Skiljet mellom konkurranseutsett verksemd og monopolverksemd vert klårare. Fellesnettet er ei positiv utvikling i tråd med sentrale mål i energilova.
Eg ser positivt på at bransjen sjølv tek tak i desse viktige spørsmåla knytt til organiseringa av nettverksemda både i sentralnettet og i regionalnettet. Eg minner om at det er opp til eigarane å velja organisasjonsform, og utviklinga er avhengig av eit utstrekt frivillig lokalt samarbeid. Eg ser for meg at løysinga kan verta noko ulik i dei ulike regionalnetta, og tempoet i utviklinga kan variera. Eg ser ingen grunn til å meina noko om detaljane i diskusjonen, men departementet og Norges vassdrags- og energiverk følgjer dette nært. Eg vil òg minna om at ulike aktørar som representerer ulike delar av landet, og både produsentsida og forbrukarsida, er med i diskusjonen om sentralnettet si utstrekning og om regionale fellesnett. Dersom vi forstyrrar prosessen meir enn nødvendig, risikerer vi å stansa ei positiv utvikling.
Det grunnleggjande overordna prinsippet må vera at sentralnettet skal vera landsomfattande, og eg legg til grunn at òg Statnett må kunna ivareta oppgåvene som dei er pålagde av Stortinget, m.a. når det gjeld systemansvaret i Noreg.
Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar statsråden for svaret og for at ho er så positiv til at sentralnettet skal vere landsomfattande. Eg har eit tilleggsspørsmål: I delar av landet - m.a. i Nord-Noreg og i Sogn og Fjordane - har ein jamt over færre kraftliner med større overføringskapasitet enn elles. Dette heng saman med at forbruket ikkje har vore høgt nok til at ein treng den høgste kapasiteten. Vil då statsråden medverke til å prioritere bygging og forsterking av desse nye og viktige kraftlinene som det m.a. er planar om for å gjere kraftforsyninga i Sogn og Fjordane sterkare, slik at beredskapen både for enkeltforbrukar og industrien vert styrkt?
Statsråd Ranveig Frøiland: Eg vil berre gjenta det som eg sa i svaret mitt, at departementet har gjort det klårt at sentralnettet skal vera landsomfattande, og at Statnett legg dette til grunn i dei drøftingane dei har med Statnettkundenes Fellesorganisasjon og Energiforsyningens Fellesorganisasjon. Det inneber at sentralnettet må innehalda nokre liner som har lågare spenning enn 200 kV. Eg er kjend med planane om å utvida overføringsnettet i Sogn og Fjordane. Men eg vil gjenta at eg vil ikkje ta stilling til detaljane i desse planane og kva liner som skal vera med i sentralnettet. Eg vil igjen presisera at det er viktig å ha eit sentralnett.
Astrid Marie Nistad (A): Eg har forståing for at statsråden ikkje vil prioritere eit spørsmål på denne måten, men eg forventar at spørsmålet mitt vert lagt på hjartet.
Det tek veldig mange år å planlegge, få konsesjon og å bygge større kraftliner i dag. I perioden fram til ei ny line er ferdig kan nettkapasiteten verte for liten og forsyninga vanskeleg i desse avgrensa områda. Vil statsråden medverke til at staten gjennom Statnett SF som driftskoordinator kan bruke dei verkemidla som er naudsynte for å sikre kraftforsyninga i slike vanskelege situasjonar, og ikkje late marknaden ordne opp?
Statsråd Ranveig Frøiland: Stortinget har gitt Statnett systemansvaret for kraftforsyninga i Noreg. Det inneber at Statnett har det overordna ansvaret for kraftforsyninga i alle regionar i landet vårt.
NVE har utarbeidd omfattande retningsliner for dette systemansvaret. Statnett kan t.d. gripa inn og krevja at produsentar i eit område som kan få for liten overføringskapasitet, skal redusera produksjonen dersom området seinare kan verta råka av forsyningsvanskar. Dette har Statnett gjort fleire gonger tidlegare i Sogn og Fjordane.