Stortinget - Møte onsdag den 12. februar 1997
Spørsmål 1
Tore A Liltved (H): Jeg tillater meg å stille kommunalministeren følgende spørsmål:
I 1995 uttalte en AP-styringsgruppe på Agder, der blant andre statssekretær Norvald Mo ved statsministerens kontor var med, følgende: « Styringsgruppen skal generere ideer om infrastruktur og næringsutvikling. »
Har Regjeringen på denne bakgrunn fastlagt en særskilt politikk for denne landsdelen?
Statsråd Kjell Opseth: I 1995 sette Arbeidarpartiet i Aust-Agder og Vest-Agder ned ei arbeidsgruppe, kalt Agder i arbeid, for å sjå på situasjonen i Agderfylka. Formålet var å diskutere viktige prioriteringar innan næringslivsutviklingsarbeidet på regionalt plan. Arbeidet var ikkje eit initiativ frå Regjeringas side, men vi er kjende med innhaldet og er positive til alle som tek eit ansvar for næringsutviklinga i sine fylke.
Kommunal- og arbeidsdepartementet følgjer situasjonen i alle fylka, også i Vest-Agder og Aust-Agder.
Fleire kommunar i Agderfylka ligg innafor det distriktspolitiske verkeområdet og nyt m.a. godt av distriktsutviklingstilskot og støtte til kommunale næringsfond. Kommunane Risør og Tvedestrand har fått status som omstillingskommunar på grunn av nedgang i industriarbeidsplassar. Statens industrivekstanlegg har satsa ein god del midlar i etableringa av ein fabrikk for bildelproduksjon på Lista. Etableringa er forventa å gi 250 nye arbeidsplassar i første omgang.
I tillegg til reine distriktspolitiske verkemiddel satsar Regjeringa på ei rekkje tiltak innafor andre sektorar. Høgskolen i Agder er eit døme på denne satsinga.
Agderfylka har ei positiv folketalsutvikling, og både Vest-Agder og Aust-Agder har opplevd folkevekst i perioden 1986-1996. Vest-Agder og Aust-Agder har hatt ei positiv sysselsetjingsutvikling, arbeidsløysa er på nivå med landsgjennomsnittet. Frå 1994-1996 har Aust-Agder hatt ein nedgang i arbeidsløysa på 419 personar, og Vest-Agder har hatt ein nedgang på 713 personar. Desse tala utgjer ein nedgang i arbeidsløysa på 1,2 % i begge fylka.
Regjeringa har ikkje ein særskild politikk for denne landsdelen, men landsdelen har - som andre område i Noreg - note godt av den allmenne økonomiske politikken som er ført. Døma ovafor viser at Regjeringa følgjer nøye med i utviklinga og set inn nødvendige tiltak i området. Om kort tid blir det lagt fram ei stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken. Der blir det gjort nærare greie for dei regionale forholda. Eg reknar også med at fylkespolitikarane tek opp til vurdering dei forslaga som har kome fram i rapporten « Agder i arbeid », slik at forslaga kan fungere som innspel i fylkesplanarbeidet.
Tore A Liltved (H): Dette var jo ganske generell politikk, og det er grunn til å stille spørsmål om Agder er Arbeiderpartiets glemte landsdel.
Jagland har varslet et uttall tiltak for Finnmark, men han hadde ikke et eneste positivt politisk signal da Ericsson AS varslet flytting fra Arendal. Mens samferdselsminister Opseth bygde tunneler, veier og bruer på Vestlandet, ble landets dårligste stamvei - E18 gjennom Agder - tilgodesett med smuler. Mens Gardermoen blir utbygd og Scan Link kommer på plass, kan samferdselsminister Sissel Rønbeck ikke love noen satsing på Nordic Link, som er livsviktig for utviklingen for hele Sør-Vestlandet. Det vi får, er flypassasjeravgifter.
Jeg spør statsråden: Finnes det i det hele tatt noen vilje i Regjeringen til å satse på Agderfylkene, og kan Opseth være konkret og nevne noen kortsiktige eller langsiktige tiltak Regjeringen har planer om?
Statsråd Kjell Opseth: Eg vil berre syne til mitt hovudsvar, der eg var inne på fleire tiltak som Regjeringa har vore aktiv medverkar for å få på plass i desse to fylka. Det å påstå at Aust-Agder og Vest-Agder ikkje er med når Regjeringa drøfter tiltak i ulike landsdelar, er det som vi på våre kantar kallar skivebom. Men i desse dagar når valkampen nærmar seg med stor styrke, er det heilt tydeleg at det frå alle politiske parti er nødvendig å gripe til både rett og urett for å drive politisk verksemd. Litt større saklegheit i argumentasjonen trur eg hadde tent det politiske arbeidet, og ikkje minst respekten for politikarar.
Tore A Liltved (H): Dette var et underlig svar, som viser at statsråden mangler argumenter fullstendig. Å snakke om valgkamp og behovet for å stille spørsmål på det grunnlaget, sier litt om sakligheten ikke hos meg, men hos statsråd Opseth. Jeg vil si at her var det ingen konkrete eksempler. Det statsråden nevnte, var generell politikk, som er vel og bra - det er faktisk veldig bra at en har en god generell politikk, det vil Høyre også gjerne - men konkrete tiltak var det fullstendig mangel på. Ikke et ord om Nordic Link, ikke et ord om passasjeravgifter og nedtrapping - ingen ting som kan hjelpe Aust-Agder og Vest-Agder.
Statsråd Kjell Opseth: Eg skjønar det er Nordic Link og passasjeravgifta som er alfa og omega for Aust- og Vest-Agder.
Eg vil berre syne til det eg sa i mitt hovudsvar, at kommunane Risør og Tvedestrand har fått status som omstillingskommunar på grunn av nedgang i industriarbeidsplassar. Eg nemnde også tiltaket på Lista, som i første omgang vil skape 250 nye arbeidsplassar, og eg nemnde høgskulen for Agder. Så det er ikkje mangel på døme der Regjeringa har vore inne. Men representanten Liltved kan sjølvsagt meine det er for lite, og at Nordic Link og passasjeravgifter er det viktigaste verkemiddelet for desse to fylka. Ærleg talt trur eg ikkje det, eg trur det er langt andre verkemiddel som er minst like viktige, sjølv om kommunikasjonarmot Europa er viktig også for Agder og den vestlege delen av Noreg elles. Men dei spørsmåla bør representanten Liltved stille til samferdselsministeren.