Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. februar 1997

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Siri Frost Sterri (H): Jeg har følgende spørsmål til kirkeministeren:

Det vises til Innst.O.nr.46 (1995-1996) og B.innst.S.nr.12 (1996-1997) når det gjelder Stortingets ønske om å gjøre Trondheim til « kirkehovedstad ».

Hvilke initiativ kan statsråden vise til for å bidra til dette?

Statsråd Reidar Sandal: Med dei kyrkjelege tradisjonane som knyter seg til Nidaros heilt tilbake til Olav den heilage, med den praktfulle katedralen og i tillegg Erkebispegarden, som snart er ferdig gjenreist, står Trondheim fram som det kyrkjelege sentrum i Noreg.

I innstillinga i samband med ny kyrkjelov bad komiteen departementet om

i samråd med Den norske kyrkja vurdere korleis tradisjonen knytta til Nidaros også kan speglast i form av til dømes plassering av sentrale kyrkjelege organ og møteverksemd i Trondheim

Dette har departementet tatt opp med Kyrkjerådet. Og som representanten Frost Sterri sikkert er kjend med, hadde Kyrkjerådet nyleg møte i Trondheim. Vidare skal Kyrkjemøtet, som elles dei fleste åra har lagt samlinga si til Bergen, i år haldast i Trondheim, slik Stortinget la til rette for med ei særskild løyving på 300.000 kr. Om Trondheim for framtida skal vere fast møtestad for Kyrkjemøtet, er etter mitt syn eit spørsmål som organet sjølv må få avgjere. Når det gjeld Kyrkjerådet sitt sekretariat, som har kontor i Oslo, går eg ut frå at komiteen ikkje har meint at departementet skal flytte dette til Trondheim utan at Kyrkjemøtet ytrar ønske om det.

Bispemøtet er eit anna sentralt kyrkjeleg organ som normalt samlast til møte to gonger i året. Det er tradisjon for å leggje det eine av desse møta til Oslo, men biskopane avgjer sjølve kvar dei skal møtast. Elles har Bispemøtet ein preses, dvs. ordførar, som biskopane vel i sin midte kvart år. Det har vore tradisjon å velje biskopen i Oslo til dette vervet, men det er ingen regel som seier at det skal vere slik. Bispemøtet har òg ein sekretær. Praktiske grunnar gjer at denne bør ha sitt kontor i tilknyting til den som til kvar tid er preses.

Når det gjeld nye konkrete tiltak som vil gjere Trondheim sin sentrale plass i det kyrkjelege biletet synleg, vil eg vise til at det no er under etablering både eit liturgisk senter og eit middelaldersenter i Erkebispegarden. Eg kan òg nemne at departementet har løyvd midlar til ulike tiltak i samband med Trondheim by sitt 1000-års-jubileum. Men det viktigaste bidraget er sjølvsagt gjenreisinga av Erkebispegarden og opprustinga av Vestfrontplassen, som skal stå ferdig til sommaren. Dette har vore eit stort løft som har kosta over 100 mill. kr.

Kirsti Kolle Grøndahl hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Siri Frost Sterri (H): Jeg takker kirkeministeren for svaret, som jeg oppfatter som positivt i forhold til det spørsmålet jeg hadde stilt. Jeg oppfatter at også kirkestatsråden er opptatt av at Nidaros skal være et viktig knutepunkt, ikke bare kirkehistorisk, men også i forhold til kirkelig aktivitet inn i et nytt tusenår. Han nevner jo selv tre viktige funksjoner, organer, møtevirksomhet i den sammenheng.

La meg ta det i tur og orden. Spørsmålet om permanent sted for Kirkemøtet er kanskje mest akutt. Vil statsråden benytte den tenkepausen som Kirkerådet nå har bevilget seg før det tar en endelig avgjørelse i løpet av mai, til å drøfte dette nærmere med Kirkerådet og kanskje hjelpe til med de vurderinger rådet skal ta?

Statsråd Reidar Sandal: Det er riktig som representanten Frost Sterri peikte på, at det er tatt ei rekkje initiativ for å plassere Trondheim i det kyrkjelege sentrumet som byen har vore i og bør vere i. Vi har ei rekkje konkrete eksempel på at ei aktiv oppfølging her har skjedd.

Når det gjeld fast stad for Kyrkjemøtet, som representanten Frost Sterri stiller konkret spørsmål om no, vil eg vise til at departementet i juli i fjor vende seg skriftleg til Kyrkjerådet. Det har òg seinare vore ført samtalar om spørsmålet med Kyrkjerådet utan at det er blitt trekt nokon konklusjon. Eg er opptatt av at vi må ha høve til å samrå oss om dette spørsmålet før det blir trekt endeleg konklusjon. Kva den vil bli, er det for tidleg å seie noko om i dag.

Siri Frost Sterri: Jeg takker nok en gang for svaret og oppfatter det slik at også statsråden nå ser muligheten for eventuelle samtaler med Kirkerådet før det tar en endelig bestemmelse. Jeg er enig med statsråden i at til syvende og sist må Kirkerådet selv ta denne bestemmelsen, men det kan i hvert fall ikke være noen tvil om Stortingets ønske om at det kan bli et permanent møtested i de nyoppussede og restaurerte lokalene i Erkebispegården.

For øvrig har jeg merket meg det statsråden også her selv nevnte, nemlig spørsmålet om eventuell flytting av Kirkerådet og sekretariatet, og spørsmålet om preses for Den norske kirke. Jeg er enig i at man her bør gå nennsomt frem, og det må være opp til Den norske kirke selv å ta slike bestemmelser, men det er klart at det er ikke uinteressant hvilke initiativ statsråden tar.

Statsråd Reidar Sandal: Eg vil gje påskjøning til representanten Frost Sterri for den balanserte tilnærminga ho har til dette spørsmålet, der ho òg peikar på den medråderetten som Kyrkjerådet må ha når det gjeld det som her blir drøfta.

Representanten Frost Sterri peikar vidare på at det ikkje må rå tvil om kva Stortinget har meint om dette. Eg skal ikkje no invitere til ein tett debatt om det, men formuleringa frå stortingskomiteen si side, som ein finn i Innst.O.nr.46 (1995-1996), er kanskje ikkje så eintydig som representanten Frost Sterri prøvde å gi inntrykk av. Den lyder slik:

Fleirtalet vil be departementet i samråd i Den norske Kyrkja vurdere korleis tradisjonen knytta til Nidaros også kan speglast i form av til dømes plassering av sentrale kyrkjelege organ og møteverksemd i Trondheim.

: